Lille Storberg
Lille Storberg, fødd Anne Kristine Børresen, (fødd 30. januar 1945) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Kongsvinger som vart nordisk meister i handball 1967 og 1970 med Noreg. Ho vart norsk innandørsmeister 1967 og dobbeltmeister (innandørs og utandørs) i 1969 med Brandval Idrettslag.
Storberg spelte 55 kampar for det norske landslaget i tida 1965-71 og skåra 47 mål. Både i 1967 og 1970 høyrde ho med mellom dei viktigaste spelarane på dei norske laga som vart nordiske meistrar. Ho spelte sine siste landskampar under Handball-VM 1971 i Nederland. Storberg har «levert glimrende innsats i en rekke landskamper. Sterk som hun er gjør hun god nytte for seg i forsvaret, og lar seg nødig overliste».
Saman med Sigrid Halvorsen var Børresen/Storberg den sentrale duoen då Brandval IL i siste halvdelen av 1960-åra høyrde med mellom dei aller fremste handballaga på kvinnesida.
Kjelder
endre- Magnus Breili: Sport i navn & tall. Oslo 1971
- Landskampstatistikk