Leif Gunnar Larssen Midthaug (27. september 189715. mars 1957) var ein norsk historikar frå Søndre Land i Oppland.

Leif Midthaug
Fødd 27. september 1897
Søndre Land kommune
Død

1957 (59 år)

Yrke historikar

Midthaug var son til ein skogsarbeidar på Fluberg i Søndre Land. Sjølv fekk han seg arbeid i Statsarkivet på Hamar, der han var assistent frå 1917 til han i 1939 vart fullmektig ved institusjonen.

Midthaug var både rådgjevar og medarbeidar til fleire bygdebøker i Oppland og Hedmark, mellom anna for Toten og Furnes. Han skreiv gards- og ættesoge for Valdres og ei mengd artiklar med lokalhistorie som tema.

Midthaug var styremedlem i Opland Historielag, Hedmark Historielag og Hedmark Slektshistorielag.

Kjelder endre