Liuhepagoden (kinesisk:六和塔, pinyin:Liùhé Tǎ), ordrett Seks harmoniar-pagode, er ein pagode sør i Hangzhou i Zhejiang-provinsen i Kina. Pagoden står ved foten av ein ås, vend mot elva Qiantang. Han vart opphavleg reist i 970, under det nordlege Song-dynastiet (960–1127), øydelagd i 1121, og fullt ut gjenreist i 1165, under det sørlege Song-dynastiet (1127–1279).

Thirteen storied octagonal tower, each story with a gracefully projecting roof.
Liuhepagoden i Hangzhou

Soge endre

Pagoden vart bygt for herskaren over kongedømmet Wuyue. Namnet Liuhe kjem av dei seks påboda i buddhismen. Det heiter at pagodaen vart bygt for å dempe tidevassbølgjene i Qiantang, samt vere til nytte under navigering på elva. Pagoden vart fullstendig øydelagd under eit slag i året 1121.

Etter dagens pagode vart bygt av tre og murstein under det sørlege Song-dynastiet, vart utvendige takskjegg føydd til under dynastia Ming (1368–1644) og Qing (1644–1911).

Pagoden er åttekanta i form og ikring 59,89 meter høg. Ein innvendig trappeoppgang buktar seg opp til toppetasjen. Under kvar av dei sju takhimlingane er det smidde og måla figurar som førestiller dyr, blomar, fuglar, og andre vesen. Kvar etasje av pagoden består av fire element; dei utvendige veggane, ein sikksakk-korridor, dei innvendige veggane og eit lite rom.

I fylgje historikaren Joseph Needham tente pagoden også som eit fyr langs elva Qiantang. Med si store høgde og særmerkte form har Liuhepagoden fungert som fyr frå så å seie den tid det vart bygt. Det hjelpte sjøfarande til å søke ankerplass for båtane sine for natta (skildra i the Hangzhou Fu Zhi).[1]

Notar endre

  1. Needham, 662.

Litteratur endre

  • Needham, Joseph (1986). Science and Civilization in China: Volume 4, Physics and Physical Technology, Part 3, Civic Engineering and Nautics. Taipei: Caves Books, Ltd.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Liuhepagoden

Kjelder endre