Laurentia (òg kalla Den nordamerikanske kratonen) er ein kraton som oppstod som eit kontinent som flytta seg rundt på jordoverflata og kolliderte med andre kontinent og reiv seg laus igjen.

Laurentia

Fleire gonger gjennom historia til jorda har Laurentia vore eit eige kontinent og utgjer i dag store delar av Nord-Amerika og Grønland. I tidlegare tider har Laurentia vore del av superkontinent og er kalla opp etter det laurentinske skjoldet, som igjen er kalla opp etter St. Lawrence-elva og som på norsk vert kalla Grunnfjellsskjoldet.

Laurentia oppstod frå fleire orogene belter i tidleg proterozoikum. Små mikrokontinent og havøyar kolliderte med det stadig veksande Laurentia og danna den stabile arkeiske kratonen ein ser i dag.

Kjelder endre