Lise Haavik (fødd 23. februar 1962 i Narvik) er ein norsk-dansk songar som er best kjend for å ha representert Danmark i Bergen i Eurovision Song Contest 1986. Ho er også kjend i Danmark for sitt arbeid i duoen Trax saman med sin ektemann, John Hatting.

Lise Haavik

Fødd23. februar 1962 (63 år)
FødestadNarvik
OpphavNoreg
Aktiv1983–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar
Gift medJohn Hatting

Biografi

endre

Tidleg liv

endre

Haavik vart fødd i Narvik 23. februar 1962. Ho flytta til Danmark i 1982 for å studere økonomi ved Odense Universitet og Copenhagen Business School. Haavik samarbeida med John Hatting seint i 1983, og dei gifta seg like etter. På den tida jobba ho med musikk på fulltid og slutta å studere.[1]

Musikalsk karrière

endre

Eit år etter ho flytta til Danmark, vart Haavik med i amatørsongtevlinga til Se & Hør, der ho kom på andreplass. Like etter dette møtte hun John Hatting, som seint i 1983 søkte etter ein kvinneleg songar for å starte ein duo. Plateselskapet sende Haavik, og saman danna dei duoen Trax.[1]

Haavik representerte Danmark i Eurovision Song Contest 1986 med songen «Du er fuld af løgn».[1] Mens begge var til stades på scena i Grieghallen, var det berre Haavik som song, og som vart kreditert under framsyninga (Hatting vart seinare kreditert som komponist).[2] Songen enda på sjetteplass av totalt 20 deltakarar. Det er den einaste gongen Haavik har delteke i Eurovision Song Contest, etter fleire mislykka forsøk på å representere Danmark i 1984 og 1985. Ho prøvde seg også for Noreg i Melodi Grand Prix 1988, utan å nå finalen.

Haavik har fortsett å jobbe med musikk, med hennar siste verk, «Cry Me a River», utgjeve i 2007.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Denmark in 1986». ESCToday. Henta 6. oktober 2008. 
  2. Eurovision Song Contest 1986 (3. mai 1986). Danmarks Radio.
  3. Cry Me a River at Yahoo! Music

Bakgrunnsstoff

endre