Lerkefamilien

familie av sporvefuglar

Lerkefamilien, vitskapleg namn Alaudidae, samlar nær hundre artar små til mellomstore sporvefuglar, 12 til 24 cm i lengd og 15 til 75 gram i vekt. Alle artar finst i «den gamle verda» og i nordlege og austlege Australia. Berre ein art, fjellerke, har spreidd seg til Nord-Amerika. Habitata varierer mykje, men mange artar lever i tørre område. Lerker er ein veldefinert biologisk familie, blant anna gjennom den distinkte forma på tarsen.[1]

Lerkefamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Vigors, 1825

Skildring

endre

Lerker har meir forseggjorte lydytringar enn mange andre fuglar, og ofte ekstravagante songar gjeve i flygeoppvisingar. Desse melodiøs lydane for det menneskelege øyret, kombinert med ein vilje til å ekspandere inn i menneskeskapte habitat - så lenge desse ikkje er for intensivt dyrka - har sikra lerker ein framtredande plass i litteratur og musikk, spesielt songlerke i Nord-Europa og topplerke og kalanderlerke i Sør-Europa.

Med desse songane under flyging, forsvarer hannar hekketerritorium og tiltrekker makar. Dei fleste artane byggjer reir på bakken, vanlegvis koppforma av daudt gras, men hos nokre artar er reiret meir komplisert og dels overbygd. Nokre få ørkenartar hekkar svært lågt i buskar, kanskje slik at lufta sirkulerer og kjøler reiret. Lerkeegg er vanlegvis flekkete, og kullstorleiken varierer frå 2, særleg hos artar i dei tørraste ørkenane, til 6 hos artar i tempererte område. Lerker rugar i 11 til 16 dagar.

Som mange andre bakkelevande sporvefuglar, har dei fleste lerkeartar lang bakklo, som ein trur gjev stabilitet når dei står. Dei fleste artar har stripa brun fjørdrakt, nokre klårt merkte med svart eller kvitt. Den fargelause utsjånaden kamuflerer dei på bakken, særleg når dei ligg på reiret. Dei lever av insekt og frø, sjølv om vaksne hos dei fleste artane et frø primært, vil alle artar mate ungar med insekt i minst den første veka etter klekking. Mange artar grev med nebbet for å avdekke mat. Nokre lerker har tunge nebb, ekstremt hos tjukknebblerke, for å knuse frø, medan andre har lange, nedbøygde nebb, som er spesielt eigna for graving.

Blant artar der ein har kunnskap om myting er lerkane dei einaste sporvefuglar som fell alle fjørene i den første mytinga. Dette kan skuldast dårleg fjørkvalitet hos ungane, som igjen kan kome av lågare kvalitet på føda dei får frå foreldra den første levetida.

Artslista

endre

Lerker i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Alaemon
  • Langnebblerke, Alaemon alaudipes, Greater Hoopoe-Lark, (Desfontaines, 1789), (LC)
  • Løpelerke, Alaemon hamertoni, Lesser Hoopoe-Lark, Witherby, 1905, (LC)
Slekt Chersomanes
  • Kingeretelerke, Chersomanes beesleyi, Beesley's Lark, Benson, 1966, ()
  • Sylklolerke, Chersomanes albofasciata, Spike-heeled Lark, (Lafresnaye, 1836), (LC)
Slekt Ammomanopsis
  • Gruslerke, Ammomanopsis grayi, Gray's Lark, (Wahlberg, 1855), (LC)
Slekt Certhilauda
  • Kortklolerke, Certhilauda chuana, Short-clawed Lark, (Smith, A, 1836), (LC)
  • Khoisanlerke, Certhilauda subcoronata, Karoo Long-billed Lark, Smith, A, 1843, (LC)
  • Benguelalerke, Certhilauda benguelensis, Benguela Long-billed Lark, (Sharpe, 1904), ()
  • Sotholerke, Certhilauda semitorquata, Eastern Long-billed Lark, Smith, A, 1836, (LC)
  • Namaqualerke, Certhilauda curvirostris, Cape Long-billed Lark, (Hermann, 1783), (LC)
  • Agulhaslerke, Certhilauda brevirostris, Agulhas Long-billed Lark, Roberts, 1941, ()
Slekt Pinarocorys
  • Umbralerke, Pinarocorys nigricans, Dusky Lark, (Sundevall, 1850), (LC)
  • Rustgumplerke, Pinarocorys erythropygia, Rufous-rumped Lark, (Strickland, 1852), (LC)
Slekt Ramphocoris
  • Tjukknebblerke, Ramphocoris clotbey, Thick-billed Lark, (Bonaparte, 1850), (LC)
Slekt Ammomanes
  • Ørkenlerke, Ammomanes deserti, Desert Lark, (Lichtenstein, MHK, 1823), (LC)
  • Mørkhalelerke, Ammomanes cinctura, Bar-tailed Lark, (Gould, 1839), (LC)
  • Rusthalelerke, Ammomanes phoenicura, Rufous-tailed Lark, (Franklin, 1831), (LC)
Slekt Eremopterix
  • Sotlerke, Eremopterix australis, Black-eared Sparrow-Lark, (Smith, A, 1836), (LC)
  • Madagaskarlerke, Eremopterix hova, Madagascan Lark, (Hartlaub, 1860), (LC)
  • Svartkronelerke, Eremopterix nigriceps, Black-crowned Sparrow-Lark, (Gould, 1839), (LC)
  • Brunrygglerke, Eremopterix leucotis, Chestnut-backed Sparrow-Lark, (Stanley, 1814), (LC)
  • Gråkronelerke, Eremopterix griseus, Ashy-crowned Sparrow-Lark, (Scopoli, 1786), (LC)
  • Sporvelerke, Eremopterix signatus, Chestnut-headed Sparrow-Lark, (Oustalet, 1886), (LC)
  • Grårygglerke, Eremopterix verticalis, Grey-backed Sparrow-Lark, (Smith, A, 1836), (LC)
  • Masailerke, Eremopterix leucopareia, Fischer's Sparrow-Lark, (Fischer, GA & Reichenow, 1884), (LC)
Slekt Calendulauda
  • Sabotalerke, Calendulauda sabota, Sabota Lark, (Smith, A, 1836), (LC)
  • Rosenbrystlerke, Calendulauda poecilosterna, Pink-breasted Lark, (Reichenow, 1879), (LC)
  • Revelerke, Calendulauda alopex, Foxy Lark, (Sharpe, 1890), (LC)
  • Krattlerke, Calendulauda africanoides, Fawn-colored Lark, (Smith, A, 1836), (LC)
  • Karoolerke, Calendulauda albescens, Karoo Lark, (Lafresnaye, 1839), (LC)
  • Raudlerke, Calendulauda burra, Red Lark, (Bangs, 1930), (VU)
  • Dynelerke, Calendulauda erythrochlamys, Dune Lark, (Strickland, 1853), (LC)
  • Vortemelklerke, Calendulauda barlowi, Barlow's Lark, (Roberts, 1937), ()
Slekt Heteromirafra
  • Transvaallerke, Heteromirafra ruddi, Rudd's Lark, (Grant, CHB, 1908), (EN)
  • Slettelerke, Heteromirafra archeri, Archer's Lark, Clarke, S, 1920, (CR)
Slekt Mirafra
  • Kalaharilerke, Mirafra fasciolata, Eastern Clapper Lark, (Sundevall, 1850), (LC)
  • Klaprelerke, Mirafra apiata, Cape Clapper Lark, (Vieillot, 1816), (LC)
  • Raudvenglerke, Mirafra hypermetra, Red-winged Lark, (Reichenow, 1879), (LC)
  • Melankolilerke, Mirafra africana, Rufous-naped Lark, Smith, A, 1836, (LC)
  • Flagrelerke, Mirafra rufocinnamomea, Flappet Lark, (Salvadori, 1866), (LC)
  • Angolalerke, Mirafra angolensis, Angolan Lark, Barboza du Bocage, 1880, (LC)
  • Lavalerke, Mirafra williamsi, Williams's Lark, Macdonald, 1956, (LC)
  • Monotonilerke, Mirafra passerina, Monotonous Lark, Gyldenstolpe, 1926, (LC)
  • Boerlerke, Mirafra cheniana, Melodious Lark, Smith, A, 1843, (LC)
  • Australlerke, Mirafra javanica, Horsfield's Bush Lark, Horsfield, 1821, (LC)
  • Savannelerke, Mirafra cantillans, Singing Bush Lark, Blyth, 1845, ()
  • Burmalerke, Mirafra microptera, Burmese Bush Lark, Hume, 1873, (LC)
  • Bengallerke, Mirafra assamica, Bengal Bush Lark, Horsfield, 1840, (LC)
  • Indokinalerke, Mirafra erythrocephala, Indochinese Bush Lark, Salvadori & Giglioli, 1885, (LC)
  • Busklerke, Mirafra erythroptera, Indian Bush Lark, Blyth, 1845, (LC)
  • Ghatslerke, Mirafra affinis, Jerdon's Bush Lark, Blyth, 1845, (LC)
  • Ogadenlerke, Mirafra gilletti, Gillett's Lark, Sharpe, 1895, (LC)
  • Sahellerke, Mirafra rufa, Rusty Bush Lark, Lynes, 1920, (LC)
  • Kragelerke, Mirafra collaris, Collared Lark, Sharpe, 1896, (LC)
  • Strandlerke, Mirafra ashi, Ash's Lark, Colston, 1982, (EN)
  • Somalilerke, Mirafra somalica, Somali Lark, (Witherby, 1903), (LC)
  • Kenyalerke, Mirafra pulpa, Friedmann's Lark, Friedmann, 1930, (DD)
  • Tuareglerke, Mirafra cordofanica, Kordofan Lark, Strickland, 1852, (LC)
  • Jordlerke, Mirafra albicauda, White-tailed Lark, Reichenow, 1891, (LC)
Slekt Lullula
  • Trelerke, Lullula arborea, Woodlark, (Linnaeus, 1758), (LC)
Slekt Spizocorys
  • Kystlerke, Spizocorys obbiensis, Obbia Lark, Witherby, 1905, (DD)
  • Tårelerke, Spizocorys sclateri, Sclater's Lark, (Shelley, 1902), (NT)
  • Damaralerke, Spizocorys starki, Stark's Lark, (Shelley, 1902), (LC)
  • Korthalelerke, Spizocorys fremantlii, Short-tailed Lark, (Lort Phillips, 1897), (LC)
  • Maskelerke, Spizocorys personata, Masked Lark, Sharpe, 1895, (LC)
  • Astrildlerke, Spizocorys fringillaris, Botha's Lark, (Sundevall, 1850), (EN)
  • Rosennebblerke, Spizocorys conirostris, Pink-billed Lark, (Sundevall, 1850), (LC)
Slekt Alauda
  • Kvitvenglerke, Alauda leucoptera, White-winged Lark, Pallas, 1811, (LC)
  • Rasolerke, Alauda razae, Raso Lark, (Alexander, 1898), (CR)
  • Orientlerke, Alauda gulgula, Oriental Skylark, Franklin, 1831, (LC)
  • Songlerke, Alauda arvensis, Eurasian Skylark, Linnaeus, 1758, (LC)
Slekt Galerida
Slekt Eremophila
  • Fjellerke, Eremophila alpestris, Horned Lark, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Hornlerke, Eremophila bilopha, Temminck's Lark, (Temminck, 1823), (LC)
Slekt Calandrella
  • Steppedverglerke, Calandrella acutirostris, Hume's Short-toed Lark, Hume, 1873, (LC)
  • Tibetdverglerke, Calandrella dukhunensis, Mongolian Short-toed Lark, (Sykes, 1832), (LC)
  • Fjelldverglerke, Calandrella blanfordi, Blanford's Lark, (Shelley, 1902), (LC)
  • Bleikdverglerke, Calandrella eremica, Rufous-capped Lark, (Reichenow & Peters, JL, 1932), (LC)
  • Rustdverglerke, Calandrella cinerea, Red-capped Lark, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Dverglerke, Calandrella brachydactyla, Greater Short-toed Lark, (Leisler, 1814), (LC)
Slekt Melanocorypha
  • Fjellkalanderlerke, Melanocorypha bimaculata, Bimaculated Lark, (Ménétries, 1832), (LC)
  • Kalanderlerke, Melanocorypha calandra, Calandra Lark, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Svartlerke, Melanocorypha yeltoniensis, Black Lark, (Forster, JR, 1768), (LC)
  • Mongollerke, Melanocorypha mongolica, Mongolian Lark, (Pallas, 1776), (LC)
  • Tibetlerke, Melanocorypha maxima, Tibetan Lark, Blyth, 1867, (LC)
Slekt Chersophilus
  • Nattlerke, Chersophilus duponti, Dupont's Lark, (Vieillot, 1824), (VU)
Slekt Eremalauda
  • Nomadelerke, Eremalauda dunni, Dunn's Lark, (Shelley, 1904), (LC)
Slekt Alaudala
  • manglar norsk namn, Alaudala athensis, Athi Short-toed Lark, (Sharpe, 1900), ()
  • Saltdverglerke, Alaudala cheleensis, Asian Short-toed Lark, Swinhoe, 1871, ()
  • Somalidverglerke, Alaudala somalica, Somali Short-toed Lark, Sharpe, 1895, (LC)
  • Flekkdverglerke, Alaudala rufescens, Mediterranean Short-toed Lark, (Vieillot, 1819), (LC)
  • manglar norsk namn, Alaudala heinei, Turkestan Short-toed Lark, (Homeyer, 1873), ()
  • Sanddverglerke, Alaudala raytal, Sand Lark, (Blyth, 1845), (LC)

Songlerke Alauda arvensis, trelerke Lullula arborea og fjellerke Eremophila alpestris hekkar i Noreg. Topplerke Galerida cristata hekka tidlegare medan kalanderlerke Melanocorypha calandra og dverglerke Calandrella brachydactyla er sjeldne gjestar.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. A. L. Rand (1959) Tarsal Scutellation of Song Birds as a Taxonomic Character, The Wilson Bulletin, Vol.71, nr.3, side:274-277
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)


Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lerkefamilien