Legendeeventyr

Legendeeventyr eller religiøse eventyr er ei form for eventyr som minner om legender, men gjerne er mindre alvorlege enn desse.[1] Eventyra handlar om namngjevne personar, til dømes om gudar eller helgenar, og har ofte eit tydeleg religiøst innhald. Legendeeventyr har Aarne-Thompson-nummer 750–849.[2]

Illustrasjon av Theodor Kittelsen til folkeventyret «Gjertrudsfuglen»

Personar som kan opptre i kristne legendeeventyr er Jesus, Vårherre, apostelen Peter og jomfru Maria i møte med ulike menneske. Det finst likande eventyr om heidenske gudar frå til dømes gresk og norrøn tradisjon.[2]

Nokre døme på legendeeventyr er «Gjertrudsfuglen» (AT 751A), «Evas ulike barn» (AT 758) om opphavet til dei underjordiske, og «Fandens sju spørsmål» (AT 812).[2]

KjelderEndra

  1. «Eventyret som genre», stud.hsh.no, henta 16. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Legendeeventyr (AT 750 - AT 849)», www.hf.uio.no (på norsk) (Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO), henta 16. januar 2019 
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.