Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III Studioalbum av The Stone Poneys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. april 1968 | |
Innspelt | 1967-68 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 27:18 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Nik Venet | |
The Stone Poneys-kronologi | ||
---|---|---|
Evergreen, Volume 2 (1967) |
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III | Stoney End (1970) |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
Evergreen, Volume 2 (1967) |
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III | Hand Sown ... Home Grown (1969) |
Singlar frå Linda Ronsatdt, Stone Poneys and Friends, Vol. III | ||
|
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III er det tredje og siste studioalbumet til The Stone Poneys, gjeve ut 29. april 1968. Songaren Linda Ronstadt gav ut det første soloalbumet sitt året etter.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Sjølv om det er eit Stone Poneys-album, representerer det ein overgang og ei ny retning i forhold til dei to. Det markerte Ronstadt som solosongaren, etter krav frå Capitol Records og oppfordring frå produsenten Nik Venet, som alle såg potensialet hennar som soloartist etter suksessen med singelen «Different Drum» frå det førre albumet deira. Singelen vart merka «med Linda Ronstadt» og ho vart akkompagnert av andre musikarar i staden for bandmedlemmane Kenny Edwards og Bobby Kimmel. Det førte til krangling bandet, og det førte til slutt til at bandet gav seg. Edwards slutta i gruppa under innspelinga av dette tredje albumet, etter ein kort turné tidleg i 1968, og Kimmel slutta eit år seinare.[2]
Med den ny eretninga fekk trioen med seg ekstra musikarar, og songane som Edwards og Kimmel skreiv vart byta ut til fordel av songar i andre sjangrar. I staden for folkrock-stilen frå dei to første Stone Poneys-albuma, var dei fleste songane på Vol. III i ein countryrockstil som Ronstadt fortsette med på dei neste albuma sine. Dette gjaldt særskild singlane «Some of Shelly's Blues» og «Up to My Neck in High Muddy Water».
Alle dei tre bandmedlemmane var avbilda på omslaget til dei to første albuma, medan berre Ronstadt vart avbilda på dette albumet. På baksida kan ein sjå ho i lag med ei gruppe vener og naboar (som musikkforskaren Charles Seeger og visesongaren Tim Buckley) føre eit hus på Hart Avenue i Santa Monica i California, der Ronstadt budde. Seeger og Buckely budde i nærleiken.[3][4]
Utgjeving
endreAlbumet kom ut i april 1968 på Capitol i både monolyd og stereo. Det kom òg ut på 8-spors lydband. Albumet kom ut på CD i 1995.
Vol. III inneheld berre to songar skrivne av Bobby Kimmel og Kenny Edwards. Resten av songane henta Ronstadt frå kjende låtskrivarar som Tim Buckley og Laura Nyro, i tillegg til låtskrivarar ho hadde sunge på dei to første albuma, som Michael Nesmith, Steve Gillette og Tom Campbell, som hadde skrive dei korte songframenta som opnar albumet.
Den einaste songen frå albumet som gjekk inn på singellista var «Up to My Neck in High Muddy Water», som nådde 93. plassen på Billboard Hot 100.
Nesmit sin «Some of Shelly's Blues» kom òg ut på singel, men gjekk ikkje på nokre salslister. Nesmith var mest kjend som medlem av The Monkees på denne tida.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Fragments: Golden Song» / «Merry-Go-Round» / «Love Is a Child» | Steve Gillette / Tom Campbell / Steve Gillette | 1:40 |
2. | «By the Fruits of their Labors» | Bob Kimmel, Ken Edwards | 2:05 |
3. | «Hobo» | Tim Buckley, Larry Beckett | 3:00 |
4. | «Star and a Stone» | Kimmel, Edwards | 3:33 |
5. | «Let's Get Together» | Chet Powers | 3:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Up to My Neck in High Muddy Water» | Kathy Wakefield, Robert Yellin, John Herald | 2:35 |
2. | «Aren't You the One» | Tim Buckley | 2:30 |
3. | «Wings» | Tim Buckley | 3:00 |
4. | «Some of Shelly's Blues» | Mike Nesmith | 2:10 |
5. | «Stoney End» | Laura Nyro | 3:35 |
Medverkande
endreBandmedlemmar
endre- Bob Kimmel, gitar
- Kenny Edwards, gitar
- Linda Ronstadt, solovokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Ronstadt, Linda (2013). Simple Dreams: a musical memoir. New York: Simon & Schuster. pp. 42-44, 48. ISBN 978-1-4516-6872-8.
- ↑ Ronstadt, Linda (2013). Simple Dreams: a musical memoir, p. 35.
- ↑ «Linda Ronstadt, Homecoming Queen, April 1995». Mojo. Henta 29. november 2020.
- ↑ Bandmember List Only, allmusic. Henta 29. november 2020.