Opna hovudmenyen

Vladimir Lenin

(Omdirigert frå Lenin)
For anna bruk av etternamnet, sjå Namnet Lenin

Vladimir Iljitsj Lenin (22. april 187021. januar 1924) var grunnleggjaren av den moderne kommunismen og den sovjetiske staten. På Karl Marx si tid og frametter blei omgrepa sosialistisk, kommunistisk og sosialdemokratisk ofte bruka om kvarandre, men frå og med Lenin er kommunisme ei særskild retning i politikken.

Vladimir Lenin
LeninEnSuizaMarzo1916--barbaroussovietr00mcbr.png
FøddВладимир Ильич Ульянов
22. april 1870
Uljanovsk
Død21. januar 1924
Bolshiye Gorki
Statsborgar avDet russiske imperiet, Sovjetunionen, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
PartiDet russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet, Det russiske sosialdemokratiske arbeiderpartiet (bolsjevikene), Sovjetunionens kommunistiske parti
Yrkepolitikar, skribent, samfunnsøkonom, advokat, revolusjonær, journalist, filosof, politisk teoretiker
InstitusjonarStatsuniversitetet i St. Petersburg
Utdanna vedjuridisk fakultet, Statsuniversitetet i St. Petersburg
Det keiserlige universitetet i Kazan
Q4419529
MorMaria Alexandrovna Blank
FarIlja Nikolaevitj Uljanov
EktefelleNadezjda Krupskaja
MedlemPolitbyrået i Sovjetunionen

Vladimir Lenin blei fødd i Russland i 1870. Det eigentlege etternamnet hans er Uljanov, og Lenin er eit pseudonym han bruka fordi sosialistiske rørsler var ulovlege i det gamle Russland. Lenin blei leiaren for bolsjevikane, den eine hovudfløya i det russiske sosialdemokratiske partiet. Den andre hovudfløya blei kalla mensjevikar, og der var Julius Martov ein av leiarane. Det var bolsjevismen eller leninismen som blei grunnlaget for den moderne kommunismen. Bolsjevikfløya braut etter kvart med dei andre sosialdemokratane, og bruka frå 1918 namnet kommunistisk om partiet sitt.

Lenin saman med Stalin i 1919

Bolsjevikane tok makta i Russland i oktober/november 1917. Lenin stod i brodden for denne maktovertakinga, etter at han hadde komme tilbake til Russland frå eksil i utlandet. Statsmakta skulle no byggjast på arbeidarråda (sovjeta), men i løpet av borgarkrigen 1918-1920, som også vestlege land blanda seg inn i, mista desse råda mykje av makta si. Etter at både andre sosialistiske parti og organiserte fløyer i kommunistpartiet blei forbodne, låg heile den reelle makta i den nye sovjetstaten i leiinga for kommunistpartiet. Lenin var likevel tilhengar av eit visst fritt ordskifte innanfor partiet, men etter at han døydde i 1924, og Josef Stalin gradvis tok all makt i parti og stat, blei det slutt på dette. Då blei det politiske politiet bruka mot opposisjonen i partiet, der Lev Trotskij var ein leiande figur.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Lenin