Leppeblomfamilien
familie i leppeblomordenen
(Omdirigert frå Lepeblomsterfamilien)
Leppeblomfamilien (Lamiaceae)[1] er ein plantefamilie med tofrøbladingar. Plantene har firkanta stengel og motsette blad. Blomstrane veks i kransar (samandregne kvastar) oppetter stengelen. Dei har to, fem eller ti begertenner. Krona har røyr og fire-fem flikar, dei tre nedre er underlepene, den eine eller dei to øvre er overlepene. Oftast har dei to korte og to lange mjølberar. Plantane får frukt med fire smånøtter.
Leppeblomfamilien | |
Sitronmelisse (Melissa officinalis) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae Martinov, 1820 |
Slekter
endreSlekter som finst i Noreg:[2][1]
- Jonsokkollslekta (Ajuga)
- Firtannslekta (Teucrium)
- Skjoldberarslekta (Scutellaria)
- Dåslekta (Galeopsis)
- Tvitannslekta (Lamium)
- Gulltvitannslekta (Lamiastrum)
- Løvehaleslekta (Leonorus)
- Hunderotslekta (Ballota)
- Svinerotslekta (Stachys)
- Betonieslekta (Betonica)
- Kattemynteslekta (Nepeta)
- Koreamynteslekta (Agastache)
- Krossknappslekta (Glechoma)
- Drakehovudslekta (Dracocephalum)
- Blåkollslekta (Prunella)
- Sitronmelisseslekta (Melissa)
- Bakkemynteslekta (Acinos)
- Kransmynteslekta (Clinopodium)
- Isopslekta (Hyssopus)
- Bergmynteslekta (Origanum)
- Timianslekta (Thymus)
- Klourtslekta (Lycopus)
- Mynteslekta (Mentha)
- Lavendelslekta (Lavandula)
- Salvieslekta (Salvia)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Artsdatabanken: Namnetre leppeblomfamilien». Artsdatabanken. 2. mars 2023.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 962–984, 1164–1166.
- Svensk Wikipedia.