Leonard Rickhard

Leonard Rickhard (fødd 12. mai 1945) er ein norsk målar fødd i Tvedestrand, men busett i Arendal. Han vert omtala som målaren av togna, og vert rekna som ein av dei mest sentrale nolevande kunstnarane i Noreg. Verket Trett Modellflybygger (1985) er kåra til eit av dei 12 viktigaste kunstverka i Morgenbladet.

Leonard Rickhard
Leonard Rickhard.JPG
Fødd 12. mai 1945 (76 år)
Tvedestrand
Yrke kunstmålar
Ektefelle Berit Rickhard

Han er utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole 1966-67 og ved Statens Kunstakademi 1976-71. Richard hadde seperatutstillingar på Kunstnarforbundet i 1974 og 1977 og på Galleri Dobloug i 1979 og 1982. Rundt 1980 vart han rekna som ein av dei leiande kunstnarane av sin generasjon. Han deltok i Gruppe Zink, med sams utillingar i 1983, 1985 og 1986. Retrospektive utstillingar vart synte på Astrup Fearnley Museet hausten 2001 og på Sørlandets Kunstmuseum hausten 2005. Han har bidrege til å skipa og byggja opp institusjonen Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal, der han også har hatt utstillingar.

I 2009 var Leonard Rickhard årets festspel-utstillar i Bergen Kunsthall i høve til Festspela i Bergen.

Han vart utnemnd til riddar av 1. Klasse av St. Olavs Orden i 2009. I 2000 mottok han den svenske prins Eugen-medaljen, og i 2002 mottok han Aust-Agder fylkes kulturpris.