Lise Meitner (7. november 187827. oktober 1968) var ein austerriksk-svensk fysikar. Ho gjorde framtredande studium i kjernefysikk og radioaktivitet, men opplevde motgang gjennom å vera av delvis jødisk opphav i Det tredje riket, og ved at ho var kvinne i ei tid der mange meinte hennar kjønn ikkje hadde noko å gjera innan naturvitskap.

Lise Meitner

FøddElise Meitner
7. november 1878
Wien
Død27. oktober 1968
Cambridge
NasjonalitetCisleithania, Austerrike, Sverige
Områdefysikk
Yrkekjernefysiker, universitetslærar, kjemikar, fysikar
InstitusjonarFriedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Kungliga Tekniska högskolan
Kungliga Tekniska högskolan
Humboldt-Universität zu Berlin
Universitetet i Wien
Catholic University of America
Alma materUniversitetet i Wien
Akademisches Gymnasium
DoktorgradsrettleiarFranz-Serafin Exner
Ludwig Boltzmann
MedlemRoyal Society
Akademie der Wissenschaften der DDR
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det austerrikske vitskapsakademiet

I dag vert Lise Meitner sett på som ei av dei mest produktive kvinnelege forskarane i det 20. hundreåret. Ho hadde ein sentral rolle i arbeidet med fisjon, og det var ho som først forstod kva som skjedde når ein sendte nøytron mot uran. Albert Einstein var ein av vitskapsmennene som hadde stor respekt for Meitner, og han kalla henne «vår madame Curie».[1] I ettertid er Meitner blitt kjend for ikkje å ha blitt tildelt nokon nobelpris, medan kollegaen Otto Hahn fekk Nobelprisen i kjemi for arbeidet med fisjon i 1945.[2]

Lise Meitner som doktorgradskandidat i 1906.

Privatliv og familie endre

Lise Meitner vart fødd i Wien i Austerrike. Ho var det tredje av i alt åtte søsken, og foreldra var Hedwig og Philipp Meitner, ein jødisk advokat. Lise Meitner blei seinare kristen; ho døypte seg protestantisk i 1908.

Karriere endre

Allereie tidleg i barneåra viste det seg at Lise Meitner hadde eit stort talent innan matematikk og fysikk. På denne tida fekk ikkje jenter offentleg undervising etter fylte 14 år i Austerrike. Etter eigeninnsats og timar hos privatlærar bestod Lise likevel inngangseksamen til universitetet i Wien i 1901. Då ho byrja på universitetet var ho så heldig at ho fekk oppleve den siste forelesningsserien til Ludvig Boltzmann. Boltzmann likte godt å ha kvinner på førelesningane sine, og han vart ein stor inspirasjonskjelde for Meitner.

I 1905 avslutta Lise Meitner doktorgraden sin, som handla om eksperimentell testing av ein av Maxwell sine elektromagnetiske likningar. Lise vart dermed den andre kvinna som tok ein doktorgrad ved universitetet i Wien. Eit år etter ho fullførte doktorgraden flytta Meitner til Berlin for å jobbe for Max Planck, ein vitskapsmann ho respekterte høgt. Lise fekk eit godt førsteinntrykk av forskingsmiljøet i Berlin, der ho også møtte Albert Einstein, men etterkvart som tida gjekk forstod ho at det ikkje var lett å vere kvinneleg forskar hos Planck. Han såg ikkje for seg korleis ho som kvinne kunne samarbeide med dei mannlege forskarane ved universitetet, og ho måtte ta til takke med å nytta kjellaren i universitetet som arbeidslokale. Meir fruktbart var møtet med kjemikaren Otto Hahn, som skulle bli ein viktig samarbeidspartnar i over 30 år.

 
Lise Meitner saman med kollegaen Otto Hahn, ca. 1925.

I 1913 byrja Meitner og Hahn å arbeide ved det nystarta Kaiser Wilhelm-instituttet som vart drive på privat grunnlag. Her studerte dei radioaktivitet, og med Meitner sine kunnskapar og erfaringar frå forsøk og teori i fysikk, og Hahn sine kunnskapar om kjemiske prosessar, danna dette eit godt grunnlag for forskinga. Dei samarbeide godt, og dei hadde eit godt samhald. I 1917 oppdaga Meitner og Hahn den første langlivde isotopen av grunnstoffet protactinium. I 1918 blei Meitner leiar av ei eiga avdeling for strålingsfysikk ved instituttet. I 1923 oppdaga Meitner utsendinga av Auger-elektron.

Meitner vart etterkvart og sett på som ein av pionerane i bruk av Geiger Muller-teljaren. Ho nytta den til å måle gammastråling gjennom ulik materie. I 1933 deltok ho på den sjuande Solvay-konferansen, der leiande fysikarar deltok.

Flukt endre

Då Tyskland invaderte Austerrike i 1938 blei stillinga til Meitner vanskeleg. Dei nazistiske raselovane gjorde det umogleg for henne å arbeide ved instituttet, og sette henne i fare for å bli send til ein utryddingsleir. Ved hjelp og overtaling frå venner, som den nederlandske fysikaren Dirk Coster, flykta Meitner til Sverige, og starta eit samarbeid med den danske fysikaren Niels Bohr.

I Stockholm arbeidde Meitner med den svenske fysikaren Manne Siegbahn i hans forskingsinstitutt. Ho kunne fortsetta forskinga si trygt, men mangla utstyr, assistentar og støttande kollegaer.[3] Dette vart eit tilbakeslag for Meitner sin karriere som fysikar fordi ho mista mykje av den vitskaplege posisjonen ho hadde opparbeida seg i Berlin.

Før Lise Meitner måtte forlate Tyskland, hadde ho og Hahn byrja å arbeide med spalting av atomkjernar. Hahn fortsette å jobbe med dette etter at Meitner reiste, men han kom ingen veg. Dei sendte brev til kvarandre om korleis dei skulle komme vidare i arbeidet, og i eit brev råda Meitner til at Hahn skulle sende store mengder nøytron på grunnstoffet uran. Då han gjorde dette, fann han ut at grunnstoffet barium vart danna. Otto Hahn forstod ikkje kva som hadde skjedd, men det gjorde Meitner. Ho skjønna at urankjernen var blitt spalta, og at den eine delen var barium og den andre delen var krypton. Ho fann og ut at det vart sleppt ut store mengder energi. Ho jobba saman med nevøen Otto Frisch, frå Niels Bohrs institutt i København, og saman klarte dei to å rekne ut kor mykje energi spaltinga gav. Dei fann det ut ved å bruke den geniale formelen til Albert Einstein, E = mc². Ho kalla denne prosessen opp etter det latinske ordet «fissio» som tyder å spalte. Kort tid etter kunne idèen til Meitner bli eksperimentelt vist. Den 6. januar 1939 vart resultata publiserte i Naturwissenschaften, eit tysk vitskapsmagasin.

 
Lise Meitner (til høgre) med Arthur H. Compton og Katherine Cornell den 6. juni 1946, då ho og Cornell fekk prisar frå den amerikanske National Conference of Christians and Jews.

Det gode vennskapen mellom Meitner og Hahn vart etter kvart svekka. Otto Hahn fekk i 1944 nobelprisen i kjemi for sitt arbeid med fisjon, og der vart ikkje Meitner nemnd med eit ord. Ho hadde jo eigentleg hatt ein sentral rolle i forskinga, og mange trudde ho ikkje vart nemnt fordi Hahn ikkje ville bli assosiert med ein jøde når det var krig. Men då han ikkje gjorde noko for å rette opp dette etter krigen, såg Meitner på dette som eit svik. Sjølv om mange ville tru at deira venskap vart avslutta etter dette, vart det ikkje det. Deira unike vitskaplege samarbeid var nok grunnen til at Meitner ikkje ville «straffe» Hahn for det han hadde gjort. I 1966 fekk likevel Meitner heider for arbeidet sitt med fisjon. Då fekk ho, Otto Hahn og Fritz Strassmann The U.S Atomic Energy Commision Enrico Fermi Prize. Dessverre kunne ikkje Lise Meitner komme til utdelingsseremonien på grunn av dårleg helse. Ho døydde 27. oktober 1968.

Meitnerium endre

 
Elektronskalmodell av meitnerium.

29. august 1982 vart grunnstoff nr. 109 framstilt for første gong. Det vart funne ved at grunnstoffet vismut (209Bi) vart bombardert med akselererte kjernar av jern (58Fe), og grunnstoffet Mt-266 + 1n vart danna. Peter Armbruster og Gottfried Münzenberg var leiar for forskinga, og dei valde å kalla stoffet opp etter Lisa Meitner, for å heidre ho som forskar.

 

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «The Woman Behind the Bomb». Washington Post. Henta 3. august 2007. 
  2. Judson, Horace (20. oktober 2003). «No Nobel Prize for Whining». New York Times. Henta 3. august 2007. «Lise Meitner, the physicist first to recognize that experiments reported by two former colleagues in Berlin meant that atoms had been split, never got a prize, even though one of those colleagues, Otto Hahn, did in 1944.» 
  3. By Patricia Rife, Lise Meitner: Lise Meitner and the dawn of the nuclear age, s. 179