Lisbeth Iversen

norsk politikar

Lisbeth Iversen (fødd 28. november 1961) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Lisbeth Iversen har vore byråd i Bergen sidan 2003. Frå 2011 er ho byråd for sosial, bustad og områdesatsing i byrådet Mæland III. I byrådet Mæland II, 2007-2011, var ho nestleiar og byråd for byutvikling, næring og klima. I byrådet Mæland, 2003-2007, I var ho byråd for miljø og byutvikling.

Lisbeth Iversen

Lisbeth Iversen
Foto: Anna-Marie Kjøde Olsen
Fødd28. november 1961 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Lisbeth Iversen har vore medlem av bystyret i Bergen sidan 1999. Ho har ein Master of Management frå Handelshøgskulen BI og ein cand. mag. frå Universitetet i Bergen.

Iversen er særleg kjend for sitt arbeid med å få realisert Bybanen i Bergen og innføringa av einingstakst på bussane i Bergen.

Iversen bur på Totland i Bergen. Ho er gift med Harald Huge Iversen og saman har dei fire barn.