Lavangen kyrkje er ei langkyrkje i Lavangen kommune i Troms. Kyrkja vart innvigd 6. oktober 1891 av biskop Johannes N. Skaar. Ho var opphavleg kapell-kyrkje i Ibestad prestegjeld. Etter dette har ho òg vore under Salangen prestegjeld før ho fekk eige prestegjeld/sokn i Lavangen.

Lavangen kyrkje
kyrkje
Foto: Torbjørn S
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Lavangen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Troms
Sokn Lavangen
Fellesråd Lavangen
Periode Sveitser/nygotikk
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 1891
 - Endringar Våpenhus og tårnfot restaurerte etter brann i 1979
Dåpsrom utvida og toalett bygd 6. oktober 1988
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Ja
Altartavle Jesu dåp e. Adolph Tidemand
Sitjeplassar 360
Kart
Lavangen kyrkje
68°46′20″N 17°48′06″E / 68.7721°N 17.8018°E / 68.7721; 17.8018
Wikimedia Commons: Lavangen kirke

Det var byggmeister O. Scheistrøen frå Namsos som bygde kyrkja. Arbeidet tok til våren 1890. Kyrkja er ei lafta tømmerkyrkje. Det vart gjort fleire endringar under bygginga. Mellom anna vart tårnet flytta til enden av kyrkja og ikkje plassert på midten, slik som på teikningane. På grunn av takstein måtte taket ha ein brattare vinkel. Då vart mønet høgare, og dei valde difor òg å byggje tårnet høgare. Kyrkja er godkjend for 360 sitjeplassar.

Kyrkja ligg på ei høgd ved enden av Kirkeveien, nær fylkesveg 84.

Inventar endre

Mykje av inventaret i kyrkja har vorte tilført etter at kyrkja vart innvigd. Ei stor mengde av inventar er gjeven i gåver eller pengar som er donert.

Altartavla endre

Altartavla har ein kopi frå 1903 av Adolph Tidemand sitt bilete Jesu dåp frå Treeiningskyrkja i Oslo.

Preikestolen endre

Utsmykkinga av preikestolen med dei fire evangelistane er utført av kunstnaren Karl Erik Harr i 2005 og gjeven som gåve til Lavangen kyrkje som eit minne om mormora hans, som kom frå Lavangsnes.

Orgelet endre

I 1907 vart det gamle orgelet til Ibestad kyrkje teke i bruk. Dette vart reparert med pengar frå Ibestad Sparebank, kommunen og Aa-Soløy kvinneforening. Dagens orgel vart teke i bruk 1. desember 1946. Det var opphavleg bygd til Melhus kyrkje i 1892 av firmaet August Nielsen. Orgelet har 17 register, to manual og pedal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre