I kjemien er ein Lewis-struktur ein todimensjonal representasjon av eit molekyl. I første rekke blir dette brukt for å syne den omtrentlege og relative posisjonen til kvart atom i høve til dei andre atoma i molekylet, topologien til dei kovalente bindingane som koplar dei saman og plasseringa av elektron.

Oversyn over ulike enkle Lewisstrukturar.

Ein kan så bruke ulike regler, som oftast basert på oktettregelen, for å rekne ut fordelinga av ladningar i strukturen. Dette gir ikkje støtt eit korrekt resultat, men fungerer såpass ofte at Lewis-strukturar er eit nyttig verktøy innan kjemien.

Strukturen vart utarbeida av og gitt namn etter G. N. Lewis, som først brukte han i artikkelen «The molecule and the atom» frå 1916.

Forenkla Lewisstruktur av 1,3,5,7-cyklooktatetraen.

Det finst ulike forenkla versjonar av Lewisstrukturen. I organisk kjemi bruker ein for å spare tid, berre enkle linjer i staden for kvart enkelt atomsymbol. Ein reknar det da som implisitt at kvar knekk på linja er eit hydrokarbon (CH2) og at enden av kvar linje er eit hydrokarbon (CH3). Til dømes vil propan, som er ei enkel kjede med tre karbonatom, bli teikna som ei sikksakk-linje med to linjelengder. Sykloheksan, som er karbonatom i ein heksagonal ring, blir ganske enkelt teikna som eit heksagon.