Liv Kristine Espenæs Krull

norsk songar

Liv Kristine Espenæs Krull (fødd 14. februar 1976), betre kjent som berre Liv Kristine, er tidlegare vokalist for bandet Theatre of Tragedy og vokalist og låtskrivar for Leaves' Eyes fram til januar 2016.

Liv Kristine Espenæs Krull

Fødd14. februar 1976 (48 år)
FødestadStavanger kommune
OpphavNoreg
Aktiv1994–
Sjangergothmetal, symfonisk metal, Industrimetall, folk metal, viking metal, poprock
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapNapalm Records
Verka somsongar, songar-låtskrivar
Gift medAlexander Krull

Ho vart beden om å slutta som vokalist i Theatre of Tragedy då ho, saman med bandet til sin tyske dåverande ektemann Atrocity, danna bandet Leaves' Eyes. Ho har også gitt ut soloplater.

Privatliv endre

Den 3. juli 2003 gifta ho seg med Alexander Krull, som då var vokalist for det tyske bandet Atrocity. I desember same år fekk dei sonen Leon Alexander. Dei skilde seg i januar 2016.

Litlesystera hennar Carmen Elise Espenæs er vokalist i bandet Midnattsol.

Diskografi endre

Med Theatre of Tragedy endre

  • Theatre of Tragedy – Demo (1994)
  • Theatre of Tragedy (1995)
  • Velvet Darkness They Fear (1996)
  • A Rose for the Dead – EP (1997)
  • Aégis (1998)
  • Musique (2000)
  • Closure: Live – Livealbum (2001)
  • Inperspective – EP (2001)
  • Assembly (2002)
  • Two Originals (2003)

Singlar endre

  • «Der Tanz der Schatten» (1996)
  • «Cassandra» (1998)
  • «Image» (2000)
  • «Machine» (2001)
  • «Let You Down» (2002)
  • «Envision» (2002)
 
Leaves' Eyes
  • Into Your Light (Single, 2004)
  • Lovelorn (2004)
  • Elegy (Single, 2005)
  • Vinland Saga (2005)
  • Legend Land (EP, 2006)
  • Njord (2009)
  • Meredead (2011)
  • Symphonies of the Night (2013)
  • King of Kings (2015)

Soloprosjekt endre

  • 3am (Single, 1998)
  • Deus ex Machina (1998)
  • Take Good Care (Single, 1998)
  • 3am – Fanedition (1999)
  • One Love (Single, 1999)
  • Fake a Smile (Single, 2006)
  • Enter My Religion (2006)

Som gjestevokalist endre

Liv Kristine Krull har vore gjestevokalist for banda Atrocity, Cradle of Filth, Orden Ogan, Das Ich, Delain, Genius, Heavenwood, Hortus Animae, Immortal Rites, Umbra et Imago, WeltenBrand og Savn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre