Layla
Singel av Derek and the Dominos
frå albumet Layla and Other Assorted Love Songs
Språk engelsk
Utgjeve Opphavleg 1970, som singel i 1971 og 1972
Innspelt Criteria Studios, Miami, august–september 1970
Sjanger Bluesrock
Lengd 7:02 – 7:11
2:43 (singel)
Selskap Atco (US), RSO, Polydor
Komponist Eric Clapton, Jim Gordon
Tekstforfattar Eric Clapton, Jim Gordon
Låtskrivar(ar) Eric Clapton/Jim Gordon
Produsent Tom Dowd, Derek and the Dominos
Kritikk

«Layla» er ein song av bluesrockbandet Derek and the Dominos frå albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970. Det vert rekna som ein av dei definitive kjærleikssongane i rocken,[1] med eit umiskjenneleg gitarriff av Eric Clapton og Duane Allman, og ein pianoavslutning som utgjer den andre halvdelen av songen. Dei to delane av songane vart skriven av respektive Clapton og Jim Gordon.

Clapton var inspirert av den då ugjengjeldte kjærleiken han hadde for Pattie Boyd, kona til venen og musikaren George Harrison. «Layla» var ikkje ein suksess då han først kom ut.[2] Songen har sidan fått særs god kritikk og vorte særs populær. Han vert stundom trekt fram som ein av dei største rockesongane gjennom tidene. To versjonar av songen har vorte hittar, først originalen i 1972, og 20 år seinare den akustiske «Unplugged»-utgåva. I 2004 vart songen rangert på 27. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Den akustiske versjonen vann Grammyprisen for beste rockesong i 1993.

Bakgrunn endre

I 1966 gifta George Harrison seg med Pattie Boyd, ein modell han møtte under filminga av A Hard Day's Night. Mot slutten av 1960-åra vart Harrison og Clapton nære vener. Clapton medverka med gitar på Harrison-songen «While My Gitar Gently Weeps» på The Beatles sitt White Album, men vart ikkje tilskriven for dette på omslaget, og Harrison var med å skreiv og spelte gitar (under psevdonymet L'Angelo Misterioso) på Cream-songen «Badge» frå Goodbye. Men Clapton vart forelska i Boyd kring 1970[3]

Tittelen «Layla» var inspirert av The Story of Layla / Layla and Majnun (ليلى ومجنون), av den persiske diktaren Nizami Ganjavi frå Seldsjukk-riket på 1100-talet.[4] Det er basert på ei sann soge om den unge Qays ibn al-Mulawwah (arabisk قيس بن الملوح‎) frå det nordlege Arabia. Clapton hadde fått fortalt soga av venen Ian Dallas[3] som var i ferd med å konvertere til islam. Soga til Nizami, om måneprinsessa som vart gift bort av faren til ein annan enn den som var desperat forelska i ho, førte til at Majnun vart galen. Dette rørte ved Clapton.[5]

I følgje Boyd spelte Clapton songen for ho på ein fest, og seinare same kveld innrømde han overfor Harrison at han var forelska i kona hans. Ingen vart derimot opprørte av dei tre, og Pattie og George vart verande gifte i fleire år til, og Harrison og Clapton vart verande gode vener utan skade skjedd.

Boyd skilde seg frå Harrison i 1974 og gifte seg med Clapton i 1979. Harrison var ikkje bitter på skilsmissa og deltok på bryllaupsfesten til Clapton og Boyd i lag med Ringo Starr og Paul McCartney. I løpet av forholdet skreiv Clapton ein annan kjærleiksballade for ho, «Wonderful Tonight». Clapton og Boyd vart skilde i 1989 etter å ha vore separerte i fleire år.

Låtskriving og innspeling endre

Etter å ha brote med Cream prøvde Clapton å starte fleire band, mellom andre Blind Faith og han spelte med Delaney and Bonnie. Etter at fleire av musikarane som spelte med sistnemnde slutta, vart dei kontakta av Clapton og han starta eit nytt band i lag med dei, Derek and the Dominos.[6] I løpet av 1970 vart Clapton godt kjend med Duane Allman, som deltok på innspelinga av det første albumet til bandet, som gjesteartist.

Clapton skreiv opphavleg «Layla» som ein ballade, men songen vart raskt ein rockelåt då Allman visstnok hjelpte til med å komponerte hovudriffet i songen.[7] Med bandet samla og Tom Dowd ved spakane, vart «Layla» spelt inn. Innspelinga bestod av seks gitarspor, ein rytme gitar av Clapton, tre spor med harmoniar spelt av Clapton mot hovudriffet, eit spor med slidegitar av Allman, og eit spor med både Allman og Clapton på soloar.[7][8]

Kort tid etter kom Clapton til studioet og høyrte Gordon spele eit pianostykke han hadde komponert heilt på sida av. Clapton likte stykket og overbeviste Gordon å få nytte det i lag med songen.[6] Den andre delen av «Layla» vart spelt inn om lag ei veke etter at den første delen var ferdig, med Gordon på piano, Clapton på akustisk gitar og slidegitar, og Allman på både elektrisk og slidegitar.[7][8]

Medverkande endre

Utgjeving endre

Layla and Other Assorted Love Songs selde lunkent i starten, og nådde til dømes aldri albumlista i Storbritannia, kanskje fordi namnet til Clapton var lite synleg på omslaget.I tillegg var songen for lang for å spelast på radio.[2] Ei kortare utgåve, korta ned til 2:43, vart gjeven ut på singel i mars 1971 av Atco (U.S.). Han nådde då berre 51. plass på singellista.

Layla
Singel av Eric Clapton
frå albumet Unplugged
Språk engelsk
Utgjeve 1992
Innspelt Bray Studios, Bray i Berkshire 16. januar 1992
Sjanger Akustisk rock, bluesrock
Lengd 4:46
Selskap Reprise
Komponist Eric Clapton, Jim Gordon
Tekstforfattar Eric Clapton, Jim Gordon
Produsent Russ Titelman
Kritikk

Då «Layla» vart gjeven ut på ny på samlealbumet The History of Eric Clapton i 1972 og så på ny som singel, nådde han 7. plass i Storbritannia og 10. plass i USA. I 1982 vart «Layla» igjen gjeven ut på singel i Storbritannia og nådde då 4. plass.

Kritikarane har sidan den gong vore særs positive. Dave Marsh, i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, skreiv at «det er eit par augneblink i rockehistoria der songaren eller låtskrivaren har nådd så djupt inn i seg sjølv at effekten av høyre dei er det same som å vere vitne til eit mord eller sjølvmord ... for meg er 'Layla' den største av desse.»[2] Marsh plasserte «Layla» på 156. plass på lista si i The heart of rock & soul: the 1001 greatest singles ever made.[9]

I mai 1980 vart songen spelt av London Symphony Orchestra, utan tekst.[10] Ei liknande utgåve vart òg spelt av Royal Philharmonic Orchestra.[11]

I 1992 vart Clapton invitert til å spele i serien MTV Unplugged. Albumet som følgde, Unplugged, inneheld fleire bluesstandarar og den nye songen hans «Tears in Heaven». Han inneheld og ei akustisk utgåve av «Layla». Det nye arrangementet var langsamare og det originale riffet var omarbeidd.[1] Denne versjonen nådde 12. plass på den amerikanske singellista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. I 1992 vann han Grammyprisen for beste rockesong, og slo mellom anna «Smells Like Teen Spirit» av Nirvana, ein av dei ti største overraskingane i historia til Grammy i følgje Entertainment Weekly.[12]

I 2003 byrja The Allman Brothers Band å spele songen på konsertane sine.

Medverkande på Unplugged-utgåva endre

Ettermæle endre

Seint i 1980-åra og tidleg i 1990-åra hadde songen vorte eit ikon og finst på mange «beste gjennom tidene»-lister. Songen vart vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av dei 500 songane som forma rock and roll og Rolling Stone rangerte songen på 27. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[13] «Layla» vart rangert på 16. plass av VH1 då dei kåra dei 100 beste rockesongane, medan gitarosoloane til Clapton og Allman av Guitar World vart kåra til den 14. beste gitarsoloen gjennom tidene. Det kjende gitarriffet vart nytta i ei rekkje fjernsynsreklamar i Storbritannia for Vauxhall-bilar, medan den lange pianoavslutninga vart nytta i Martin Scorsese-filmen Goodfellas.

Det er ikkje så mange som har spelt songen, mellom andre John Fahey i 1984, Larry Carlton og Michael Angelo Batio.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Layla». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 14. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Paul Gambaccini et al. Derek and the Dominoes (sic) - Layla and Other Assorted Love Songs. Henta 14. mars 2011.
  3. 3,0 3,1 Clapton, Eric. Clapton: The Autobiography. 2007: Broadway Books, New York.
  4. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/413374/Nezami
  5. Patterson, Jean. "Crazy About "Layla":Eric Clapton Song Inspired by Nizami, 12th century Azerbaijani Poet". 1998, Azerbaijan International. Henta 14. mars 2011.
  6. 6,0 6,1 Williamson, Nigel. Derek and The Dominos - Layla & Other Assorted... Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Henta 14. mars 2011.
  7. 7,0 7,1 7,2 «100 Greatest Guitar Solos: 14.) Layla (Eric Clapton, Duane Allman)». Guitar World. 28 October 2008. Henta 15 September 2009. 
  8. 8,0 8,1 Original Criteria studio Track Identification Chart
  9. Marsh, Dave (1999). The heart of rock & soul: the 1001 greatest singles ever made. DaCapo Press. s. 109–10. ISBN 978-0-306-80901-9. [daud lenkje]
  10. [1]
  11. http://www.youtube.com/watch?v=KYihP5qQ04A&feature=related
  12. Endelman, Michael (2007). «Grammy's 10 Biggest Upsets». EW.com (http).  More than one of |nettstad= og |work= specified (hjelp); |access-date= requires |url= (hjelp)
  13. The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time. Henta 14. mars 2011 Arkivert 2008-06-22 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre