Opna hovudmenyen

Linn T. Sunne

norsk forfattar

Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne (fødd 2. desember 1971)[1] er ein norsk forfattar. Ho har særleg skrive bøker for born og unge, både på nynorsk og bokmål.

Linn T. Sunne
Linn T Sunne 2012 Grimstad (1).jpg
Linn T. Sunne i 2012.

Aust-Agder bibliotek og kulturformidling

 (2012)
Nasjonalitet Norsk
Fødd 2. desember 1971 (47 år)
Yrke Forfattar
Periode 2000-
Sjanger Barnelitteratur
Debut Stjernestøv
Nettstad linntsunne.net

Linn T. Sunne voks opp på Kongsberg og i ValldalSunnmøre.[2] I tillegg til barnebøkene har ho skrive manus, blant anna for Hotel Cæsar, og noveller samt bokmeldingar i Oppland Arbeiderblad. Ho er busett på Dokka og arbeider med litteraturformidling på Oppland fylkesbibliotek sin bokbuss i Oppland.[2]

Ho vann Brageprisen i klassen for barne- og ungdomsbøker i 2007 for boka Happy , og i 2012 fekk ho prisen i open klasse for ungdomsromanen Lille Ekorn.[3] I 2012 vart ho også tildelt Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for det samla forfattarskapet sitt.

BokutgjevingarEndra

Linn T. Sunne byr på drama av det alvorleg realistiske slaget. Debuten Stjernestøv (2000) handla om ei jente som korkje blir sett av foreldra eller han ho er forelska i. I Under morelltreet (2001) misser Nora bestevenninna i kreft. I Luna (2003) blir mor råka av alvorleg fødselsdepresjon. Happy tek opp noko enda meir tragisk.

Guri Fjeldberg om Happy på barnebokkritikk.no 2007[4]
  • 2000: Stjernestøv – barnebok, gjeve ut på Samlaget
  • 2001: Under morelltreet – barnebok, Samlaget
  • 2003: Luna – barnebok, Samlaget
  • 2005: Min venn himmelenBiletbok, gjeve ut på Gyldendal
  • 2006: Størst – barnebok, Gyldendal, illustrert av Bjørn Ousland
  • 2007: Happy – barnebok, Samlaget
  • 2008: Blå blondie – ungdomsbok, Samlaget
  • 2009: Mystiske gjester – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
  • 2010: Venner og uvenner – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
  • 2010: Pistolen – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ketil Selnes
  • 2011: Saiko – ungdomsbok, Samlaget
  • 2011: Hundre raketter og ett skudd – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
  • 2011: Trøbbel i Sommervik – samleutgåve for Bokklubben, illustrert av Ida Larmo
  • 2011: Kjelleren – barnebok, Gyldendal, illustrert av Erik Ødegård
  • 2012: Tyven på fjellet – barnebok, Gyldendal, illustrert av Ida Larmo
  • 2012: Lille ekorn – ungdomsbok, Gyldendal

ReferansarEndra

  1. «Linn T. Sunne (02.12.1971)». forfatterkatalogen.no. Henta 11. november 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Linn T. Sunne». Nettstaden til Samlaget. Henta 11. november 2012. 
  3. Tone Staude (28. november 2012). ««Årets vinnere av Brageprisen»». nrk.no. Henta 28. november 2012. 
  4. Guri Fjeldberg om Linn T. Sunnes Happy på barnebokkritikk.no 2007

BakgrunnsstoffEndra