Liten kuling
Liten kuling er vindstyrke 6 i Beaufortskalaen og den svakaste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er då 10,8–13,8 m/s eller 40-50 km/t. Den eldre sjønemninga er toreva kuling.
Merk at både i engelsk, svensk (delvis) og dansk, så går denne vindstyrken framleis som bris, medan kuling (eller gale på engelsk) først kjem i vindstyrke 7.
VerknaderEndra
LandEndra
Store greiner og mindre stammer rører seg. Det kvin i telefonleidningar. Det er vanskeleg å bruke paraply og ein merkar motstand når ein går.
I fjelletEndra
Det er særs slitsamt å ta seg fram mot vêret. Snøfokk set ned sikta til under 1 km. Det vanskeleg å halde andletet uverna mot vinden i lengre tid. Folk flest bør ikkje legg ut på tur over snaufjelelt ved denne og høgare vindstyrkar.
På sjøenEndra
Store bølgjer (3-4 m) startar å danne seg. Skumskavlane er større overalt, og det kjem gjerne noko sjøsprøyt.
Andre språkEndra
Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Frisk vind (på land), hård bris, frisk kuling/kultje(til sjøs) |
Dansk | Hård vind |
Færøysk | Strúkur í vindi |
Islandsk | Stinningskaldi |
Engelsk | Strong breeze |
KjelderEndra
- «liten kuling» i Store norske leksikon, snl.no.