Le monde diplomatique Norden

(Omdirigert frå Le monde Norden)

Le monde diplomatique Norden (LMD) er ei norsk-dansk utgåve av den franske månadsavisa med same namn. Avisa har norsk (bokmål) som hovudspråk, og er rekna som radikal og anti-amerikansk. Ho er kjend for lange og djuptgåande artiklar innan emne som til dømes filosofi, politikk, kultur og media, men driv ikkje med dagsaktuell nyhendeformidling.

Le monde diplomatique Norden
TypeMånadsavis
FormatBerliner
Første trykkApril 2003
SpråkBokmål og dansk
(hovudsakleg bokmål)
Eigarskap?
PostnummerPB 2034 Vika,
0125
StadOslo
Ansvarleg redaktørTruls Lie  (2006)
NettstadDiplo.no

Hovudsakleg inneheld avisa omsette artiklar frå franske Le monde diplomatique, men ein tredel av stoffet skal vere eigenprodusert av den norsk-danske redaksjonen.

Avisa vert distribuert i Noreg, Danmark og Sverige. Nordmannen Truls Lie har vore ansvarleg redaktør for avisa sidan den nordiske utgåva kom ut første gongen i april 2003. I 2006 skapte avisa kontroversar ved at akademikaren Emil André Røyrvik fekk publisere fleire artiklar som støtta konspirasjonsteoriar kring 11. september-åtaket.

I tillegg til å verte seld i laussal, får abbonentar av avisa Klassekampen avisa som vedlegg kvar månad (2006). Tidlegare har LMD hatt same avtalen med Morgenbladet.

Avisa har 45 systerpublikasjonar på skilde stader i verda, og av dei er den franske «moderavisa» Le monde diplomatique mest kjend.

Lenkjer ut/Kjelder endre