Svake substantiv
(Omdirigert frå Linne substantiv)
Svake substantiv (eller linne substantiv) er i germanske språk substantiv som i si opphavlege form enda på konsonanten –n. Alt i norrønt språk var denne konsonanten fallen bort, slik at dei svake substantiva i moderne norsk språk i ubunde eintal endar på ein trykklett vokal; oftast ein –e.
Norsk
endrePå moderne norsk, kan endingsvokalen skifte ved bøying av substantivet:
- ein hane – hanen – hanar – hanane
- ei høne – høna – høner – hønene
- eit eple – eplet – eple – epla
Nokre svake substantiv kan ha avvikande bøygningsmønster:
- ei furu – furua – furuer – furuene
- (eller ei fure – fura – furer – furene, jamstilt form)
- eit auga – auga – augo – augo
- (eller eit auge – auget – auge – auga, jamstilt form)
Som auga går òg øyra og hjarta. I klassisk nynorsk følgde òg hyrna, noda, nykla, nyra, nysta, okla denne forma. I klassisk nynorsk, som i høgnorsk, er vokalvariasjonane større: Desse bøygningsmønstra var tillatne sideformer i nynorsk fram til 2012.
- ei høna – høna - hønor – hønone
- ei fura – fura – furor – furone
- eit eple – eplet – eple – epli
Norrønt
endreubunde eintal | bunde eintal | ubunde fleirtal | bunde fleirtal | |
---|---|---|---|---|
nom. | granni | granninn | grannar | grannarnir |
gen. | granna | grannans | granna | grannanna |
dat. | granna | grannans | grǫnnum | grǫnnunum |
akk. | granna | grannann | granna | grannana |
ubunde eintal | bunde eintal | ubunde fleirtal | bunde fleirtal | |
---|---|---|---|---|
nom. | aska | askan | ǫskur | ǫskurnar |
gen. | ǫsku | ǫskunnar | askna | asknanna |
dat. | ǫsku | ǫskunni | ǫskum | ǫskunum |
akk. | ǫsku | ǫskuna | ǫskur | ǫskurnar |
ubunde | bunde | |
---|---|---|
nom. | gleði | gleðin |
gen. | gleði | gleðinnar |
dat. | gleði | gleðinni |
akk. | gleði | gleðina |
ubunde eintal | bunde eintal | ubunde fleirtal | bunde fleirtal | |
---|---|---|---|---|
nom. | auga | augat | augu | augun |
gen. | auga | augans | augna | augnanna |
dat. | auga | auganu | augum | augunum |
akk. | auga | augat | augu | augun |
Kjelder:
endre- Prof. Even Hovdhaugen i Kunnskapsforlagets Store norske leksikon 1981 ISBN 82-573-0038-1
- Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7