Laurvig Strandværft

Laurvig Strandværft var eit skipsverft som låg i Rekkevik ved Larvikfjorden. Verftet vart grunnlagt av firmaet Knutsen & Herlofsen, som dreiv skipsreiarlag og frakt med skip, saman med Colin Archer. Archer stod for ein tredjedel av kjøpesummen. Knutsen & Herlofsen for resten. Bakgrunnen for etablering av verftet var dei gode konjunkturane innan skipsfart i 1870-åra. Det første fartøyet Archer bygde her var truleg skonnerten «Aries» i 1875. Då Knutsen & Herlofsen gjekk konkurs i 1886, overtok Archer heile verftet. Han bygde skip der til 1897. Då selde han størstedelen av området.

Polarskipet «Fram» vart bygd ved Laurvig Strandværft i 1891-1892. I dag syner ikkje noko att etter verftet.

Kjelder endre

  • Tore Borch Sannes: Colin Archer skipene Bokhandlerforlaget 1978.