Liaodong

Liaodong er ei halvøy i Liaoning-provinsen i Kina. Halvøya stikk ut i Gulehavet mellom Liaodongbukta i vest og Koreabukta i aust. Liaodong er 265 kilometer lang og 175 kilometer brei, og er ei forlenging av dei austmandsjuriske fjella. Høgste fjelltoppen er 1131 meter over havet høge Buyun Shan.

Liaodong
halvøy
Dalian.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Liaodong
40°0′ N 122°30′ E
Wikimedia Commons: Liaodong Peninsula
Kartplassering av Liaodong

Grunna den strategiske plasseringa tok, etter tur, både Russland, Japan og, til 1955, Sovjetunionen kontroll over Liaodong-halvøya. Ytst på halvøya ligg hamne- og industribyen Dalian.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Liaodong