Laura Marie Marano[1] (fødd 29. november 1995) er ein amerikansk skodespelar og songar. Ho er best kjend for rolla si som Ally Dawson i Disney Channel-serien Austin & Ally.[2] Ho hadde òg ei rolle i Without A Trace, der ho spelte dottera til hovudrolla. Marano har hovudrolla i indiefilmen A Sort Of Homecoming.[3] I 2015 hadde ho hovudrolla i Disney-filmen Bad Hair Day. Rollefiguren hennar heitte Monica Reeves, og ein av motspelarane i filmen var Leigh-Allyn Baker.[4]

Laura Marano

Fødd29. november 1995 (28 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnLaura Marie Marano
Aktive år2003–
Verka somfilmskodespelar, skodespelar, Føresongar, songar, stemmeskodespelar, dansar, fjernsynsskodespelar, komponist

Marano vart fødd i Los Angeles i California. Ho er dotter av Damiano og Ellen Marano.[5] Den eldre systera hennar, Vanessa, er òg skodespelar. Faren Damiano har italienske røter.[6] Marano har kombinert filmrollene med skulearbeid, og var på skulen to dagar i veka. I eit intervju har ho opplyst at «eg går på ein offentleg vidaregåande skule, og venene mina og alle der har vore veldig støttande. Det er fint å ha nokon så støttande rundt meg når eg ikkje jobbar, sjølv om venene mine på settet er heilt fantastiske.»[7]

Karriere endre

Skodespelar endre

Marano fekk det fyrste skodespelaroppdraget sitt då ho var fem år gammal.[8] Sidan har ho jobba med fleire produksjonar for Stage Door Theater i California. Ho har vore med i fleire reklamar, og har hatt mindre roller i TV-seriar som Ghost Whisperer og Medical Investigation. Ho har òg dubba i animasjonsfilmar som Nemo og Ice Age. I filmen The Jacket, der Keira Knightley hadde ei av hovudrollene, spelte Marano Knightleys rollefigur som barn. Ho hadde òg ei fast rolle i FOX-serien Are You Smarter Than a 5th Grader?.

Marano var med i fleire episodar av serien The Sarah Silverman Program. I pilotepisoden til serien spelte ho Sarah Silverman som barn. Regissørane likte rolleprestasjonen så godt at dei i ein seinare episode gav ho ei større rolle, som vinnaren av ein venleikskonkurranse. Brian Pohsen, som kommenterte showet i DVD-utgåva, noterte at Marano ofte kunne både sine eigne og replikkane til andre skodespelarar betre enn dei fleste på settet.

I 2011 fekk ho rolla som Ally Dawson i Austin & Ally.

Musikk endre

I 2013 spelte Marano inn fire solosongar og ein duett med Ross Lynch for Austin & Ally: Turn It Up.[9] Songen Me and You hamna på sjetteplass på Billboard-lista.[10] «Redial» låg meir enn fire veker på åttandeplassen på den amerikanske hitlista. Marano spelte òg inn duetten «I Love Christmas» med Ross Lynch for det tredje julealbumet til Disney. Han hamna på femtiandeplass på Billboard si juleliste.[11]

I mars 2015 skreiv Marano platekontrakt med plateselskapet Big Machine Records, og vart dermed den fyrste popartisten til selskapet.[12]

Filmografi endre

Film
År Tittel Rolle Notat
2005 The Jacket Jackie som barn
2006 Ice Age: The Meltdown Forskjellige roller
2007 Goldfish Suzy Kortfilm
Superbad Becca som barn
2015 A Sort of Homecoming Unge Amy
2015 Bad Hair Day Monica Reeves TV-film
2017 Lady Bird Diana Greenway
TV-seriar og andre framferder
År Tittel Rolle Notat
2003–06 Without a Trace Kate Malone birolle (sesong 2–4)
2004 Joan of Arcadia Emily "Night without Stars" (sesong 1, episode 15)
2005 Medical Investigation Brooke Beck "Tribe" (sesong 1, episode 13)
2005–06 The X's Scout Y Hovedrolle; stemme
2006 Ghost Whisperer Audrey "Friendly Neighborhood Ghost" (Sesong 1, Episode 13)
Huff Amelia "Black Shadows" (sesong 2, episode 12)
Dexter Debra som barn "Let's Give the Boy a Hand" (sesong 1, episode 4)

"Father Knows Best" (sesong 1, episode 9)
2007 Are You Smarter Than A Fifth Grader Seg selv/dommer/mentor Sesong 1
2007–08 Back to You Gracie Carr Hovedrolle
2007–10 The Sarah Silverman Program Heather Silverman /

Sarah Silverman som barn
Birolle
2008 Ni Hao, Kai-Lan Mei Mei "Kai-Lan's Trip to China - Part 1" (Sesong 1, Episode 119)

"Kai-Lan's Trip to China - Part 2" (Sesong 1, Episode 120)
Gary Unmarried Louise Brooks "Pilot" (sesong 1, episode 1)
"Gary Gets Boundaries" (sesong 1, episode 2)
2009 Heroes Unge Alice Shaw "1961" (sesong 3, episode 23)
Little Monk Lauren Monk "Little Monk and the Monk Cousin" (sesong 1, episode 5)
2010 True Jackson, VP Molly "Little Buddies" (sesong 2, episode 7)
Telepathic Marsha Usolgt Nickelodeon-pilot
FlashForward Unge Tracy "Blowback" (sesong 1, episode 13)
Children's Hospital Haley "Frankfurthers. Allman Brothers. Death, Frankfurters" (sesong 2, episode 7)
2011–2015 Austin & Ally Ally Dawson Hovedrolle
2012 Austin & Jessie & Ally All Star New Year Spesialepisode
2014 Randy Cunningham: 9th Grade Ninja Rachel Stemme; "True Bromance" (sesong 2, episode 6)

"Let the Wonk One In" (sesong 2, episode 15)
2014 Fish Hooks Jentehamster #2 Stemme; "Algae Day" (sesong 3, episode 14)
Liv and Maddie Fangs "Howl-A-Rooney" (sesong 1, episode 16)

Diskografi endre

Album endre

Liste over album og listedetaljar.
Tittel Album detaljar Listedetaljar
US



[13]
USOST<br id="mwAS8"><br><br><br>



[13]
Austin & Ally: Turn It Up
  • Utgjeve: 17. desember 2013
  • Format: CD, Digital Nedlastning
  • Plateselskap: Walt Disney Records
89 6
Austin & Ally: Take It from the Top
  • Utgjeve: 31. mars, 2015[14]
  • Format: CD, Digital Nedlastning
  • Plateselskap: Walt Disney Records
"—" denotes releases that did nót chart or were nót released in that territory.

Singlar endre

Liste over singel og listedetaljar.
Tittel År Album
Words[15] 2010 N/A
I Love Christmas (med Ross Lynch)



2013 Holidays Unwrapped

Andre framferder endre

Sang År Andre Artister Album
Poop Song 2010 Sarah Silverman From Our Rears to Your Ears[16]
Shine 2012 N/A Disney Fairies: Faith, Trust and Pixie Dust
Me and You 2013 Austin & Ally: Turn It Up
Parachute
Redial
Finally Me
The Me That You Don't See 2014 Disney Channel: Play It Loud
Austin & Ally Glee Club Mash Up Austin & Ally cast
You Can Come to Me Ross Lynch
Can't Do It Without You 2015 Austin & Ally: Take It from the Top[14]
No Place Like Home N/A
Play My Song
Dance Like Nobody's Watching

Musikkvideoer endre

Liste over musikkvideoar, utgivelsedato og regissør
Tittel År Regissør Notater
"Heard It on the Radio" 2012 Matt Stawski[17] Gjesteopptredenen; Ross Lynch's musikkvideo
"The Me That You Don't See"[18] 2013 N/A
"Somebody to You" 2014 Emil Nava[19] Gjesterolle; The Vamps' musikkvideo
"For The Ride"[20] 2015 N/A

Kjelder endre

  1. Unknown (19. november 2013). «'My Favorite Things' with Austin & Allys Laura Marano». Parade så Sebastian Lysebo. Henta 2. februar 2014. 
  2. Erin Hill (19. november 2013). «'My Favorite Things' with Austin & Ally's Laura Marano». Parade. Henta 2. februar 2014. 
  3. Dave McNary (28. januar 2014). «Laura Marano Starring in 'A Sort of Homecoming' (Exclusive)». Variety. Henta 2. februar 2014. 
  4. Variety staff (8. juli 2014). «‘Bad Hair Day’: Laura Marano, Leigh-Allyn Baker to Star in Disney Channel Original Movie». Henta 27. juli 2014. 
  5. Jeffrey Dransfeldt (25. januar 2009). «Agoura Hills sisters are young stars on the rise». Ventura County Star. Arkivert frå originalen 8. november 2013. Henta 7. februar 2013. 
  6. Interview: Laura Marano. «Tommy2.net». Tommy2.net. Henta 20. desember 2013. 
  7. «Laura Marano Goes To A Regular High School». Disney Dreaming. 9. april 2013. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 20. desember 2013. 
  8. «Vanessa & Laura Marano Interview - 2012 Teen Choice Awards». YouTube. clevverTV. 23. juli 2012. Henta 7. februar 2013. 
  9. «Austin & Ally: Turn It Up (Soundtrack from the TV Series)». Itunes. Henta 2. oktober 2014. 
  10. «Artists / Laura Marano - Billboard Chart History». Billboard. Arkivert frå originalen 18. mars 2015. Henta 2. oktober 2014. 
  11. «14. desember 2013 - Holiday Digital Songs». Billboard. 8. september 2012. Arkivert frå originalen 26. november 2015. Henta 13. september 2012. 
  12. Liz Isenberg. «Kids' Choice Awards 2015: Iggy Azalea Begged Producers to Get Slimed». The Hollywood Reporter. Henta 30. mars 2015. 
  13. 13,0 13,1 List of Lynch's albums and singles on Billboard:
  14. 14,0 14,1 «Austin & Ally: Take It from the Top - iTunes». 
  15. «Laura Marano – Words». Discogs. Henta 29. mars 2015. 
  16. «Poop Song [Explicit]». Amazon. Henta 17. oktober 2012. 
  17. «Disney Channel Heads to the Beach with the World Premiere of 'Heard It On the Radio' Music Video, Friday, July 13». TV By The Numbers. Henta 13. juli 2012.  Arkivert kopiWayback Machine.
  18. «Laura Marano - The Me That You Don't See (Offisiell Video)». YouTube. 
  19. «The Vamps - Somebody To You ft. Demi Lovato». YouTube. 
  20. «Laura Marano - For The Ride (From "Bad Hair Day")». YouTube. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Laura Marano