Led Zeppelin IV
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971 på forskjellige stader
Sjanger
Lengd 42:25
Selskap Atlantic
Produsent Jimmy Page
Kritikk
Led Zeppelin-kronologi 
Led Zeppelin III
(1970)
Led Zeppelin IV Houses of the Holy
(1973)


Det fjerde albumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin kom ut 8. november 1971. Det finst ingen tittel på omslaget, så det vert som regel kalla Led Zeppelin IV, etter namnestandarden på dei tre første studioalbuma. Andre alternative namn er dei fire symbola på sjølve plata, Four Symbols, The Fourth Album (desse to titlane har vorte nytta av Atlantic Records), Untitled, The Runes, ZoSo og The Hermit. Zoso er òg eit kallenamn på gitaristen i bandet, Jimmy Page.

Då det kom ut var Led Zeppelin IV ein kommersiell suksess som fekk god kritikk. Albumet er ei av dei bestseljande nokon gong med 32 millionar selde eksemplar.[9] Det er seld 23 millionar eksemplar berre i USA, og er det tredje mest selde albumet i landet.[10] I 2003 vart albumet rangert på 66. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innspelinga endre

Albumet vart opphavleg spelt inn i det nye studioet til Island Records, Basing Street Studios i London, samstundes som Jethro Tull spelte inn Aqualung i desember 1970.[11] Etter forslag frå Fleetwood Mac,[12] flytta bandet så til Headley Grange, eit avsidesliggande viktoriansk hus i East Hampshire i England, for å gjere ytterlegare innspelingar. Her nytta dei Rolling Stones Mobile Studio. Gitarist Jimmy Page sa seinare, «me trengde omgjevnader der me kunne ta oss ein kopp te og gå rundt i hagen og så gå inn og gjere det me måtte gjere.».[13] Den avslappande atmosfæren i Headley Grange gav bandet òg andre fordelar. Dette vart seinare forklart av Dave Lewis, «ved å flytte til Headley Grange under innspelingsperioden, vart mange av songane på albumet laga der og då og så fanga på lydband nesten samstundes»[13]

Så snart grunnspora var spelte inn, gjorde bandet seinare ytterlegare opptak i Island Studios, og så tok dei dei ferdige masterteipane til Sunset Sound i Los Angeles for å mikse dei. Dei vart derimot ikkje nøgde med miksen og det førte til at albumet vart utsett. Ytterlegare miksing vart gjort i London og albumet vart utsett fleire månader.[13]

Tre andre songar frå innspelinga, «Down by the Seaside», «Night Flight» og «Boogie With Stu» (med Rolling Stones-samarbeider Ian Stewart på piano) kom ikkje med på albumet, men vart alle gjevne ut fire år seinare på dobbeltalbumet Physical Graffiti.

Albumtittelen endre

Etter den lunkne, om ikkje forvirrande og stundom avskrivande, kritiske reaksjonen på Led Zeppelin III seint i 1970, bestemte Page at det neste Led Zeppelin-albumet ikkje skulle ha noko tittel, men berre fire handteikna symbol på innsida av omslaget på og på plateetiketten, eit symbol for kvart av dei fire medlemmane.[12] «Me bestemte oss for at på det fjerde albumet, så skulle me ikkje nytte bandnamnet, og heller ikkje noko anna informasjon på utsida av omslaget», forklarte Page. «Namn, titlar og ting som det betyr ingenting.»[14]

Page har òg sagt at avgjersla om å gje ut albumet utan skriftleg informasjon på omslaget vart sterkt imot råda han fekk av presseagenten, som sa at etter eitt år utan albumutgjevingar og konsertar, så ville dette vere det same som «profesjonelt sjølvmord».[15] Page forklarte: «Me hadde berre stor tiltru til det me dreiv på med.»[15] I eit intervju med The Times i 2010, utdjupa han dette:

« Det var ikkje lett. Plateselskapet insisterte at me skulle ha namn på det. Dei himla med augene. Det vart indikert at det var profesjonelt sjølvmord å gje ut albumet utan tittel. Røyndomen var at me hadde fått mykje skarp kritikk av albuma våre til då. Då det kom ut var det vanskeleg for kritikarane å kome overeins med det som var der, utan å referere til tidlegare album. Men haldninga til bandet oppsummerte der me var på denne tida. Eit album utan tittel slo meg som det beste svart til alle kritikarane — fordi me visste korleis musikken vart motteken av både salstala og publikumsoppmøtet på konsertane.[16] »

Sidan albumet ikkje hadde ein offisiell tittel, distribuerte Atlantic Records først dei grafiske symbola i mange storleikar som pressa kunne bruke i lister og i artiklane sine. Albumet var eit av dei første som vart laga utan vanleg identifikasjon, og dette kommuniserte ut ei anti-kommersiell stilling som var kontroversiell på denne tida (særleg hos enkelte leiarar i Atlantic Records).

Ideen om at kvart bandmedlem skulle ha sitt eige personlege emblem på omslaget var Page sin ide.[15] I eit intervju i 1977 sa han:

Etter all denne driten me hadde hatt med kritikarane, sa eg til alle at det var ein god ide å sette på noko som var heilt anonymt. Først ønskte eg berre eit symbol på det, men så var det avgjort at sidan det var det fjerde albumet og det var fire av oss, så kunne me ha eitt symbol kvar. Eg utforma mitt sjølv og dei andre hadde sine årsaker til å skape symbola dei hadde.[15]

Det er òg eit femte, mindre symbol valt ut av gjestevokalist Sandy Denny som representerte bidraget hennar til songen «The Battle of Evermore». Det finst i lista over medverkande på innsida av omslaget.

Plateomslaget endre

Oljemåleriet frå 1800-talet på omslaget vart kjøpt frå ein antikvitetshandlar i Reading i Berkshire av Robert Plant.[12][13][17] Måleriet vart så hengt opp på eit delvis øydelagd hus for biletet på omslaget.

Omslaget for IV var eit av ti som Royal Mail valde ut for «klassisk plateomslag»-frimerke i januar 2010.[18]

Utgjeving og mottaking endre

Albumet kom ut 8. november 1971. Som ein del av marknadsføringa av albumet vart fleire reklamar nytta der kvart symbol vart sett ut i musikkpressa.[13]

Albumet selde massivt heilt frå starten av og gjekk inn på den britiske lista på førsteplassen og låg på lista i 62 veker.[13] I USA låg det lengre enn noko anna Led Zeppelin-album på lista og vart det bestseljande albumet i USA som aldri nådde toppen av lista (det nådde andreplassen).[13] «Til sjuande og sist», skriv Lewis, «vart det fjerde Zeppelin-albumet det mestseljande albumet i katalogen deira og det mest kritikarroste i heile karrieren.»[13]

Lovord endre

I 1998 stemnde lesarane av Q magazine Led Zeppelin IV til det 26. beste albumet gjennom tidene. I 2000 plasserte Q det igjen på 26. plass på lista over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2003 vart det rangert på 66. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Pitchfork Media rangerte det på 7. plass på lista deira over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.

I 2006 vart det rangert som det beste britiske albumet nokon gong av Classic Rock, og same året kåra lesarane av Guitar World albumet til det beste gjenonm tidene.

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Mojo Storbritannia "The 100 Greatest Albums Ever Made"[19] 1996 24
Grammy Awards USA Grammy Hall of Fame Award 1999 *
The Guitar USA "Album of the Millenium"[20] 1999 2
Classic Rock Storbritannia "100 Greatest Rock Albums Ever"[21] 2001 1
Rolling Stone USA "500 Greatest Albums Ever"[22] 2003 66
Pitchfork Media USA "Top 100 Albums of the 1970s"[23] 2004 7
Q Storbritannia "The Greatest Classic Rock Albums Ever"[24] 2004 *
Robert Dimery USA 1001 Albums You Must Hear Before You Die[25] 2005 *
Q Storbritannia "100 Best Albums Ever"[26] 2006 21
Classic Rock Storbritannia "100 Greatest British Rock Album Ever"[27] 2006 1
Rock and Roll Hall of Fame USA "The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time" 2007 4

(*) uordna liste.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Black Dog»Jimmy Page, Robert Plant, John Paul Jones4:54
2.«Rock and Roll»Page, Plant, Jones, John Bonham3:40
3.«The Battle of Evermore»Page, Plant5:51
4.«Stairway to Heaven»Page, Plant8:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Misty Mountain Hop»Page, Plant, Jones4:38
2.«Four Sticks»Page, Plant4:44
3.«Going to California»Page, Plant3:31
4.«When the Levee Breaks»Memphis Minnie, Page, Plant, Jones, Bonham7:07

Albumlister endre

Album
Liste (1971–1972) Topplassering
Den japanske albumlista[28] 2
Den norske VG-lista[29] 3
Den britiske albumlista[30] 1
US Billboard 200 2
Den tyske albumlista 9
Den franske albumlista[31] 2
US Cash Box Top 100 Albums 1
US Record World Top Pop Albums 1
Kanadiske RPM 100 Albums[32] 1
Den spanske albumlista[33] 8
Australske Go-Set Top 20 Albums[34] 2

Medverkande endre

Led Zeppelin
Andre musikarar

Kjelder endre

  1. Billboard Review
  2. Q Review, arkivert frå originalen 25. februar 2012, henta 25. mars 2011 
  3. Allmusic Review
  4. Entertainment Weekly Review
  5. Robert Christgau Review
  6. Rolling Stone Review, arkivert frå originalen 1. mars 2014, henta 25. mars 2011 
  7. BBC Review
  8. Sputnikmusic Review
  9. «Led Zeppelin's 1971 Fourth Album Cover Featured in new Royal Mail UK Stamp Collection». ledzeppelin.com. 8. januar 2010. Henta 25. mars 2011. 
  10. «Top 100 Albums». RIAA. Henta 25. mars 2011. 
  11. «Their Time is Gonna Come». Classic Rock Magazine. Desember 2007. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Michael Leonard, "Heaven Sent", Q Led Zeppelin Special Edition, 2003.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  14. Adams, Cecil. «What Do the Four Symbols on Led Zeppelin's 4th Album Mean?». straightdope.com. Henta 25. mars 2011. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, October 1977.
  16. James Jackson, "Jimmy Page on Led Zeppelin IV, the band's peak and their reunion, The Times, 8. januar 2010 .
  17. Tolinski, Brad; Di Bendetto, Greg (January 1998). «Light and Shade». Guitar World. 
  18. Michaels, Sean (8. januar 2010). «Coldplay album gets stamp of approval from Royal Mail». The Guardian (London). Henta 25. mars 2011. 
  19. «The 100 Greatest Albums Ever Made — January 1996». Mojo. Henta 25. mars 2011. 
  20. «Album of the Millenium — December 1999». The Guitar. Henta 25. mars 2011. 
  21. «Classic Rock - 100 Greatest Rock Albums Ever December 2001». Classic Rock. Henta 25. mars 2011. 
  22. 500 Greatest Albums | Rolling Stone Music | Lists
  23. «Pitchfork — Top 100 Albums of the 1970s». Pitchfork. Henta 25. mars 2011. 
  24. «The Greatest Classic Rock Albums Ever October 2004». Q. Henta 25. mars 2011. 
  25. Dimery, Robert - 1001 Albums You Must Hear Before You Die; s. 856
  26. «100 Greatest Albums Ever — February 2006». Q. Henta 25. mars 2011. 
  27. «Classic Rock - 100 Greatest British Rock Albums Ever — April 2006». Classic Rock. Henta 25. mars 2011. 
  28. «Top 100 Albums - 8 November 1971». Oricon. Henta 25. mars 2011. 
  29. «Top 20 Albums - 28 November 1971». norwegiancharts.com. Henta 25. mars 2011. 
  30. «Top 100 Albums - 4 December 1971». chartstats.com. Arkivert frå originalen 9. desember 2012. Henta 25. mars 2011. 
  31. «Top 100 Albums - 1971». infodisc.fr. Henta 25. mars 2011. 
  32. «RPM Albums Chart - 8 January 1972». RPM. Henta 25. mars 2011. 
  33. «Top 100 Albums - 5 February 1972». PROMUSICAE. Henta 25. mars 2011. 
  34. «Top 20 Albums - 11 March 1972». Go Set. Arkivert frå originalen 11. oktober 2008. Henta 25. mars 2011.