Lecco

kommune i Italia

Lecco er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecco i regionen Lombardia og har om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 50 km nord for Milano i enden av den søraustlege greina av Comosjøen. Foten av Alpane stig opp i nord og aust og Valsassina strekkjer seg gjennom dei og sørover mot Lecco.

Lecco
Horisonten til Lecco
Horisonten til Lecco
Plassering
Lecco is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Lecco
Geografi
Flatevidd
 - By

45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

47 006
  1011/km²
Koordinatar 45°51′N 9°24′E / 45.850°N 9.400°E / 45.850; 9.400
Høgd over havet 214 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 23900
Telefon-retningsnummer 0341
Nettstad: www.comune.lecco.it

Elva Adda renn ut frå Comosjøen ved Lecco og det er bygd tre bruer over elva her: Azzone Visconti-brua (1336-1338), Kennedybrua (1956) og Alessandro Manzoni-brua (1985).

Hovudnæringa i byen var tidlegare basert på industri (jernframstilling).

Historie endre

 
Piazza XX Settembre i sentrum av Lecco med San Martino-fjella i bakgrunnen.

Ein har arkeologiske spor etter keltiske busetjingar i området før romarane kom til området. Romarane bygde ei castrum her og gjorde han til eit viktig trafikknutepunkt. Etter Vestromarriket sitt fall erobra langobardar byen på 500-talet og dei vart ettefulgt av frankarar, som gjorde Lecco til sete i eit grevskap og seinare i eit grenseland.

Keisar Otto I var lenge i Lecco og slo ned på opprøret leia av grev Attone i Lecco mot Det tysk-romerske riket i 964. Seinare kom byen inn under klosteret St. Ambrose i Milano. Konrad II heldt seg òg ein del av i Lecco i forøk på å frigjere han frå kyrkja, men som følgje av krigen vart byen underlagt Milano. Frå her følgjer byen histora til Hertugdømet Milano og Lombardia. Tidleg på 1500-talet var han ei kort stund styrt av condottiere Gian Giacomo Medici.

Under den andre verdskrigen vart han eit viktig senter for partisankrigen mot dei tyske okkupantane.

 
Lecco og Leccogreinga av Comosjøen sett frå Piansciresasletta på Monte Barro.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lecco