Lisa Tønne

norsk komikar

Lisa Tønne (fødd 21. desember 1977) er ein norsk standupartist, programleiar og skodespelar.

Lisa Tønne
Lisa Tonne Ali Reza.jpg
Fødd21. desember 1977 (44 år)
FødestadTeheran
FødenamnForozan Sadeghi Naser
Verka somkomikar, stemmeskodespelar, skodespelar
EktefelleKyrre Holm Johannessen

Bakgrunn og familieEndra

Tønne vart fødd under namnet Forozan Sadeghi Naser (فروزان صادقی ناصر) i Iran, og vart etter kort tid forlaten av foreldra i ei korg utanfor ein barneheim i Teheran.[1] Ho var blant dei siste adoptivbarna frå Iran som vart adopterte til ikkje-muslimske adoptivforeldre. Ho vart adoptert av eit par frå Trondheim, der ho budde til ho var 16 år gammal.

Lisa Tønne gifta seg i 2007 med programleiaren Kyrre Holm Johannesen og har to barn.

UtdanningEndra

KarriereEndra

Tønne debuterte som standup-komiker på utestaden Lille i Oslo i 1999. Ho vart seinare programleiar i programmet Tur/returTVNorge. Ho hadde ei rolle under Turneen til Riksteateret med showet Skitt au, sjøl sola har flekker! og var musikalartist i musikalen The Space Vixens. Tønne spelte rolla Solfrid i TV 2-serien Seks som oss. Solo-standupshowet hennar med rollefiguren Ali Reza har gjeve ho ei rekkje oppdrag. Våren 2010 var Tønne deltakar i innslaget Camp Senkveld i TV 2-programmet Senkveld med Thomas og Harald.

Tusvik og Tønne vann publikumsprisen for årets morosamaste under Komiprisen 2015, og same år hadde dei både eit show på TV 2 og showa Tusvik & Tønne skammer seg! på Latter.[2] Nettavisa har kåra henne til ein av Noregs 25 mest innverknadsrike personane på internett.[3]

I 2020 var Tønne programleiar for dokumentarserien Håpets marked på NRK.

PodcastEndra

11. oktober 2012 starta ho podcastprogrammet Tusvik & Tønne saman med Sigrid Bonde Tusvik[4]

Podcasten har fått hard kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.[5][6]

HjernesvulstEndra

I 2013 fekk Tønne operert bort ein svulst på hjernen. Då ho vakna opp av narkosen viste det seg at ho hadde vorte lam i halve andletet.[7]

TV-framferderEndra

  • 2020: Håpets marked (programleiar) (NRK)
  • 2015: Tusvik & Tønne Talkshow (TV 2)
  • 2015: Mitt Dansecrew (TV 2)
  • 2014: Norske Talenter (TV 2)
  • 2010: Camp Senkveld (TV 2)
  • 2009: Ali Reza and the Rezas (TV 2)
  • 2006: 9 av 10 nordmenn (medprogramleiar) (TV 2)
  • 2004-05 & 2007: Seks som oss (Solfrid) (TV 2)
  • 2002-03: Lørdan (spilte faste innslag som den pakistansk tenåring «Ali Reza») (NRK)
  • 2001: Tur: Retur (medprogramleiar) (TVNorge)

Prisar og utmerkingarEndra

  • 2002 - Årets nykommer under Komiprisen 2002
  • 2005 - Årets kvinnelege artist, revy og komedie under Komiprisen 2005
  • 2015 - Publikumsprisen årets morosamaste under Komiprisen 2015 saman med Sigrid Bonde Tusvik

KjelderEndra

  1. «Moromammaen». Henta 8. april 2021. 
  2. «– Trodde ikke vi skulle vinne». Henta 8. november 2015. 
  3. nettavisen. «De 25 mest innflytelsesrike på internett i Norge». Nettavisen (på norsk). 
  4. «Tusvik & Tønne». Arkivert frå originalen 2015-10-11. Henta 8. november 2015. 
  5. Erle Marie Sørheim (30. januar 2019). «Ut mot podkast-stjerner: − I Tusvik og Tønnes verbale gapestokk». Henta 12. februar 2021. 
  6. Erle Marie Sørheim (28. oktober 2020). «- I stedet for å svare meg, valgte Tusvik og Tønne å henge meg ut». Henta 12. februar 2021. 
  7. «Lisa Tønne ble lam i halve ansiktet: - Jeg blir nok litt selvbevisst - TV2.no». Henta 8. november 2015.