Lauritz Johnson

norsk skribent

Lauritz Jacob Johnson (21. september 19067. februar 1992) var ein norsk programskapar som arbeidde nesten femti år i NRK.[1] Han er særleg kjent for å ha leidd NRK sine radioprogram for barn, først og fremst Lørdagsbarnetimen der han blei kjend som «Onkel Lauritz» på 1950-talet, og for å ha laga program for Barne-TV.

Lauritz Johnson
Fødd 21. september 1906
Færder kommune Sjå dette på Wikidata
Død

7. februar 1992 (85 år)

Yrke skribent, barnebokforfattar
Far Jonathan Johnson Sjå dette på Wikidata
Born Kristin Johnson

Johnson var fødd på Nøtterøy i Vestfold. Han tok juridisk embetseksamen (cand.jur.) i 1930. Han prøvde seg seinare som frilansjournalist og byrja i NRK si foredragsavdeling i 1937. I 1946 blei han leiar av barne- og ungdomsavdelinga i NRK radio der han oppretta Barnetimen. Han knytte òg til seg barnebokforfattarane Anne-Cath. Vestly, Thorbjørn Egner og Alf Prøysen. Sjølv var han programleiar i Lørdagsbarnetimen, ei kulturell storsatsing med høyrespel for barn kvar veke, lyttarkontakt, eige jentekor, guttekor og juniororkester. Dette var eit av dei mest populære radioprogramma til NRK. Frå 1959 til 1974 var Lauritz Johnson programredaktør i fjernsynet og heldt òg sidan fram å laga enkeltprogramm for barn, blant anna saman med Birgit Strøm og fingerdokka hennar, bamsen Teodor, i programserien Så rart.

Johnson skal ha hatt tre «opp-ord» som rettesnor for arbeidet sitt for barn, nemleg «oppleving, opplysning og oppdragelse».

Lauritz Johnson gav ut romanane Mens vi venter (1934) og Verden det er meg (1945), reiseskildringa Bli med til Afrika (1958) og barndomsforteljingane Pannekakelua og andre historier (1968) illustrert av Tønsberg-teiknaren Lars Wangensten-Berge. Biografien Onkel Lauritz er skriven av Øyvind Hartberg (1986)

Lauritz Johnson tilhøyrde ei opphavleg islandsk slekt, Johnson. Han var son av læraren og politikaren Jonathan Johnson og var gift med danskfødde Birte Hauch (1911–2002). Dei fekk fire barn, mellom anna fjernsynskanalverten Kristin Johnson og føretaksrådgjevaren Gisle Espolin Johnson. Blant dei ti barneborna er skodespelaren Jonathan Espolin Johnson.

FilmografiEndra

  • 1928: Bergenstoget plyndret i natt

KjelderEndra