Letsie III av Lesotho
Letsie III av Lesotho (fødd 17. juli 1963) har vore konge av Lesotho i tida mellom 1990 og 1995 og sidan frå 1996. Han regjerer som konstitusjonell monark, og har for det meste seremonielle plikter.
Letsie III av Lesotho | |||
| |||
Konge av Lesotho | |||
Periode | 12. november 1990 - 25. januar 1995 7. februar 1996 - | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Letsie III | ||
Titlar | Konge av Lesotho | ||
Fødd | 17. juli 1963 | ||
Fødestad | Morija i Lesotho | ||
Mor | Mamohato av Lesotho | ||
Far | Moshoeshoe II av Lesotho | ||
Barn | Prince Lerotholi Seeiso, Princess Senate Seeiso, Princess 'Maseeiso Seeiso | ||
Far | Moshoeshoe II av Lesotho | ||
Mor | Mamohato av Lesotho | ||
Føregangar | Moshoeshoe II av Lesotho |
Bakgrunn
endreKong Letsie er son av kong Moshoeshoe II og dronning Mamohato. Ved fødselen blei han gjeven namnet Mohato Bereng Seeiso. Han blei seinare katolsk døypt og fekk namnet David.
Letsie er utdanna ved grunnskular i Lesotho og Storbritannia. I 1977 byrja han si vidaregåande utdanning ved Ampleforth College i Storbritannia, som han fullførte i 1980. Han studerte deretter i fire år ved National University of Lesotho, der han i 1984 fekk bachelorgrad i rettsvitskap.
Etter dette gjennomførte han studium ved universitet i Storbritannia. Han studerte først juss ved University of Bristol frå 1984 til 1986 og deretter utviklingsstudium ved University of Cambridge og landbruksøkonomi ved University of London. Etter studia vende han tilbake til Lesotho i 1989, der han i desember det året blei innsett som første høvding av Matsieng.
Konge
endre12. november 1990 blei Letsie III konge for første gong etter at faren Moshoeshoe II var blitt tvinga i eksil i 1990. Fram til kroninga hadde dronning Mamohato vore regent. Regjeringstida til Letsie III fekk eit avbrot i 1995, då faren kunne venda tilbake og blei gjeninnsett på trona, men han døydde allereie i januar 1996 i ei bilulukke. Dronning Mamohato blei igjen regent før Letsie III blei gjeninnsett som konge 7. februar 1996. Han blei krona i hovudstaden Maseru den 31. oktober 1997.
Kongen vekte oppsikt internasjonalt i 2005 då han, truleg som den første monarken, offentleg lét seg HIV-testa som eit ledd i kampanjen mot sjukdommen i Lesotho.[1]
Familie og arvingar
endreI 2000 gifta kong Letsie seg med Anna Karabo Mots'oeneng, som då blei dronning av Lesotho. Kongeparet har tre barn:
- Prinsesse Mary Senate Mohato Seeiso, fødd 7. oktober 2001
- Prinsesse M'aSeeiso, fødd 20. november 2004
- Prins Lerotholi David Mohato Bereng Seeiso, fødd 18. april 2007
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Letsie III av Lesotho» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2012.
- Fotnotar
- ↑ «Land where everyone from the King down has Aids test», The Times, 28. november 2005.
Føregangar Moshoeshoe II av Lesotho |
Konge av Lesotho 1990–1995 |
Etterfylgjar Moshoeshoe II av Lesotho |
Føregangar Moshoeshoe II av Lesotho |
Konge av Lesotho 1996–idag |
Etterfylgjar |