Lise Skjåk Bræk

Lise Marie Elisabeth Skjåk Bræk (fødd 7. november 1941 som Marie Elisabeth Bræk) er ein norsk kunsthandverkar og designar. Ho er utdanna motedesignar frå Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS). Ho har i hovudsak arbeidd med klede som kunsthandverk. Ho kallar seg «klesantropolog», og har lenge vore oppteken av klede som språk og kommunikasjon, noko ho har utforska og vist i utstillingar og bokutgivingar. Ho har designa drakter og uniformer for føretak og etatar, som Posten, Tollvesenet og Vinmonopolet. Bræk har òg designa wearable art, eksklusive motekolleksjonar, kostyme, seremonielle plagg for universitet – og kyrkjetekstil for fleire kyrkjer. Bræk har blant anna designa kyrkjetekstilar for Nidarosdomen

Lise Skjåk Bræk

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1941 (82 år)
Oslo
Yrke kunsthåndverker, smykkedesigner
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Ola Skjåk Bræk
Mor Ingeborg Skjåk Bræk
Ektefelle Steinar Westin
Lise Skjåk Bræk på Commons
Lise Skjåk Bræk etter tildeling av Trondheim kulturprisen til kommune 2016. Statuetten «Go'dagen» av Tone Thiis Schjetne er del av prisen.
Foto: Kj. Lie

Då Bræk engasjerte seg i Noregs olympiske komité som designar og kunstnarisk konsulent i samband med OL i Albertville, Barcelona i tillegg til i Lillehammer, la ho vekt på å designa plagg, og velja profilprodukt, basert på norske tradisjonar. Etter dette har ho formgitt både plagg og produkt med utgangspunkt i norske drakttradisjonar og mønster. Bræk har arbeidd både for ulike føretak, i tillegg til sine eigne kolleksjonar og enkeltplagg. Sidan slutten av 1990-tallet har ho i hovudsak designa festdrakter, der kvar drakt er ein original. Ho har òg formgitt andre produkt enn klesplagg, blant anna servise, teppe og reiseutstyr.

Bræk har hatt ulike verv gjennom si interesse for kvinnesak og politikk. Ho har vore formann i Trondhjems Kvinnesaksforening, og stod bak «kumuleringsaksjonen» i Trondheim i 1971. Denne førte til at det kom fleire kvinner inn i bystyret.

I 2016 vart Bræk tildelt Trondheim kommune sin kulturpris innan det profesjonelle kunst- og kulturområdet.

Bakgrunn endre

Brærk vart fødd i Oslo. Ho vaks opp i ein politisk engasjert familie, og vart tidleg politisk bevisst. Fredaktivisten Ingeborg Skjåk Bræk, var mor til Lise Marie Bræk. Ingeborg representerte ei tid Venstre i heradstyret og formannskapet i Borgund, då familien budde der. Faren, banksjef Ola Skjåk Bræk, var venstremann, og sat som industriminister i Korvald-regjeringa 1972–1973.[1][2]

Bræk er per 2021 busett i Trondheim. Ho er gift med professor i sosialmedisin Steinar Westin, og er syster av professoren og biokjemikaren Gudmund Skjåk-Bræk.[3][4]

Studietid
 
Lise Skjåk Bræk i kjole av eigen design (ca. 1968)

Bræk gjekk eit år på Nansenskolen etter drakt- og kjolelinja ved Ålesund yrkesskole.[5] Deretter studerte ho ved Staten sin handverks- og kunstindustriskule (SHKS). Ho tok eksamen ved SHKS i 1963. I studietida gjennomførte ho òg eit kurs ved Bromley College of Arts i England, og ho har seinare hatt fleire kortare studieopphald i Italia.[6]

Bræk vart uteksaminert frå mote- og tekstillinja ved SHKS i tida då fleire radikale, politisk engasjerte ungdomar helst ikkje ville befatte seg med mote. Bræk var ingen typisk «sekstiåttar». Ho ville ikkje la seg avgrensa som kunsthandverkar, og hadde lyst å skapa klede. Bræk ynskte å ha det same frie tilhøvet til val av materialar, fargar og uttrykksformer som andre kunstnarar hadde.[7]

Politikk

Hausten i 1971 var det kommunestyreval i Noreg. I samband med dette oppfordra Norske Kvinners Nasjonalråd kvinner i heile landet til å kumulera for å få fleire kvinner inn i kommunestyra. Bræk, som då sat i styret i Trondhjems kvinnesaksamskipnad, var initiativtager i Trondheim.[8] Ho heldt foredrag i fleire kvinnesamskipnader, blant anna i kvinnesaksamskipnaden. Ho forklarte korleis ein kunne stryka menn og kumulera kvinner på listene, og kumulera kvinnelege kandidatar frå listene til andre parti. I valet var det svært mange av innbyggjarane som følgde hennar råd, og aksjonen førte til store endringar i sammasetninga av bystyregruppa for enkelte parti, spesielt Høgre.[9]

Bræk engasjerte seg i EF-politikk på nei-sida og i miljødebatten. Ho deltok i Kunstneraksjon-74, og var aktivt med då Norske Kunsthandverkarar vart oppretta som eigen fagorganisasjon i 1975.[7] I perioden 1974–1975 var ho formann for Trondhjems Kvinnesaksforening.

Virke endre

Kunstner, brukskunstner, designer – hva er hun egentlig? Hun er alt dette, for hennes arbeider krysser grenser.

 
Detaljplanlegging av festdrakt
Foto: Lise Skjåk Bræk

Sidan studietida har Bræk vore interessert i det antropologiske aspektet ved kroppsutsmykking, klede og kleskodar i ulike samfunn. Ho var tidleg ute med å kalle seg for «klesantropolog». Når Bræk formgir klede som kleskunst mest meint for utstilling, seremonielle antrekk, funksjonelt arbeidstøy eller antrekk som skal profilera hendingar og føretak, er ho oppteken av klede som kommunikasjon, og legg alltid vekt på kva plagga skal uttrykkja.[10][11]

Bræk samarbeidde tidleg i 1970-åra med ein kollega om å designa kjolar av afrikanske kangaer. Den grafiske designaren Astri Reppe har òg samarbeidd med Bræk på enkelte prosjekt. Reppe har vore med på å detaljutforme ornament på borda til stolaar og seremonielle kappar, og har skåra sjablongar til enkelte av festdraktene. Etter dette har Bræk stort sett arbeidd åleine.

Bræk sydde alt ho designa sjølv dei fyrste åra ho arbeidde med klede. Ho etablerte likevel tidleg ein verkstad med tilsette syere. Etter dette fekk ho store profileringsoppdrag for firma og etatar i 1980-årane, hadde ho eige atelier med fleire tilsette, som sydde prototypar av hennar design. Dei sydde òg antrekka ho formgav til sine halvårlege motevisingar.

I arbeidet med festdraktene designa ho alt, heilt frå skissestadiet til detaljplanlegging, som materialval og plassering av dei ulike dekorative elementa, men sjølve monteringa sette ho vekk.

Kunsthandverk og kleskunst endre

Firmaet og kledemerket Kalinka vart etablert i 1967. Ein modellør som konstruerte mønster, og designa klede for menn, kvinner og barn etablerte Kalinka saman med Bræk.[12] Produkta deira vart først selde gjennom andre, etterkvart gjennom Bræk sin eigen butikk Totikki, som opna i Trondheim hausten 1967.[13] I same periode arbeida ho som frilans designar for fleire norske konfeksjonsfabrikkar, med eineansvar for store kjolekolleksjonar. Ho fungerte òg som innkjøpskonsulent for konfeksjon. Etter nokre år vald ho å satsa som kunsthandverkar. Totikki vart nedlagt og Kalinka avvikla, og frå 1972 kunne ho først og fremst konsentrera seg om kunsthandverk.[14]

Ved sida av at ho som kunsthandverkar designa funksjonelle klede for sal, laga ho eksperimentelle antrekk, såkalt «wearable art», der den kunstneriske ideen til plagget og utforming er langt viktigare enn funksjonaliteten.

En helt ny side ved motehistorien kom til uttrykk i 1970-årene. Det var eksperimentelle klær utviklet av kunsthåndverkere og i utlandet kalt «wearable art» («bærbar kunst»). Én som i Norge tidlig utmerket seg innen denne retningen, var tekstilkunstneren, motetegneren og moteskribenten Lise Skjåk Bræk (1941–). Hennes årlige kolleksjoner og mange utstillinger var allerede fra begynnelsen preget av hennes høye krav til godt håndverk og plaggenes anvendelighet, kombinert med frodig fantasi og en forutseende teft for hva som kom til å bli moderne innen haute couture. Lise Skjåk Bræk har derfor utvilsomt blitt en kilde til inspirasjon for de mange moteskapere i dagens Norge.

 
Insektkjole (1985). Innkjøpt av NKIM.
Foto: Mentz Indergaard

Utstillinga «Smykke -85» opna i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum (NKIM) i 1985. Her var Bræk representert med tre eksperimentelle smykke, blant anna eit hals- og hodesmykke i gull-lamé, fjør, messing og plast.

På Grand Hotel i Oslo vart utstillinga «Karneval i Venezia» vist i februar 1988. Her viste litteraturkritikar Inger-Margrethe Lunde og kulturjournalist Steinar Wiik store fargefotografi, og Lise Skjåk Bræk stilte ut tolv av maskene ho hadde designa.[15]

Museumsdirektør Jan-Lauritz Opstad utgav boka En ny bevissthet : norsk kunsthåndverk 1970–1990 i 1989. Han ynskte å visa kva som særprega godt kunsthåndverk.[16] I denne boka er Lise Skjåk Bræk ein av dei omtalte, og ho er presentert med bilete av eit par av sine drakter, blant anna «Insektkjole» (1985) som er innkjøpt av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.

Dei kunstantrekka ho har designa, har ikkje berre vore laga for skulda til eksperimentet. I utstillingane Klær som uttrykk (1981) såg ho på samsvar mellom kledeuttrykk og tru, militærideologi og uniformer – og scene-psykologien til skikkelsar og kostyme.[17] I utstillinga Nonner og samuraier (1990) utforska ho kleskodane til to grupper som, på svært ulikt vis, har distansert seg frå samfunnet.[18] I utstillinga Drømmer og virkeligheter (1985) var ho inspirert av commedia dell'arte og karnevalet i Venezia, og kostyma skulle «fortelle sin egen historie, uten at noen hadde skrevet manus».[19]

Profildesign endre

Arbeidstøy-kolleksjonar
 
Skisse for Vinmonopolet sitt arbeidstøykolleksjon. Design og skisse: Lise Skjåk Bræk



Arbeidet hennar med kleskolleksjonar for firma, etatar og hendingar starta med at Bræk tidleg i 1980-årane vann ein lukka konkurranse om uniformsystemet for SAS-hotellet Scandinavie i Oslo. Antrekka vart lansert i samband med markering av hotellet sitt 10-årsjubileum i 1985. Seinare har ho designa uniformer for fleire hotell, blant anna Britannia Hotel i Trondheim; for butikkar, flyselskap, Vinmonopolet og offentlege etatar som Posten Noreg, Toll- og avgiftsdirektoratet og Televerket.[20]

OL- og VM-design

Bræk har frå tidleg i karriera hevda at Noreg burde byggja på sin kunnskap om vinterklede, og verta leverandør av sports- og fritidsklede for kalde og polare strauk, framfor å kopiera andre land sine klesstilar.[21] Ho har òg ved fleire høve uttrykt seg kritisk om dei norske idrettsutøvarane sine preglause antrekk i paraden i sommer-OL 1988 i Seoul. Det var ikkje noko ved antrekka som uttrykte norsk identitet.[22]

Både før vinter-OL 1992 i Albertville, sommer-OL 1992 i Barcelona og vinter-OL 1994Lillehammer vart ho engasjert av Noregs olympiske komité som designar og kunstnerisk konsulent. Ho designa og utvikla delar av kleskolleksjonene til den norske troppen, og valde ut produkt frå ulike leverandørar. Det vart lagt vekt på norske tradisjonar både i utforming, bruk av fargar og materiale.[23]

Då Trondheim skulle arrangera «VM på ski '97»[24], vart Bræk engasjert i designarbeidet. Ho samarbeidde med den grafiske designaren Finn Olderøyen om VM-kolleksjonen, designen antrekket til alle utøvarane, unntatt løpsklede, og utvikla eit eige designprogram for klede og andre VM-produkt, med selburosa som utgangspunkt.[25]

By-jubilé

I 1997, same år som «VM på ski '97», feira Trondheim 1000 år som by, og Lise Skjåk Bræk vart engasjert som designar og produktsjef. I tillegg til å designa antrekk og velja jubileumprodukt, viste ho òg eigne moteklær. I juni hadde ho og Ellinor Flor ein stor moteoppvisning for femten tusen frammøtte på Torvet i Trondheim.[26]

Før Ålesund sitt 150-årsjubileum i 1998, danna Bræk og representantar for to trondheimsfirma, Hanskemagasinet og Aagaard Lærmo, eit eige profileringsfirma: Lise Skjåk Bræk Gruppen AS (LSBG). Til saman hadde gruppa røynsle med profilering av føretak og arrangement, både på design- og leverandørsida. Byjubileet skulle markerast med ein omfattande jubileumkolleksjon av klede og diverse gjenstandar, og LSBG hadde totalansvar for kolleksjonen; design, produktval og -styring, og kontakten med produsentar og lisensleverandørar.[27]

Hamar feira 150-årsjubileum i 1999. LSBG vart engasjert som design- og produktansansvarlig. Bræk vekt på ein einskapleg visuell profil for jubileumprodukta, som ho pgså gjorde ved alle dei andre byjubilea. [28]

I år 2000 vart «Oslo 1000 år» feira. Bortsett frå oslodrakta og enkelte strikkejakker som vart laga spesielt for jubileet, hadde LSBG ansvaret for alle bekledningsprodukter under jubileet til hovudstaden.[29]

Motekolleksjonar endre

 
Frå moteoppvisning i Britannia Hotel 1986.
Foto: Steinar Westin
 
Frå moteoppvisning i Britannia Hotel 1986.
Foto: Steinar Westin

Parallelt med utforminga av uniformar og arbeidstøy, har Bræk i mange år designa moteklede. Oppdraga for etatar og føretak gjorde ho økonomisk i stand til å designa motekolleksjonar, der ho kunne la seg inspirera av eksklusive stoff, utan tanke på føretak og etatar sine oppdrag og uttrykk.[30]

Omgrepet «haute couture» er ofte brukt om motekolleksjonane til Lise Skjåk Bræk.[31] Ho arrangerte i mange år moteshow for å visa sine vår- og haustkolleksjonar. Visingane føregjekk nokre gongar i Palmehaven i Britannia Hotel i Trondheim, med både lokal- og riksavisene til stades. Omtalene var positive.[32] Ho hadde òg motevisingar andre stadar, blant anna i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, og utstilling av enkelte av antrekka, som i Klær som smykker eller omvendt, i lokala til gullsmed David-Andersens i Karl Johans gate i Oslo.

Ho har òg hatt fleire visingar i NRK fjernsynet.[6]

Etter at ho seint i 1990-åra byrja arbeidet med festdraktene, har ho berre hatt oppvisingar med desse, i samband med utstillingar av draktene.

For kyrkjer og universitet endre

Kyrkjelege antrekk

Då Bræk utforma fire messehaklar til utstillinga Klær som uttrykk i 1981, var det fyrste gongen ho arbeidde med antrekk til bruk i kyrkjelege samanhengar. Messehaklar passa godt inn i tematikken til utstillinga. Fargar uttrykkjer kvar ein er i kyrkjeåret og med kjente kristne symbol. Tre av messehaklane hadde tradisjonelle fargar og symbol, og vart godkjende for bruk i kyrkja. Den fjerde messehakelen vart derimot ikkje godkjend. Denne hadde Bræk utstyrt med symbol ho meinte uttrykte det Kristus ville ha stått for viss han hadde levd på 1900-talet: fredsdua, manns- og kvinnesymbol på kvar side av ei vekt i balanse, hjartet for kjærleik og «mot atomvåpen-symbolet» for nedrusting.[33] Dette var ikkje akseptabelt som kyrkjeleg antrekk.

I 1984 laga ho for første gong kyrkjetekstil på bestilling, då ho utforma messehaklar og alterfrontal for Borgund kyrkje i Møre og Romsdal. Seinare har ho formgitt messehaklar og stolaer for blant anna Frosta kyrkje, Spjelkavik kyrkje, Fjell kyrkje i Drammen og Nidarosdomen.[27]

I 2013 vant Bræk, saman med Astri Reppe, den nordiske konkurransen om ny bispekåpe og to stolaer for Presesen til Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien.[34]

Seremonielle kappar for norske universitet
 
Claus Riiber (rektor ved NTH 1923–1925) i dåtidas rektorkappe og -barett i grøn fløyel.
Foto: Hilfling-Rasmussen/NTNU UB
 
Rektoratet ved NTNU (2014) i seremonielle kappar designa av Lise Skjåk Bræk. Rektor Bovim i raud kappe, prorektorane i svarte kappar.
Foto: Thor Nielsen/NTNU Komm.avd.

Då norske universitet vart etablert frå 1996 og utover, som følgje av fleire fusjonar mellom einingar, eller endring frå høgskule- til universitetsstatus, ynskte fleire av dei å vidareføra akademiske tradisjonar med seremoniar og seremonielle kapper.

Lise Skjåk Bræk vart engasjert i å utforma kappar for rektorat og dekanar ved tre av dei nye universiteta: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø. Ho valde å utføra dei i fløyel, slik det har vore tradisjon ved fleire høgskular og universitet, men utan hovudplagg, og med noko mindre vidd og lengd enn på enkelte av dei tidlegare kappene.

Kostyme og kolleksjonar for andre endre

Kostyme

Kostyma Bræk har designa, har dels vore utstillingsobjekt, men nokre har vore i bruk på scena. Ho har hatt oppdrag for enkeltkunstnarar og for teater- og ballettoppsetjingar.[27]

Det første kostymeoppdraget fekk Bræke i 1985, då ho vart engasjert til å teikna kostyme til den fyrste kabareten på Gino Valentes restaurantteater Oslo Cabaret. Aftenposten sin meldar skreiv etter premieren: «At denne oppsetningen fra første nummer og til finalen i så stor grad blir en blendende fryd for øyet, skyldes ikke minst Lise Skjåk Bræk, som har designet de mange og raskt skiftende kostymer. De har raffinert eleganse og et umiskjennelig preg av teater. Farver og snitt røber sikker sans for hva entertainment bær være. Faktisk vever kostymene den røde tråd som binder de enkelte numre sammen.»[35]

 
To drakter frå Budalshjerte AS designa av Lise Skjåk Bræk.
Foto: Lise Skjåk Bræk
Kolleksjonar for små, lokale føretak

I 1988 byrja Lise Skjåk Bræk eit samarbeid med strikkebedriften Gaula Design i Budal. Saman utvikla dei «Budalshjerte». Dette vart registrert som eige føretak. I deira kolleksjonar kombinerte Bræk tradisjonelle mønster frå Budal med moderne klesdesign. Bræk vart deira faste designar så lenge føretaket eksisterte. Føretaket vart avvikla i 2009.[36]

Ho samarbeidde òg med Budalshjerte i ein annan samanheng. I 1990-åra var ho rådgjevar og designar for det nystarta føretaket Besseggen AS i Vågå. Ho laga kolleksjonen «Foot Print», hovudsakleg i reinskinn og ull, for føretaket. Strikkeplagga i kolleksjonen var frå Budalshjerte.

Festdrakter endre

Jeg arbeider med draktene som et abstrakt maleri, og sluttresultatet skal være glede og overflod.

Interessa for norske folkedrakttradisjonar kom i samband med engasjementet for OL på Lillehammer.[37] Arbeidet med festdrakter byrja etter at ho hadde hatt utstillinga «Jakker» i 1994. Ideen var å prøve å laga drakter som passa til dei jakkene i utstillinga som var inspirert av norsk tradisjonsstrikk, men jakkane var av ull, og festdraktene kom etterkvart til å lagast av silke og fløyel. Sambandet med jakkene var ikkje lenger til stades, men interessa for å laga drakter inspirert av norsk drakttradisjon, var vag.[38]

Ved den store utandørs motevisninga under byjubileet i Trondheim i 1997, viste ho at ho hadde arbeidd vidare i same retning. Ho hadde ein kolleksjon som bestod av rundt 40 antrekk. Ho omtalte dei som «inspirert av folkloristiske strømninger i hele Europa (…) strikk, fløyel og silke i en salig blanding», og uttalte til Adresseavisen at dette var den vegen ho ville gå vidare med sine drakter.[26]

Formgjevinga av festdrakter, der kvar drakt er ein original, har seinare vore hennar hovudsysselsetjing, og ho designa rundt 30 stykk kvart år.[39] Enkelte av draktene vart laga på bestilling frå einskildpersonar, men dei aller fleste vert utforma for presentasjon på tematiske salsutstillingar.

Draktene består av dei same elementa som mange bunadar, med stakk, forkleda, vest, skjorte og silkesjal, men stoffa i drakta er gjerne silke, brokade og bomull, ikkje ull, slik det har vore skikken i bunader sidan Hulda Garborgs tid. Inspirasjonen til festdraktene kjem frå norsk folkedrakttradisjon, men og frå impulsar frå andre land.

Utstillingar endre

Bræk har delteke på fleire kollektivutstillingar, dei fleste juryerte, som Norske kunsthåndverkere Trøndelag (1975–1985), og fleire av Norske Kunsthåndverkere sine årsutstillingar. Ho stilte òg ut under Winter Cities i Tromsø (1989) og i Rauland i 1993. Ho har delteke i gruppeutstillingar i Trondheim og i andre norske byar, og var også gjesteutstillar under Rennebumartnan i 1999.[27][40]

Ho har ofte stilt ut saman med kunstnarar og kunsthandverkarar som arbeidar med andre medium og materialar enn ho gjer sjølv. Dei to kunstnarane ho oftast har hatt utstillingar saman med, er biletkunstnarane Kjell Stig Amdam og Anne Langsholt Apaydinli. Til utstillingane Klær som uttrykk, Klær som smykker eller omvendt og Drømmer og virkeligheter, laga Mentz Indergaard multivisjonsprogramm som vart avspelte under utstillingane. Føremålet var å levandegjera kreasjonane betre enn ein konvensjonell utstillingsteknikk kan.[41]

Separatutstillingar (utval) endre

 
Lise Skjåk Bræk designar alltid plakatar til utstillingane sine. Her frå Bjerkakerutstillingen 2004
 
Frå utstillinga Drømmer og virkeligheter.
Foto: Mentz Indergaard
    • 1979 Lise på forfengelighetens marked, Galleri Vognremissen, Oslo. Første separatutstilling.[42]
    • 1981 Klær som uttrykk (49 drakter), Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo[43]
    • 1982 Klær som smykker eller omvendt hos gullsmed David-Andersen i Oslo
    • 1985 Drømmer og virkeligheter, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Med Kjell Stig Amdam (billedkunst). Utstillingen ble også vist i resepsjonen og restauranten på Grand Hotel i Oslo.
    • 1988 Drømme og virkelighed, Esbjerg Museum, Esbjerg, Danmark. Med Amdam
    • 1990 Nonner og samuraier, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Aalesund Kunstforening.
    • 1990 Prakt, makt og nøisomhet, Aalesund Kunstforening, Ålesund. Med Amdam (Bræks del av utstillingen var den samme som Nonner og samuraier)
    • 1994 Jakker : baklengs inn i fremtiden, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim
    • 1997 Om kjærlighet, Båthallen i Selje (Dette var den første festdraktutstillingen).
    • 2000 Danse mi vise, gråte min sang. Med Kjell Stig Amdam
    • 2002 Lystig arv, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
    • 2003 Herskapelig, Hadeland Glassverk
    • 2005 Pikene på broen, Gjørv gård,
    • 2006 Herskapelig, Fossesholm herregård. Med Pia Villefrance Dann (billedkunst) og Lynn Funnemark Johansen (glasskunst)
    • 2006 Stram foran og frodig bak, Gjørv gård. Med Duodu Strikkedesign.[44]
    • 2008 Danse mi vise, gråte min sang!, Fossesholm herregård. Med Kjell Stig Amdam
    • 2010 Helt unik, Rød herregård. Første utstilling sammen med billedkunstneren Anne Langsholt Apaydinli.[45]
    • 2010 Purpur og silke, Bogstad gård. Med Apaydinli.
    • 2011 Moss kunstforening. Med Apaydinli.
    • 2012 Duett, Hadeland Glassverk. Med Anne Langsholt Apaydinli.
    • 2012 Sareptas krukke, Rauland kunstforening. Med Apaydinli.
    • 2013 Huldas døtre, Blaafarveværket. Med Apaydinli. (Utstillingen er senere vist på Sverresborg Trøndelag folkemuseum og i USA)
    • 2018 Par i hjerter, Galleri Lilje, Ferstad gård, Trondheim
    • 2020 Fanfare, Torderød Gård. Med Apaydinli.[46]

Bjerkaker-utstillingane endre

 
Bjerkaker
Foto: Lise Skjåk Bræk

Lise Skjåk Bræk og Steinar Westin har vore leietakarar av Bjerkaker gard på Oppdal sidan 1996. Dei brukar garden som i fritids- og feriestad, men Bræk har òg sitt atelier der, og frå 2003 har ho arrangert tematiske kunstutstillingar i den gamle låven. Ho stiller sjølv ut festdrakter og nokre av produkta ho har designa, og inviterar andre kunsthandverkarar og kunstnarar til å delta med sina verk i utstillingane i låvegalleriet.

Då Bræk og Westin kom til garden, stod det seks gamle tømmerbygningar der. Elleve år seinare var talet utvida til 16, flytta dit og restaurert av Bjerkaker-eigaren Olaf Solberg. Bygningane formar til saman eit trøndersk langtun.[47] Solberg fekk Oppdal kulturprisen til kommune 2012 for sitt arbeid med bevaring av gamle tømmerbygningar. Bræk har bidrege som fargekonsulent og med innreiing, spesielt av hovudbygninga frå 1863.

Ein av dei få mannsdraktene ho har designa, har fått namn etter garden, Bjerkakerdrakten. Han vart presentert for fyrste gong på Bjerkaker-utstillinga i 2011.

 
Bjerkakerdrakten
Foto: Lise Skjåk Bræk
Oversyn over Bjerkaker-utstillingane
  • 2003 Brud i tiden – en duft av Kina.
  • 2004 Fra vugge til grav. En utvidet versjon av utstillingen, supplert med trearbeider av Nina von Hirsch, ble vist ved Eidsvoll museum vår/sommer 2005.[48]
  • 2005 Gjennom natt. Med Kjell-Stig Amdam (malerier) og Nina von Hirsch (trearbeider). I tillegg til festdrakter, stilte Bræk ut egne oljemalerier.[49]
  • 2006 Stram foran og frodig bak. Med Duodu (tekstilkunst/strikk).[50]
  • 2009 Fem kunstnere – med kjærlighet til det vakre.
  • 2011 Kaleidoskop på Bjerkaker gård Med Ine Harrang og Lynn Funnmark Johansen (glasskunstnere), Akka Scharp (porselensmaling), Odd Skullerud (maleri) og Anne Langsholt Apaydinli (maleri)
  • 2013 Øyeblikk på Bjerkaker. Med Victoria Berge (keramikk), Skullerud, Apaydinli, Funnemark Johansen, Duodu.
  • 2016 Høstsonate. Med Funnemark Johansen, Astrid Grue (skulptur), Apaydinli, Skullerud, Scharp.
  • 2018 Fanfare! Tilbake for full musikk! Med Berge, Grue, Apaydinli, Skullerud, Scharp, Duodu, Rå Redesign (Ole Nordsveen, smykkedesign).

Huldas døtrer endre

 
Frå opninga av Norway House, Minneapolis, juni 2015
Foto: Steinar Westin

Utstillinga «Huldas døtrer» vart til i samarbeid med biletkunstnaren Anne Langsholt Apaydinli. I 2012 stilte dei to ut saman på Hadeland Glasverk. Begge kunstnarane hadde vorte inspirert av den norske drakttradisjonen, og då Toppen Bech opna utstillinga, omtalte ho dei to kunstnarane som «Hulda Garborgs døtrer». Hulda Garborg vert rekna som «mor» til dei norske bunadene.[51] Ho laga nye bunader med utgangspunkt i norske folkedrakter.[52] Bechs utsegn gjorde at Bræk såg ein samanheng ho ikkje tidlegare hadde sett, og ho byrja å arbeida med ei utstilling som skulle heita «Huldas døtrer».

«Huldas døtrer» vart for fyrste gong vist sommaren 2013 på Nyfossum og Blaafarveværket. Her stilte Bræk ut 37 drakter, og Apaydinli viste måleri og grafikk. På utstillinga vart det òg vist fotografi og tekster som presenterte forfattarskapen, livet og virket til Hulda Garborg.

I 2014 vart utstillinga vist på Trøndelag Folkemuseum.[53] Ein tidlegare styreleiar for Norway House i Minnesota vitja utstillinga, og ynskte å få ho over til USA som opningsutstilling ved innviinga av det nye, store Norway House. I 2015 vart difor «Huldas døtrer» vist i Norway House. Utstillinga bestod av 50 av Bræk sine drakter og 42 av Apaydinli sine måleri, og fekk namnet «Norwegian threads». Ho vart omtalt som «awe-inspiring» ('imponerande') i vekeavisa Norwegian American Weekly.[54]

Hausten 2015 vart delar av «Huldas døtrer» vist på Ansnes brygge på Hitra.[55]

Innkjøp endre

Produktdesign endre

 
Teppe designa for Nordic Home Interiors
Foto: Steinar Westin
 
Julekuler designa av Lise Skjåk Bræk for Belika Design.
Foto: Kj. Lie

I 2000 vart Bræk spurd om å designa golvteppe for det amerikanske firmaet Nordic Home Interiors.[56] Ho laga fleire kolleksjonar for dei, inspirert av motiv i gamle norske utsmykkingar og bruksgjenstandar, som kyrkjedekor, broderi, sølvtøy og tinnknappar. Teppa vert handknytt i Nepal. Dette er eit prosjekt der føremålet er å byggja opp ein levedyktig industri i Himalaya. Teppa vart vist i 2001 på den årlege store messa «Norsk høstfest» i Minot i Nord-Dakota, og vart tildelt årets Merit Award, ein heider for godt handverk og kvalitetsprodukt. Bræk var invitert som ein av heidersgjestane, og stilte òg ut fleire av festdraktene sine, i tillegg til strikkeplagg ho hadde designa for føretaket Budalshjerte.[57]

Bræk var Belika Design sin faste designar så lenge firmaet eksisterte (2002–2010).[58] Ho formgav ulike gjenstandar for dei, i hovudsak basert på tradisjonelle mønster, blant anna juledekorasjonar, heimetekstilar, servise, glas og prydgjenstandar.[59]

Ho har designa sengetøy for Høie of Scandinavia, og vesker, pute, krus og andre produkt for Flaarønning A.S.[60][61]

I 2003 designa ho kunstglas for Hadeland Glasverk. Ho har òg, saman med Astri Reppe, designa servise for Porsgrunds Porselænsfabrik.

Ho har designa vesker for Bokklubben Nye Bøker. Ho har òg hatt ein eigen kolleksjon med reiseeffektar.

Før OL på Lillehammer, utarbeidde Bræk, på oppdrag frå TEKO-industrien, rettleiingsboka Norske tradisjoner i en moderne ramme som ei handbok for medlemmane i Norsk Vinterutstyr A.S. og andre Teko-produsentar, i samband med utvikling av plagg til OL på Lillehammer.

Konsulentoppdrag endre

Bræk har hatt fleire oppdrag som ikkje har vore direkte knytt til hennar tekstilkunst eller design. Ho var blant anna kunstnarisk konsulent for Trondheim kommune då dei oppretta sin mangfaldpris i 2014, og for utsmykkingsutvalet for Oppdal kulturhus, som opna i 2007.[62]

Stipend og prisar endre

Bræk har motteke Sør-Trøndelag fylkes kulturstipend (1980) i tillegg til stipend frå Norsk kulturråd (1980).

Frå 1979 til ho fylte 67 år hadde ho Statens garantiinntekt for kunstnarar.

I 2001 vart golvteppa Brøk designa tildelt prisen «Best Craft» i Minot i Nord-Dakota.[57]

I 2016 vart ho tildelt Trondheim kommune sin kulturpris innan det profesjonelle kunst- og kulturområdet.[63]

Bibliografi endre

 
Pute designa for Flaarønning A.S.
Foto: Lise Skjåk Bræk

Lise Skjåk Bræk har gitt ut fleire bøker:

  • Klær som uttrykk. Nordenfjeldske kunstindustrimuseum. 1981.  [Utstillingskatalog med CV]
  • Lystig arv : Eventyrlige jordbær. Lise Skjåk Bræk Design ; KOM forlag. 2002. ISBN 82-90823-89-4. 
  • Brud i tiden : en duft av Kina. KOM forlag. 2003. ISBN 82-90823-99-1. 
  • Med klær som språk : klær, kultur og kjærlighet. Kom forlag. 2008. ISBN 9788292496688. 
  • Bræk, Lise Skjåk og Anne Langsholt Apaydinli (2013). Huldas døtre. [Lise Skjåk Bræk Design ; Blaafarveværket].  [utstillingskatalog]

Kjelder endre

  1. «Ola Skjåk Bræk død - Nyheter - Dagbladet.no». 27. desember 1999. Henta 26. mars 2017. 
  2. «Idealenes mann». Dagens Næringsliv. 30. desember 1999. s. 4. 
  3. «Silke og sosialisme». Adresseavisen. 2. november 2002. 
  4. N.N. (9. august 2011). «Ukeavisa OPP»: 17. 
  5. Henrichsen, Trude E. (1997). «Jeg hadde G i håndarbeid». Norsk ukeblad: 18–19. 
  6. 6,0 6,1 «Lise Skjåk Bræk», Laagendalsposten (7. juni 2008)
  7. 7,0 7,1 Bræk (2008), s. 11
  8. Haugen, Linda (8. mars 2016). «Fra husmorideal til selvstendighet». Adresseavisen. 
  9. N.N. (22. september 1971)
  10. Bugge (8. mars 1992)
  11. Bræk (2008)
  12. Gerd (4. april 1967). «Visst kan det skapes mote i Trondheim!». Adresseavisen: 5. 
  13. Gerd (30. september 1967). «Gedigent og morsomt i byens nye boutique som ble åpnet i går». Adresseavisen: 5. 
  14. Bræk (1981)
  15. Dalland, Sverre (22. februar 1988). «Karneval i Venezia». Aftenposten Aften: 9. 
  16. Opstad (1989), s. 7
  17. Bræk (2009), s. 14
  18. Bræk (2009), s. 46
  19. Bræk (2009) s. 40
  20. Noen eksempler på etater og bedrifter i: Sand (1992)
  21. Arneberg, Arnstein (2. juni 1983). «Klær som sier: Her er jeg!». Dagbladet: 22. 
  22. Eksempel på uttalelse i Evensen, Kjell (11. februar 1989). «Klær kan vinne OL». Dagens Næringsliv: 34. 
  23. Tjomsland, Nina (21. februar 1994). «Norsk mote leder Europa». Stavanger Aftenblad. 
  24. «VM på ski '97» var VM-arrangementets navn. Dette skulle, ifølge designhåndboka, stå sammen med VM-rosa på emblemer, sponsor- og leverandørmerker
  25. Bondø, Tor H. (1. oktober 1995). «Gamle skihelter viser ny VM-mote». VG: 28–29. 
  26. 26,0 26,1 Wærhaug, Sølvi (4. juni 1997). «Motevisning for 15 000». VG: 51. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 ScanPartner (2004)
  28. Bræk, L.S. «LSB – Lise Skjåk Bræk Gruppen AS». I: Produktkatalog : Hamar 150 år, alle tiders by
  29. Nergård, Halldis (1999). «Kler opp Tigerstaden». Adresseavisen. 
  30. Bugge, Erle M. (16. oktober 1994). «Med kulturarv på kroppen». Aftenposten: 13. 
  31. Eksempler: «Lise Skjåk Bræk, vår eneste haute couture-designer nord for Dovre, trakk i forrige uke fulle hus i Palmehaven». Haarstad, Bente (1987) «Haute couture …» I: Adresseavisen; Frelsøy, Morgan (2016) «Hun har siden 1972 drevet skredderverksted og produksjon av både haute couture-kolleksjoner og prototyper for industriellproduksjon». I: Ukeavisa OPP
  32. Døme: Kringstad, Hans (22. oktober 1986). «Glamorøse Lise». VG. ; Lunde, Inger-Margrethe (21. oktober 1987). «Klær som betar». Aftenposten. 
  33. Larsen (1982), s. 26
  34. NRK.no om sigeren
  35. Wiik, Steinar (4. november 1985). «Oslo Cabaret: profesjonelt show». Aftenposten Morgen: 52. 
  36. Informasjon om avvikling
  37. N.N. (24. mai 2014). «Lager frodige nytolkninger av norske bunader». Adresseavisen: 8. 
  38. Simensen, Siri Walen. «Lise Skjåk Bræk viser ny bryllupsmote». Hjemmet: 106–108. 
  39. Grann, Annemona (4. november 2011). «Rå eleganse og fire sigg i uka». Adresseavisen: 5–6. 
  40. Rennebumartnans liste over gjester
  41. Tekst fra utstillingsprogrammet Drømmer og virkeligheter
  42. «Lise Skjåk Bræk». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2017. Henta 4. desember 2021. 
  43. N.N. (23. november 1981). «Lise Skjåk Bræk lager klær som kunst». Sunnmørsposten. 
  44. Christiansen, Per (17. juni 2006). «Stramt og frodig på høyloftet». Adresseavisen: 10–11. 
  45. Eriksen, Hanne (10. september 2010). «Sjelden samling på Rød». Halden Arbeiderblad. 
  46. «Utstillingen "Fanfare" av Huldas døtre"». Moss 2020 (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 5. juli 2020. Henta 5. juli 2020. 
  47. «Ukeavisa OPP». 6. januar 2012. 
  48. Nergård, Halldis (20. august 2004). «Hele livet på låven». Adresseavisen: 18. 
  49. Bræk stilte også ut malerier i separatutstillingen Arv på Oppdal i 2001. Nergård, Halldis (5. mars 2001). «Lises nye arvegods». Adresseavisen. 
  50. «Stram foran og frodig bak». Adresseavisen: 11. 23. august 2006. 
  51. Grann, Annemona (15. april 2013). «En hyllest til Hulda Garborg». Adresseavisen: 4. 
  52. Jakobsen, Siw E. (16. mai 2014). «Før gikk rebellene i bunad». forskning.no. 
  53. Johansen, Jon Arne Hoff (2. november 2014). «En lengsel etter identitet». NRK. 
  54. Hoyum, Leslee L. (12. juni 2015). «Norwegian threads weave their way to Norway House». Norwegian American Weekly (på engelsk). 
  55. Sandstad, Terje (29. september 2015). «Huldas døtre stiller ut på Ansnes». Hitra-Frøya. 
  56. «om samarbeidet med Orlyn Kringstad og prosjektet». Arkivert frå originalen 20. september 2016. Henta 30. august 2016. 
  57. 57,0 57,1 Nergård, Halldis (18. oktober 2001). «Høyt priset i USA». Adresseavisen: 11. 
  58. N.N. (3. februar 2011). «Disse bedriftene takket for seg». Byavisa. 
  59. om produktdesign på Lise Skjåk Bræks nettsted, arkivert frå originalen 10. november 2021, henta 10. november 2021 
  60. Granheim, Eva (1. oktober 2004). «Sov godt med romantisk design». Bergens Tidende Morgen. 
  61. Nettsted som viser produktene
  62. Knutsen, Kjell I. (30. september 2005). «Skjåk Bræk i utsmykkingsutvalg». Opdalingen. 
  63. Trondheim kommunes informasjon om tildelingen

Litteratur endre

  • Frelsøy, Morgan (12. august 2016). «Comeback i form og farger». Ukeavisa OPP: 14–15. 
  • Bugge, Erle M. (8. mars 1992). «Hva gjør du nå, Lise Sjåk [sic] Bræk?». Aftenposten Morgen: 11. 
  • Gjerstadberget, Kari (2015). Hundre kvinner. Trondheim: Museumsforlaget. s. 249–251. ISBN 978-82-8305-021-9
  • Lise Skjåk Bræk; Norsk kunstnerleksikon
  • Larsen, IdaLou. «Møte med Lise Skjåk Bræk, tekstilkunstner». Sirene (2): 24–27. 
  • N.N. (22. september 1971). «Kvinnelist uten egen kvinneliste». Adresseavisen. 
  • Opstad, Jan-Lauritz (1989). En ny bevissthet : norsk kunsthåndverk 1970–1990. Oslo: Huitfeldt. ISBN 8270030872.  [e-bok i bokhylla.no]
  • Sand, Ellen M. (22. november 1992). «Lises drømmekjoler». VG: 42–43. 
  • ScanPartner AS; Plenum Trondheim AS (2004). Juleserigrafi fra ScanPartner og Plenum.  [Perm med oppdatert CV for Lise Skjåk Bræk pr. 2004]
  • Thorsvik, Kåre A. «Kvinnekuppet ingen fiasko». Sirene (5): 16–17.