LiveAndWell.com
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve November 1999 (original)
15. januar 2021 (nyutgjeving)
Innspelt
Sjanger drum and bass
Lengd 57:17
Selskap Risky Folio
Produsent George Marino
David Bowie-kronologi 
Hours
(1999)
LiveAndWell.com Bowie at the Beeb
(2000)
-kronologi
No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95)
(2020)
LiveAndWell.com Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97)
(2021)


LiveAndWell.com er eit konsertalbum av David Bowie som kom ut i eit avgrensa opplag i 1999. Det vart ikkje tilgjengeleg for vanleg sal og berre medlemmar av BowieNet kunne få tak i albumet på den tida. Albumet bestod av innspelingar frå Earthling-turneen i 1997 med songar frå 1. Outside (1995) og Earthling (1997)[1]

15. januar 2021 vart albumet gjeve ut på ny for vanleg sal.[2]

Bakgrunn endre

Etter den suksessrike Earthling-turneen, miksa Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati eit konsertalbum og meininga var å gje det ut kommersielt. Men Virgin, som var selskapet til Bowie på den tida, sette foten ned då det ferdige albumet vart sendt inn til dei seint i 1998.[3] Under miksinga av dette konsertalbumet spelte Bowie og bandet òg inn songen «Fun» og ein versjon av Bob Dylan-songen «Tryin' to Get to Heaven».[3] Some av desse konsertopptaka, i tillegg til ein remiks av songen «Fun», vart så tilgjengeleg for medlemmar på BowieNet for nedlasting før dei kom ut på LiveAndWell.com.[3] Versjonen av «Tryin' to Get to Heaven» vart spelt ein gong på spansk radio og var utilgjengeleg i over 20 år [4] før han kom ut tidleg i 2021 på ein avgrensa 7" vinylsingel.[5] «Fun» kom ikkje ut på over 20 år, før han kom ut på CD-utgåva av Is It Any Wonder? (EP) (2020).

Sporlista for albumet inneheld ein feil i følgje Bowie-biografen Nicholas Pegg: «The Hearts Filthy Lesson» står oppført som eit opptak frå Phoenixfestivalen i 1997, medan han i røynda er frå Phoenixfestivalen i 1996.[3]

Utgjevingar endre

Albumet kom ut på CD på ny i 2000 med ei bonusplate som bestod av fire sjeldne remiksar, som ikkje har kome ut på ny sidan den gongen. Albumet vart gjeve ut digitalt 15. mai 2020 utan denne andre CD-plata, sjølv om remiksen av «Fun» sidan kom ut separat for digital nedlasting.[6] Den digitale nyutgjevinga inneheld to songar frå Earthling-turneen, då Bowie og bandet spelte under pseudonymet «Tao Jones Index».[7]

I januar 2021 kom LiveAndWell.com ut på vinyl og CD, igjen utan den andre CD-plata med remiksar[2] som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.[8]

Mottaking endre

Pegg kalla albumet eit «vakkert miksa og særs imponerande minne av ei konsertoppleving med Bowie frå midten av 1990-åra».[3]

Innhald endre

Plate 1
Nr.TittelOriginalalbumLengd
1.«I'm Afraid of Americans» (Konsertopptak frå Radio City Music Hall, New York, 15. oktober 1997)Earthling5:14
2.«The Hearts Filthy Lesson» (Konsertopptak frå Long Marston, Phoenixfestivalen, 18. juli 1996 (sporlista skriv feilaktig datoen 20. juli 1997))Outside5:37
3.«I'm Deranged» (Konsertopptak from Amsterdam, Paradiso, 10. juni 1997)Outside7:12
4.«Hallo Spaceboy» (Konsertopptak from Rio de Janeiro, Metropolitan, 2. november 1997)Outside5:12
5.«Telling Lies» (Konsertopptak from Amsterdam, Paradiso, 10. juni 1997)Earthling5:14
6.«The Motel» (Konsertopptak from Amsterdam, Paradiso, 10. juni 1997)Outside5:49
7.«The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» (Konsertopptak from Rio de Janeiro, Metropolitan, 2. november 1997)Outside5:48
8.«Battle for Britain (The Letter)» (Konsertopptak frå Radio City Music Hall, New York, 15. oktober 1997)Earthling4:35
9.«Seven Years in Tibet» (Konsertopptak frå Radio City Music Hall, New York, 15. oktober 1997)Earthling6:19
10.«Little Wonder» (Konsertopptak frå Radio City Music Hall, New York, 15. oktober 1997)Earthling6:19
Plate 2 (REmiksar)
Nr.TittelLengd
1.«Fun (Dillinja mix)»5:52
2.«Little Wonder (Danny Saber Dance mix)»5:32
3.«Dead Man Walking (Moby mix 1)»7:32
4.«Telling Lies (Paradox mix)»5:11

Medverkande endre

Kjelder endre