Opna hovudmenyen

Leonard Kristensen (fødd 18. september 1857 på Nøtterøy, død 29. juni 1911) var ein norsk skipsførar og antarktispioner. Kristensen var kaptein på «Antarctic» som i 1894–95 seglte til Sørishavet på ein kvalfangstekspedisjon leia av Henrik Johan Bull. Ekspedisjonen er blitt kjend fordi ei gruppe på åtte mann, inkludert Bull og Kristensen, greidde å komme seg i land på Kapp Adare den 24. januar 1895. Dette er den første dokumenterte ilandstiginga på det antarktiske kontinentet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra