Leirvik i Hyllestad

bygd i Hyllestad kommune

Leirvik er ein busetnad i Hyllestad kommune i Vestland fylke. Han ligg innerst i Bøfjorden som er ein fjordarm på nordsida av den ytre delen av Sognefjorden. Avstand til næraste busetnad Hyllestad er ca. 9 km. Avstand til næraste hovudveg, E39, er ca 20 km og startar ved ferjeleiet i Lavik.

Leirvik i Hyllestad
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Kart
Leirvik
61°08′12″N 5°20′50″E / 61.1367°N 5.34722°E / 61.1367; 5.34722

Næringsliv endre

Verftet Havyard Ship Technology ligg 3 km frå Leirvik sentrum og er rekna som ei hjørnesteinsverksemd i Leirvik. Sidan oppstarten i 1928 har verftet sysselsett folkesetnaden i Leirvik.[1] Ved oppstarten var det først ein motorverkstad ved namn Løland Motorverkstad, men denne blei kjøpt opp av Kværner-gruppa i 1990 og var då anerkjend som ein kvalitetsleverandør av fiske- og offshore-fartøy. Verftet blei igjen kjøpt opp i 2000 og endra då namn til Havyard Leirvik. Dei var registrert med 266 tilsette i 2014 som var basert i Leirvik.

Referansar endre

  1. «Our history». Arkivert frå originalen 23. april 2016. Henta 23. februar 2016.