Laura Dahlmeier
Laura Dahlmeier (fødd 22. august 1993) er ein tysk skiskyttar frå Garmisch-Partenkirchen som har vunne både gull, sølv og bronse i VM 2015 og 2016, samt seks renn i verdscupen i skiskyting.
Laura Dahlmeier | |
![]() | |
Fødd | 22. august 1993 (27 år) Garmisch-Partenkirchen |
Yrke | tollar, skiskyttar |
Laura Dahlmeier på Commons |
AktivEndra
Dahlmeier debuterte i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn då ho sigra i 7,5 km i Nové Město na Moravě 7. februar 2015 og har pr 1. mars 2016 vunne i alt seks tevlingar i verdscupen, tre av dei i jaktstart.
Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti kom ho på fjerdeplassen i sprinten og tok sølvmedaljen i den etterfylgjande jaktstarten. Sidan vart ho nummer seks i 15 km og gjekk så Tysklad inn til gullmedalje i 4 x 6 km stafett. Året etter tok ho bronsemedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Laura Dahlmeier» frå Wikipedia på tysk, den 6. mars 2016.