Lene Marlin

norsk musikar

Lene Marlin Pedersen, kjend som Lena Marlin (fødd 17. august 1980), er ein norsk popmusikar og låtskrivar.

Lene Marlin

Fødd17. august 1980 (43 år)
FødestadTromsø kommune
FødenamnLene Marlin Pedersen
OpphavNoreg
Aktiv1998–
Sjangerpop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapVirgin Records, EMI
Verka sommusikar, songar, låtskrivar, pianist, gitarist
Sambuar medKåre Conradi
PrisarTromsø kommunes kulturpris, Karolineprisen, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets artist, Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets hit, Åpenhetsprisen

Liv og virke endre

Pedersen vart fødd i Tromsø, og flytta dit med foreldra frå den vesle bygda Stordalstrand ved Ullsfjorden då ho var 3 år.

Ho vart oppdaga i heimbyen av NRK Troms sommaren 1997, og etter å ha spelt inn nokre låter i studio hos NRK Troms vart ho oppdaga av Virgin Records. Den fyrste singelen vart utgjeven i 1998 og heitte «Unforgivable Sinner». Denne vart kåra til årets låt under Spellemannprisen 1998.[1] I 1999 vann ho MTV-Europes pris som beste nordiske artist. Under Spellemannprisen 1999 vart ho kveldens store vinnar med heile fire prisar for albumet Playing My Game og singelen Sitting Down Here. Ho vann prisane for årets artist, årets nykommer, popsolist og årets låt. I 2007 fekk ho Gammleng-prisen i open klasse.

Ho har til saman selt over 2,2 millionar album (2005-estimat), og har òg samarbeidd med andre artistar, blant andre sveitsiske Lovebugs på deres lét «Avalon». I tillegg har ho bidrege som låtskrivar på den barbadiske artisten Rihannas Good Girl Gone Bad.

I januar i 2013 hadde sesong 2 av TV-programmet Hver gang vi møtes premiere, og Lene Marlin deltok saman med Kurt Nilsen, Ole Paus, Marion Ravn, Magnus Grønneberg, Morten Abel og Anita Skorgan. Ho gav òg ut ein nyinnspelt versjon av monsterhiten Unforgivable Sinner, etter ei avstemming på facebooksida si.

I oktober 2014 vart Lene Marlin tildelt Åpenhetsprisen av Mental helse for openheita si om at ho hadde freista å ta livet sitt.[2] I november 2014 vart ho nominert til Årets namn av Dagbladet av same grunn.[3] I mars 2015 fekk ho Fredrikkeprisen, som er heidersprisen til [[Norske Kvinners Sanitetsforening ]], for openheita si rundt psykisk helse.

Lene Marlin flytta til London sommaren 2008 etter å ha budd ei tid i Oslo. Ho stadfesta i eit intervju med Dagbladet i august 2008 at ho og Kåre Conradi var sambuarar.[4] I 2020 fekk paret ei dotter.[5]

Diskografi endre

Studioalbum
  • Playing My Game (1999)
  • Another Day (2003)
  • Lost in a Moment (2005)
  • Twist the Truth (2009)
  • Here We Are - Historier så langt (2013)
Singlar
  • Unforgivable Sinner (1999)
  • Sitting Down Here (1999)
  • Where I'm Headed (1999)
  • A Place Nearby (2003)
  • You Weren't There (2003)
  • Another Day (2003)
  • Sorry (2004)
  • How Would It Be (2005)
  • Here We Are (2009)

Kjelder endre

  1. «Music-and-Media» (PDF). 
  2. Lene Marlin hedres med åpenhetspris. nrk.no (10. oktober 2014)
  3. «Hvem er Årets Navn?». Dagbladet. 30.11.2014. 
  4. (no) «Lene Marlin bekrefter romanse». VG. 17. august 2008. Henta 17. august 2008. 
  5. «Lene Marlin og Kåre Conradi har fått en datter» (på norsk). 24. oktober 2020. Henta 25. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lene Marlin