Levká Óri (gresk Λευκά Όρη, tyder «Kvite fjell») er eit fjell vest på Kreta i Hellas. Dei kvite fjella eller Levká Óri utgjer ein god del av dei sentrale områda vest på Kreta og dominerer landskapet der. Dei består av kalkstein og vert kalla Dei kvite fjella fordi dei er dekte av snø til langt ut på våren.

Levká Óri
Λευκά Όρη
fjell
Levká Óri, utsikt frå nord
Land  Hellas
Område Kreta
Høgd 2 453 moh.
Primærfaktor 2 038 m
Koordinatar 35°17′34″N 24°01′54″E / 35.29278°N 24.03167°E / 35.29278; 24.03167
Kart
Levká Óri
35°17′34″N 24°01′54″E / 35.292778°N 24.031667°E / 35.292778; 24.031667
Wikimedia Commons: Lefka Ori

Den høgaste toppen er Pakhnes på 2 453 moh og det er over 30 toppar som er høgare enn 2 000 meter. Dei kvite fjella har om lag 50 raviner, det mest kjende er Samariáravinen. Eit anna geografisk trekk med fjellet er platået Omalós, som er eit rundt platå omringa av fjell i ei høgd på om lag 1 100 meter.

Levká Óri er det nest høgaste fjellet på Kreta (etter Idi eller Psilorítis) og det tiande høgaste i Hellas.

Sentrale og sørlege delar av Levká Óri ligg i ei høgd på 1 800 meter og over dette har ein i praksis eit månelandskap, kalla ein høg ørken, som er unik for den nordlege halvkula.

Levká Óri har ei rik historie sidan opprørarar har gøymd seg under dei greske krigane mot venetianarane og tyrkarane, i tillegg til under den tyske okkupasjonen i 1941-1945.

Kjelde endre