Ligamentum mallei anterius

Det fremre leddbandet i hammaren (av latin ligamentum mallei anterius) er eit fibrøst leddband som kryssar frå den fremre apofysen i nakken av hammaren til den fremre veggen av trommehola i nærleiken av fissura petrotympanica.[1] Nokre av fibra går gjennom fissuren til spina ossis sphenoidalis, medan nokre går inn i ligamentum sphenomandibulare. Leddbandet oppstår frå bruskhinna av Meckels brusk, og kan stundom innehalda isolerte muskelfiber. Leddbandet si oppgåve er å gje stabilitet til hammaren.

Høgre trommehinne med hammaren og chorda tympani, vist frå innsida, baksida og ovanfrå.

Fleire bilete Endra

Kjelder Endra

  1. «Anterior Ligament of the Malleus». AnatomyExpert. Arkivert frå originalen 1. november 2014. Henta 16. februar 2015. 
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.