Lengdeløp på skeiser

Lengdeløp på skeiser er ei idrettsgrein der deltakarane konkurrerer om å vere raskast til å springe/skli ein særskild distanse på skeiser over ei isflate.

På norsk blir lengdeløp ofte nytta for løp på ein oval bane der løparane startar par for par og blir rangerte etter lågaste tid, etter at alle løparane har gått i mål. Ein løpar startar i ytre bane og ein i indre bane, og løparane byter bane for kvar runde på vekslingssida. Andre former for lengdeløp på skeiser er maratonløp (der alle løparane startar samtidig, fellesstart) og kortbaneløp (også med fellesstart, men her går ein i fleire heat og dei raskaste løparane går vidare til nye rundar, som vert avslutta med finaleløpet).

Lengdeløp har vore ei olympisk idrettsgrein sidan vinter-OL byrja i 1924. Eldste, kjende organiserte konkurransen i lengdeløp på oval bane vart arrangert på Frognerkilen i Oslo i 1863. Noreg har vore ein leiande nasjon i lengdeløp, men idretten blir også driven i mange andre land; deltakarar frå åtte ulike land delte dei 36 medaljane som vart delt ut under vinter-OL i 2006.

Konkurranseformer endre

Dei tre viktigaste konkurranseformene i lengdeløp er:

  • Enkeltdistanse: løparane går eitt løp, og vinnaren er den som har gått distansen på kortast tid. Denne konkurranseforma blir nytta i OL, VM enkeltdistansar og i individuelle verdscuprenn. Internasjonale renn kan vera over 100, 500, 1 000, 1 500, 3 000, 5 000 eller 10 000 meter[1] .
  • Allround: Løparane går fire løp på distansar av ulik lengd, i ei tevling som går over to eller tre dagar. Løparane blir så rangerte etter summen av tidspoeng på dei fire distansane, som ein reknar ut ved å ta tida til løparen på ein distanse og rekne ho om til kor lang tid denne brukte i gjennomsnitt på kvar 500-meter han gjekk i løpet. Til dømes blir ei tid på 2.09,6 (to minutt og 9,6 sekund) på 1500 meter rekna om til 43,200 poeng (129,6 sekund delt på tre, sidan det er tre 500-meterar i ein 1500-meter). I seniorkonkurransar for menn går løparane 500, 1500, 5000 og 10 000 meter; juniorkonkurransar og konkurransar for kvinner har kortare distansar. Allround blir nytta i EM og VM allround, som har vore arrangert sidan 1889. Verdmeisterskap i enkeltdistanser vart arrangert fyrste gong i 1996.
  • Sprint: Sprintkonkurransar nyttar også tidspoeng, men her går løparane 500 og 1000 meter to gonger før ein vinnar vert kåra. Det finst eit eige sprint-VM i tillegg til dei nasjonale meisterskapa i sprint.

Til VM enkeltdistansar i 2005 kom også ei lagøving med, lagtempo, der tre utøvarar på eit lag går åtte rundar i indre bane. Laga startar på kvar si langside. Ein tek tida på tredjemann i mål, og laget med den lågaste tida vinn rennet. Lagtempo var olympisk øving i 2006, men då vart øvinga arrangert som cup; det dårlegaste laget i kvart par vart slått ut.

Bane endre

Ei standardbane for lengdeløp har to parallelle langsider og to svingar, og skal vera mellom 333 1/3 og 400 meter lang[2]. Ho skal vere delt i to, indre bane og ytre bane, og løparane bytter bane midtvegs i kvar runde slik at dei går like langt. Svingane i indre bane skal ha ein radius på mellom 25 og 26 meter, og kvar bane skal vere mellom 4 og 5 meter brei.

Lengdeløpssportens historie endre

Moderne lengdeløp for menn har vore arrangert sidan 1863[3], og eit av dei første store internasjonale konkurransane i Noreg var eit seksmannsstemne på Frognerkilen i 1885, med nesten 30 000 tilskodarar til stades. Avisrapportane etter løpet nemnde berre nederlenderen Renke van der Zee og nordmannen Axel Paulsen, som gjekk i første par. Paulsen vann løpet over tre engelske mil (4 827 meter) med over eitt minutt. I 1880-åra var Paulsen òg med på stemne i Austerrike, Nederland, Tyskland og USA[4].

I 1889 vart den første uoffisielle verdsmeisterskapen arrangert[5]. Meisterskapen vart organisert av Amsterdamsche Sportclub, sidan det ikkje fanst noko internasjonalt skeiseforbund, og gjekk over tre distansar: ei halv engelsk mil (altså om lag 800 meter), ei engelsk mil og to engelske mil. Løparane gjekk først eit kvalifiseringsløp, og dei fire med lågast tid gjekk vidare til finaleløpet seinare på dagen. Ingen norske løparar deltok, men russaren Aleksandr Pansjin vann dei første to distansane og låg an til å bli den første verdsmeister før 2-milsløpet på stemnets siste dag. Pansjin vann kvalifiseringa, men amerikanaren Joe Donoghue slo han med sju sekundar i finaleløpet, og vann på ny verdsrekord: 6.24,0[6]. Dei neste to åra var det også uoffisielle meisterskap i Nederland: nordmannen Adolf Norseng vann to av fire distansar i 1890[7], og i 1891 kom Donoghue tilbake og vann alle fire distansane; hans minste sigersmargin var fire sekund på halvmila[8].

Mange av skeisesportens tidlege utøvarar veksla mellom å vere amatørar og profesjonelle. Donoghue vart profesjonell etter VM-tittelen i 1891, medan Axel Paulsen deltok i proffløp så tidleg som i 1886[9]. Dette skapte konfliktar; dei offisielle skeisestemna i Europa, som vart arrangert av det internasjonale skeiseforbundet (Internationale Eislauf Vereinigung, seinare omdøypt til International Skating Union, skipa i 1892), hadde strenge krav til amatørstatus. Mellom anna freista leiarar frå Hamar IF å få verdsmeisteren frå 1893, Jaap Eden, erklært profesjonell[10] før verdsmeisterskapen på Hamar i 1895, sidan han hadde blitt nekta start i eit sykkelritt i England tidlegare. Det internasjonale skeiseforbundet avslo protesten, og Eden vann tre distansar og vart verdsmeister for andre gong, trass i at Oskar Fredriksen slo han på 500 meter. No hadde verdsmeisterskapene fått dei tradisjonelle distansane 500, 1 500, 5 000 og 10 000 meter, og skeiseløparane kunne òg gå europameisterskap. Den første europameisterskapen vart arrangert i Hamburg i 1891[11], men der var det ingen klar vinnar. Austerrikaren Franz Schilling vart derfor den første europameisteren då han vann stemnet i Wien i 1892 (med tre austerrikarar og ein polakk på startstreken)[12]. Schilling var òg med i det første ISU-arrangerte EM i 1893, men vart då nummer 11 og 5 på dei to distansane han gjekk. Svensken Rudolf Ericson vann dei tre kortaste distansane og vart den første offisielle europameister[13].

Eden, som vart den første til å vinne tre verdsmeisterskap, vart seinare profesjonell sykkelryttar - han var òg blitt verdsmeister på sykkel to gongar. Sykling og skeiser har vore nærliggande idrettar sidan, og seks nordmenn har vunne Egebergs ærespris for kombinasjonen skeiser og sykling.

I 1897 vart verdsmeisterskapen for første gong arrangert på nordamerikansk is, etter at Canada var blitt medlem av ISU i 1894[3]. Jack McCulloch frå Winnipeg, ein annan som òg heldt på med sykling i tillegg til lengdeløp, vann meisterskapen - nordmannen Alfred Næss heldt på å øydeleggje då han delte sigeren på 1 500 meter med McCulloch, men i omløp vann kanadiaren med fire tidels sekund og sikra sin andre distansesiger. Seinare på dagen vann han 10 000 meter med 40 sekund[14]. Etter dette vann Peder Østlund frå Trondheim dei to siste verdsmeisterskapa på 1800-talet, han vann òg EM i 1900 før han måtte trekke seg frå VM 1900, som Edvard Engelsaas vann (og som berre hadde norske deltakarar).

I 1908 innførte ISU eit rangeringssystem for EM og VM, etter at fire av seks VM og to av seks EM mellom 1902 og 1907 hadde enda uavgjort. Deretter trong ein løpar ikkje lengre å vinne tre distansar for å vinne eit meisterskap (men vann ein løpar tre distansar vart han meister). I si oppsummering av skeisehistoria i boka Skøytesportens stjerner omtala Knut Bjørnsen og Per Jorsett desse reglane som "stivbeinte og gammaldagse" og tykte det var "ille" at Rudolf Gundersen aldri vart verdsmeister, trass i at han vann i alt seks distansesigrar på fem verdsmeisterskap. Den første meister utan å ha vunne tre distansesigrar var Oscar Mathisen, som vann sitt første av tre europameisterskap i Budapest i 1909.

Mathisen heldt fram som amatør til 1. verdskrigen. Han vann åtte av dei 14 internasjonale meisterskapane som vart arrangert mellom 1908 og 1914, utan å konkurrera på skeiser i 1911, og var 11 gongar mellom dei tre beste. Han fekk hard kamp av russarane Nikolai Strunnikov (som vann både EM og VM i 1910 og 1911), og Vassilij Ippolitov (europameister 1913, ellers tre meisterskapssølv bak Mathisen)sen.

Mathisen vart profesjonell i USA etter 1916-sesongen (som gjekk utan internasjonal konkurranse grunna verdskrigen), og han fekk med seg amerikanaren Bobby McLean til Noreg i 1920 til det som her vart kalla eit profesjonelt verdsmeisterskap. Mathisen hadde tapt for McLean i USA, men vann tre av fire distansar i meisterskapen på heimebane, mellom anna med tida 43,3 på 500 meter, eit tidel betre enn hans eigen amatørverdsrekord frå Davos i 1914.

Kjelder endre

  1. ISU Special Regulations for Speed Skating and Short track speed skating, frå ISUs heimeside isu.org, side 8
  2. ISU Special Regulations for Speed Skating and Short track speed skating, side 12
  3. 3,0 3,1 ISU History, frå ISUs heimeside
  4. Axel Paulsen[daud lenkje], frå DESG.de, det tyske skøyteforbundets heimeside
  5. World Championships, Men Arkivert 2006-05-04 ved Wayback Machine. frå skateresults.com
  6. Joe Donoghue, frå skateresults.com
  7. Resultater VM 1890 Arkivert 2003-09-29 ved Wayback Machine., frå desg.de
  8. Resultater VM 1891 Arkivert 2003-09-29 ved Wayback Machine., frå desg.de
  9. Meisterschaftspreis von Deutschland für Profis Arkivert 2006-07-23 ved Wayback Machine., frå desg.de
  10. Skøyteboka 1981-82 s.123, utgitt av Norges Skøyteforbund
  11. Unofficial European Championships 1891 Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., frå skateresults.com
  12. Unofficial European Championships 1892 Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., frå skateresults.com
  13. European Championships 1892 Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., frå skateresults.com
  14. VM 1897 Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine., frå skateresults.com

Bokkjelder endre

  • Skøytesportens stjerner av Knut Bjørnsen og Per Jorsett, J. W. Cappelens Forlag A/S 1971