Little Feat er eit USA-amerikansk rockeband skipa av songaren og gitaristen Lowell George og klaverspelaren Bill Payne i 1969 i Los Angeles. George oppløyste gruppa på grunn av kunstnariske skilnader i 1979, kort tid før han døydde. Dei attverande medlemmane starta opp att Little Feat i 1987 og bandet har vore aktive sidan den gongen.

Little Feat

Stockholm JazzFest '09, juli 2009
OpphavLos Angeles i California
Aktiv
  • 1969–1979
  • Sidan 1987
Sjanger
Plateselskap
MedlemmerBill Payne
Sam Clayton
Kenny Gradney
Fred Tackett
Scott Sharrard
Tony Leone
Tidlegare medlemmerLowell George
Richie Hayward
Roy Estrada
Paul Barrere
Craig Fuller
Shaun Murphy
Gabe Ford

I løpet av dei 50 åra bandet har eksistert har dei spelt ei blanding av rock and roll, blues, boogie, country, folk, bluesrock, soul, New Orleans R&B og swamp rock.[1] Bandmedlemmane var særs teknisk dugande og profesjonelle, men dei var ikkje eit glatt band, noko som kjem til syne i den eigenarta låtskrivinga til George, som gjorde dei til eit kultband blant kritikarar og musikarar.[1] Sjølv om bandet fekk noko suksess på album-orientert radio, gjekk gruppa i oppløysing etter at George døydde i 1979.

Gitaristen Jimmy Page sa at Little Feat var favorittbandet hans frå USA i eit intervju i Rolling Stone i 1975.[2]

Historie endre

Little Feat vart ikkje starta opp som eit beintfram bluesrockband. Dei første medlemmane, Lowell George (vokal, gitar, slidegitar) og Roy Estrada (bass), hadde begge spelt med Frank Zappa sitt Mothers of Invention. George hadde ein lang musikalsk karriere før han kom med i The Mothers. Som barn hadde han og broren Hampton spelt ein munnspellduett på fjernsynsprogrammet Ted Mack's Original Amateur Hour. Då han gjekk på vidaregåande skule lærte han seg å spele fløyte, som førte til at han fekk spele obo og barytonsaksofon på fleire innspelingar med Frank Sinatra.[1] Han skipa folkrockgruppa The Factory med trommeslagaren Richie Hayward i 1965. Før dette vart oppløyst spelte The Factory inn nokre innspelingar for Uni Records, men dette vart ikkje gjeve ut før i 1990-åra. Etter at gruppa vart oppløyst gjekk George inn i Mothers of Invention, der han møtte Estrada. Zappa overtydde George om å skipe sitt eige band etter å ha høyrt «Willin'», men gitaristen var motvillig til å starte eitt, før han hadde spelt ei kort stund i The Standells.[1]

George og Estrada skipa Little Feat i 1969 med Hayward og klaverspelaren Billy Payne. Verken det sjølvoppkalla debutalbumet i 1971 eller Sailin' Shoes i 1972 selde godt, trass i gode meldingar.[1] Som følgje av dette vart gruppa mellombels oppløyst. Estrada slutta for å bli dataprogrammerar. Då gruppa kom saman att seinate i 1972, vart han erstatta av Kenny Gradney frå New Orleans. I den andre inkarnasjonen hadde Little Feat òg med seg gitaristen Paul Barrére og perkusjonisten Sam Clayton, som gav musikken ei meir funky kjensle, som ein kan høyre på Dixie Chicken i 1973.[1] Bandet turnerte mykje etter denne plata og bygde ein sterk fanskare i Sørstatane og på Austkysten. Likevel heldt gruppa seg stort sett kring Los Angeles, sidan medlemmane arbeidde mykje som studiomusikarar på si.[1]

Sjølv om bandet vart eit kultband, var fleire av medlemmane i gruppa frustrerte over den ureknelege oppførselen og det aukande dopmisbruket til George. Etter Feats Don't Fail Me Now i 1974, vart Barrére og Payne dei fremste låtskrivarane i bandet og var hovudsakleg ansvarleg for den jazzfusion-aktige stilen på The Last Record Album i 1975. Little Feat heldt fram i den retninga på Time Loves a Hero (1977), det doble konsertalbumet Waiting for Columbus (1978) og Down on the Farm (1979). George var frustrert over den stadig meir improvisasjonsbaserte og jazza preget i musikken deira, og spelte inn eit soloalbum, Thanks I'll Eat It Here, som kom ut i 1979. Etter dette annonserte George at Little Feat var oppløyst og han la ut på ein soloturné. Halvvegs ut i turneen døydde han av eit tilsynelatande hjarteinfarkt. Down on the Farm kom ut etter han døydde, og det same gjorde samlinga med sjeldne opptak kalla Hoy-Hoy! (1981).

Etter å ha arbeidd sju år som sidemenn, kom Payne, Barrére, Hayward, Gradney og Clayton saman att som Little Feat i 1988, med vokalisten og gitaristen Craig Fuller og gitaristen Fred Tackett i stallen. Det sterkt etterlengta Let It Roll kom ut i 1988 til blanda kritikk, men selde til gullplate. Dei neste albuma deira - Representing the Mambo (1989), Shake Me Up (1991) og Ain't Had Enough Fun (1995) - selde gradvis mindre, men bandet vart verande eit populært konsertband. På det sistnemnde byta banet ut den Lowell George-aktige røysta til Fuller med den kvinnelege songaren Shaun Murphy. Denne besetninga fortsette med Under the Radar i 1988 og Chinese Work Songs i 2000. Fleire samleplater og konsertalbum kom ut dei neste få åra, etterfølgd av Kickin' It at the Barn i 2003, som var det første albumet deira på deira eige selskap, Hot Tomato Records. Rocky Mountain Jam kom ut tidleg i 2007. Join the Band, ei samling av duettar med vener og fans av Feats, kom ut i 2008 på Proper Records.

Etter å ha slite med ein leversjukdom døydde det opphavlege Feat-medlemmet Richie Hayward av lungebetennelse den 12. august 2010. Little Feat heldt fram å turnere etter han døydde, og fekk med seg Gabe Ford som ny trommeslagar. Det første albumet med nytt materiale frå Little Feat på ni år, Rooster Rag, kom ut i 2012. Gitaristen Paul Barrére sleit med helseproblem i 2010-åra, og han døydde 26. oktober 2019.

Ettermæle endre

Mange prominente musikarar og band har spelt inn musikken til Little Feat, som Phish,[3] The Black Crowes, The Byrds, The Bridge, Garth Brooks, Jackson Browne, Bob Dylan, Steve Earle, The Flying Burrito Brothers, Emmylou Harris, Taylor Hicks, Ron Holloway, Keisuke Kuwata, Nicolette Larson, Nazareth, Robert Palmer, The Radiators, Bonnie Raitt, Linda Ronstadt, John Sebastian, Richard Shindell, Carly Simon, Mick Taylor, Van Halen, Joe Walsh[4], Bob Weir, Phil Lesh, Sam Bush, Coco Montoya, Vince Herman, Inara George, Stephen Bruton, Widespread Panic, Warren Haynes og Gov't Mule, Blackberry Smoke, Jimmy Buffett, Anders Osborne og Gregg Allman.

Medverkande endre

Medlemmar endre

Tidlegare medlemmar endre

  • Lowell George – vokal, gitar, munnspel (1969–1979; døydde 1979)
  • Richie Hayward – trommer, korvokal (1969–2010; døydde 2010)
  • Roy Estrada – bass, korvokal (1969–1972)
  • Paul Barrere – vokal, gitar (1972–2019; døydde 2019)
  • Craig Fuller – vokal, ekstra gitar(1987–1993)
  • Shaun Murphy – vokal, tamburin (1993–2009)
  • Gabe Ford – trommer, korvokal (2010–2020 / turné 2009–2010)

Tidslinje endre

Diskografi endre

Studioalbum endre


Konsertalbum endre

Samlealbum endre

Singlar endre

  • «Rock & Roll Doctor» (#34 rock 1981)
  • «Hate to Lose Your Lovin'» (#1 rock 1988)
  • «Let It Roll» (#3 rock 1988)
  • «Long Time Till I Get Over You» (#19 rock 1988)
  • «One Clear Moment» (#10 rock 1989)
  • «Rad Gumbo» (#23 rock 1989)
  • «Texas Twister» (#1 rock 1990)[6]
  • «Woman in Love» (#21 rock 1990)
  • «Shake Me Up» (#14 rock 1991)

Gjestesinglar endre

«Bible Belt» (med Travis Tritt) (#72 country 1992)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Little Feat – Biography & History – AllMusic». AllMusic. Henta 5. oktober 2020. 
  2. «The Durable Led Zeppelin | Music News». Rolling Stone. 13. mars 1975. Henta 5. oktober 2020. 
  3. «31. oktober 2010 Setlist :: Phish.net». Henta 5. oktober 2020. 
  4. «United Mutations». 
  5. «Gold & Platinum». RIAA (på engelsk). Henta 4. februar 2020. 
  6. Little Feat – Texas TwisterYouTube

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre