Opna hovudmenyen

Let It Be Me av The Everly Brothers

Je t'appartiens
Song av Gilbert Bécaud
Utgjeve 1955
Sjanger Pop
Lengd 2:45
Låtskrivar(ar) Pierre Delanoë (tekst)

Gilbert Bécaud (musikk)

Let It Be Me
Singel av The Everly Brothers
B-side «Since You Broke My Heart»
Utgjeve 1960
Sjanger Pop
Lengd 2:33
Selskap Cadence
Låtskrivar(ar) Gilbert Bécaud, Manny Curtis, Pierre Delanoë
The Everly Brothers-kronologi
«(Till) I Kissed You»
(1959)
Let It Be Me «Cathy's Clown»
(1960)


Let It Be Me
Singel av Betty Everett og Jerry Butler
B-side «Ain't That Loving You Baby»
Utgjeve 1964
Sjanger R&B
Lengd 2:44
Selskap Vee-Jay
Låtskrivar(ar) Gilbert Bécaud, Manny Curtis, Pierre Delanoë
Betty Everett og Jerry Butler-kronologi
Everett: I Can't Hear You (1964)
----
Butler: I Stand Accused (1964)
Let It Be Me Everett: Getting Mighty Crowded (1964)
----
Butler: Smile (with Betty Everett) (1964)


«Let It Be Me» er ein populær song opphavleg gjeven ut på fransk i 1955 som «Je t'appartiens». Han vart ein stor hit på engelsk for The Everly Brothers og seinare i ein duett mellom Betty Everett og Jerry Butler.

«Je t'appartiens»Endra

«Je t'appartiens» var ein fransk hit i 1955. Songen vart skriven og først spelt inn av Gilbert Bécaud. Teksten vart skriven på fransk av Pierre Delanoë.

Den engelskspråklege versjonen har ein tekst av Mann Curtis og vart framført i 1957 av Jill Corey i fjernsynsserien Climax!. Corey-versjonen, med orkestrering av Jimmy Carroll, vart gjeven ut på singel til ein viss suksess.

The Everly Brothers-versjonenEndra

The Everly Brothers var med å gjere songen populær i 1960 med utgåva si av «Let It Be Me» som nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100.[1] Harmoniarrangement for denne versjonen vart ofte etterlikna på seinare nyinnspelingar. Dette var den første Everly Brothers-singelen som vart spelt inn i New York, og ikkje i Nashville. Musikarane som akkompagnerte brørne på innspelinga var mellom andre Howard Collins, Barry Galbraith og Mundell Lowe på gitar, Lloyd Trotman på bass, Jerry Allison på trommer og Hank Rowland på piano.

Betty Everett- og Jerry Butler-versjonenEndra

Songen vart òg ein suksess i 1964 då Betty Everett og Jerry Butler gav ut sin versjon av songen. Den sjelfulle duetten vart ein stor hit og nådde femteplassen på Billboard Hot 100-lsita og toppa Cashbox Soul/R&B-lista i tre veker.[2]

InnspelingarEndra

1960-åraEndra

1970-åraEndra

1980-åraEndra

  • 1980 - Den greske songaren Aleka Kanellidoy spelte inn ein versjon av songen på gresk kalla «Panta Konta sou», på albumet hennar Empisteftika.
  • 1980 − Den japanske songaren Goro Noguchi spelte inn denne songen på albumet Uta Soshite Ai.
  • 1982 – Willie Nelson fekk suksess med ein versjon som nådde andreplassen på Billboard country-lista. Han gjekk òg til topps på Adult contemporary-lista og countrylista i Canada.
  • 1982 – Orleans spelte inn denne songen på albumet deira One of a Kind.
  • 1985 – David Hasselhoff spelte inn songen på debutalbumet hans Night Rocker.
  • 1985 – Idoli spelte inn ein serbiskspråkleg versjon av denne songen, «Samo Me Gledaj I Budi Tu» for filmmusikkalbumet Šest Dana Juna.
  • 1985 – Martin Simpson spelte inn denne songen på albumet Sad or High Kicking.
  • 1988 – Bruce Springsteen spelte songen under lydsjekkar på Tunnel of Love Express-turneen.

1990-åraEndra

  • 1990 – Songar-låtskrivaren Laura Nyro spelte inn songen i ein uvanleg medley med «The Christmas Song». Denne finst på Acoustic Christmas.
  • 1991 – Countrysongaren Mickey Gilley spelte inn songen for The Very Best of Mickey Gilley
  • 1992 – Countrymusikaren Collin Raye spelte inn songen for det andre albumet hans In This Life.
  • 1995 – Jackson Browne og Timothy B. Schmit spelte inn denne songen for filmmusikken til Bye Bye Love.
  • 1995 – Blue-eyed soul-songaren Bobby Caldwell spelte inn denne songen på Soul Survivor.
  • 1998 – Den skotske visesongaren Dick Gaughan spelte inn songen på albumet Redwood Cathedral.
  • 1999 – Den skotske popsongaren Justin Osuji nådde 15. plassen med songen på den britiske singellista i 1999, frå albumet Finally.
  • 1999 – Countrystjerna Kenny Rogers spelte inn songen for albumet hans She Rides Wild Horses.

2000-åraEndra

2010-åraEndra

  • 2010 – Den kanadiske songar-låtskrivaren Reid Jamieson spelte inn songen på CBC Radio sitt The Vinyl Cafe.
  • 2010 – Den amerikanske songar-låtskrivaren Neil Diamond spelte inn songen på albumet hans Dreams.
  • 2011 – Ein versjon av George Harrison (spelt inn før han døydde i 2001) finst som bonusspor på plata George Harrison: Living in the Material World deluxe DVD/Blu-ray edition, and Early Takes: Volume 1.
  • 2011 – Anggun spelte inn ein versjon av songen, på samlealbumet BECAUD: Et Maintenant.
  • 2011 – Emma Hamilton spelte inn ein jazzversjon av songen på La Musique med både fransk og engelsk tekst.
  • 2014 – Herb Alpert spelte inn songen i ein instrumentalversjon og gav han ut på albumet In the Mood.
  • 2014 – Joey + Rory spelte inn ein country/bluegrass-versjon av songen på albumet Country Classics: A Tapestry of Our Musical Heritage.
  • 2015- Angelo Seretti med George Aaron spelte inn ein discoversjon av songen.

PlasseringEndra

Glen Campbell og Bobbie GentryEndra

Liste (1969) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 14
U.S. Billboard Hot 100 36
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 7
Canada RPM Country Tracks 1
Canada RPM Top Singles 85
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 15

Willie NelsonEndra

Liste (1982) Plassering
Canada RPM Country Tracks 1
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 1
U.S. Billboard Hot Country Singles 2
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks 11
U.S. Billboard Hot 100 40
U.S. Cashbox Top 100 47

KjelderEndra

  1. Trager, Oliver (1997). The American Book of the Dead: The Definitive Grateful Dead Encyclopedia. New York: Fireside Books. s. [unknown/unpaginated]. ISBN 978-0-684-81402-5. Henta 29. oktober 2009. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 95. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 95. 
  4. «The Walkers - 40 Års Jubilæumsbox». Allmusic. Henta 20. juni 2013. 

BakgrunnsstoffEndra