Leonid Sjtsjerbakov

Leonid Mikhailovitsj Sjtsjerbakov (russisk: Леонид Михайлович Щербаков), (fødd 7. april 1927), er ein sovjetisk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart europameister i tresteghopp både i 1950 og 1954, medan han i 1952 tok sølvmedaljen i dei olympiske sommarleikane. Den 178 cm høge og 73 kg tunge Sjtsjerbakov var medlem av Dynamo Moskva.

Leonid Sjtsjerbakov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 7. april 1927
Q21342252
Død

19. mai 2004 (77 år)
Moskva

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 178 centimeter

Aktiv endre

Sjtsjerbakov vart nummer to i tresteg i den sovjetiske friidretts-meisterskapen 1948. Året etter vann han tresteg-tevlinga i den nasjonale meisterskapen, men måtte i 1950 sjå seg slått av Boris Sambrimborz. Frå 1951 til 1956 vann Sjtsjerbakov seks meistertitlar på rad, i 1957 vart han på ny nummer to, den gongen overgått av Oleg Rjakovskij.

Under friidretts-EM i Brussel 1950 vann Sjtsjerbalov ein suveren siger i tresteg-gropa. Han presterte 15,39 meter og slo nestemann, finske Valdemar Rautio med over 40 centimeter. To år seinare, under dei olympiske leikane i Helsingfors tok Sjtsjerbakov sølvmedaljen etter å ha flytta europarekorden sin med 28 cm, til sterke 15,98 meter, men brasilianaren Adhemar da Silva vart olympisk meister etter å ha forbetra verdsrekorden to gongar i finalen, fyrst til 16,12 meter og så til 16,22 m.

Den 19. juli 1953 i Moskva sette Sjtsjerbakov verdsrekord i tresteghopp med 16,23 meter, ein centimeter over den gamle. I friidretts-EM 1954 i Bern forsvarte han europameister-tittelen på suverent vis. Med 15,90 meter låg han langt føre sølvvinnaren, svensken Roger Norman, som fekk notert 15,17 m i sluttprotokollen.

I mars 1955 tok Ferreira tilbake verdsrekorden med eit hopp på 16,56 meter. Sjtsjerbakov forbetra sin personlege rekord til 16,46 m under eit stemne den 4. juli 1956, hans tiande sovjetrekord og sjuande europarekord. Under sommar-OL i Melbourne i 1956 hoppa han 15,80 meter og vart nummer seks, Ferreira vann då sitt andre OL-gull.

Etter han la opp som aktiv, arbeidde Sjtsjerbakov som trenar. Mellom anna trena han kubanaren Pedro Pérez, ein ung kar som i 1971 sette verdsrekord i tresteg med 17,40 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre