Laurbærtysbast
Laurbærtysbast
Laurbærtysbast
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Tysbastfamilien Thymelaeaceae
Slekt: Tysbastslekta Daphne
Art: Laurbærtysbast D. laureola
Vitskapleg namn
Daphne laureola

Laurbærtysbast (Daphne laureola) er ein eviggrøn busk i tysbastfamilien.

Planten har ein opprett vekst og blir opptil ein meter høg, men er ofte lågare. Blomane er grøngule og duftar sterkt, og bæra er svarte når dei modne. Busken veks i skog, helst på kalkrike stadar.

Den naturlege utbreiinga til laurbærtysbast omfattar Vest- og Sør-Europa, Nord-Afrika og Asorane. Han er vanleg planta i hagar og er naturalisert i Danmark. Utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt kan planten bli til ein invasiv art. Han veks godt i underskog i temperert klima, og kan raskt ta over område, både gjennom frø- og rotspreiing, frå stadeigen vegetasjon. Han er rekna som eit uønskt ugras i delar av USA.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Class B Noxious Weed». Arkivert frå originalen 21. august 2008. Henta 9. september 2008. 

Litteratur endre

  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 244–245. ISBN 82-512-0355-4
  • J. Pedrol. «Daphne laureola».