Leonid Pasternak

Leonid Osipovitsj Pasternak (døypt Yitzhok-Leib, eller Isaak Iosifovich, Pasternak; russisk: Леонид Осипович Пастернак, (4. april 186231. mai 1945) var ein russisk kunstmålar, som i hovudsak måla i ein impresjonistisk stil. Han var far til romanforfattaren Boris Pasternak.

Leonid Pasternak
Leonid Pasternak - self-portrait (1908, Pskov).jpg
Fødd 22. mars 1862, 1862
Odessa
Død

31. mai 1945 (83 år)
Oxford

Yrke kunstmålar, grafiker
Sjanger portrett
Born Alexander Pasternak, Boris Pasternak
Leonid Pasternak på Commons

Yngre årEndra

Leonid Pasternak vart fødd i Odessa. Faren var jødisk og dreiv eit vertshus. Leonid var det yngste av seks born i familien. Han tok tidleg til å teikne, noko familien hans frårådde han i frykt for at det skulle forstyrre studiane hans. Hans fyrste sponsor var ein gatefeiar som byrja kjøpe Pasternaks kunst då guten var sju år gammal.

Frå 1881 til -85 studerte Pasternak ved Moskva universitet, fyrst ved det medisinske instituttet og så ved det juridiske instituttet. Til sist bestemte han seg for å vigje livet sitt til kunsten. Han reiste til Tyskland og tok til ved Akademie der Bildenden Künste München. Eksamen ved akademiet avla han i 1887. Deretter reiste han tilbake til Russland og tenestegjorde dei to pliktåra i armeen (i eit artilleri-regiment). Frå 1889 dreiv han som målar på heiltid.

Vinter i Moskva, 1912

MålarEndra

Pasternak opplevde suksess allereie frå starten av. Hans fyrste utstilte måleri vart kjøpt av Pavel Tretjakov, den viktigaste kunstkjøparen i samtidas Russland. Pasternak vart snøgt ein populær målar, og kom med i den så kalla Polenov-sirkelen. Mellom dei andre målarane i denne var Valentin Serov, Isaak Levitan, Mikhail Nesterov og Konstantin Korovin.

Pasternak var ein av dei fyrste russiske målarane som kalla seg impresjonist. I 1880-åra og 1890-åra var det i Russland meir enn nok for ein kunstnar til å verte lagd merke til. Han var også medlem av målarrørslene Peredvizjnikij og Mir iskusstva. Til Leo Tolstoj utvikla han eit nært vennskap, i opptil månadsvis kunne han bu på Jasnaja Poljana. Over år måla han mange portrett av den verdskjende forfattaren. Dessutan illustrerte han romanane Krig og fred og Oppstode. Ved verdsutstillinga i Paris 1900 fekk han tildelt ein medalje for sine illustrasjonar til Tolstojs romanar.

Pasternak vart vald inn i St. Petersburg kunstkademi i 1905, og underviste elles ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.

Flyktning – EkteskapEndra

I 1921 trong Pasternak ein augeoperasjon, operasjonen vart utført i Berlin. Han reiste dit med kona si og to døtrer. Etter operasjonen bestemte han seg for ikkje å reise tilbake til Russland, og budde i Berlin til 1938. Han flykta då frå nazistyret til Storbritannia. Pasternak døydde i Oxford i 1945.

I 1889 gifta Pasternak seg med pianisten Rosa Kaufman. Dei nygifte busette seg i Moskva, der det fyrstefødde barnet Boris kom til verda året etter giftarmålet. Attåt den seinare verdskjende forfattaren fekk kunstnarparet tre born.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Leonid Pasternak