Lier haldeplass
Lier haldeplass er ein haldeplass rett attmed tunnelopninga i Lier for Liertunnelen på Drammenbanen, 36,8 kilometer frå Oslo. Adressa er Tunnelvegen/Humlebakken.
Haldeplassen vart opna i 1973, i samband med at Liertunnelen vart teke i bruk. Då var namnet på haldeplassen Tuverud, men vart endra til Lier i 1996.
Lier haldeplass må ikkje forvekslast med den tidlegare Lier stasjon, som låg i Lierbyen, på den strekninga mellom Spikkestad stasjon og Brakerøya av Drammensbanen som var lagt ned då banen fekk den noverande traseen gjennom Liertunnelen og over Lierstranda.