Opna hovudmenyen

Lille Presteskjær fyrstasjon

(Omdirigert frå Lille Presteskjær fyr)

Lille Presteskjær fyrstasjon er eit innseglingsfyr ved innseglinga til Rekefjord i Sokndal kommune i Dalane i Rogaland fylke. Fyret vart automatisert og avfolka i 1973.

Lille Presteskjær fyrstasjon
Sokndal. Lille Presteskjær fyr - NB MS G4 0277.jpg
Fyret mellom 1895 og 1910.
Foto: Marthinius Skøien / Nasjonalbiblioteket
FylkeRogaland
KommuneSokndal
FunksjonInnseglingsfyr
Oppretta1895
Koordinatar58°19.3800′N 6°15.4594′EKoordinatar: 58°19.3800′N 6°15.4594′E
Fyrtårn
Høgd20,8
FormRaudt tårn med eitt kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterTre lysglimt kvart 12. sekund
Lyshøgd23,5 moh
Lysvidde11,2 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1973
Avfolka1973
Lille Presteskjær fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Lille Presteskjær fyrstasjon

Fyrstasjonen vart oppretta i 1895 og forutan sjølve fyrtårnet høyrer det eit naust og eit uthus til stasjonen. Fyrtårnet er eit støypejarnstårn. Gjennom 60 år gjekk arbeidet som fyrvaktar på Lille Presteskjær i arv frå far til son gjennom tre generasjonar, familien heitte Gjertsen. Fyrvaktarfamilien budde i sjølve tårnet, nedst var det kjøken, i etasjen over var det stove og over det igjen var det soverom. I etasjen like under fyrlykta, i det minste rommet, budde reserveassistenten.

I 1973 vart sjølve fyrlykta fjerna frå tårnet og erstatta med ei lanterne. Grunnen var at aktiviteten i steinbrotet like ved laga så mykje støv, risting og steinsprut at det vart for mykje ekstraarbeid med vindaugsvasking og ruteskifting.

Staten eig fyrstasjonen og han er ikkje freda. Det vert no drive catering- og hotelldrift på fyrstasjonen.

KjelderEndra