Liverpool FC

(Omdirigert frå Liverpool F.C.)

Liverpool Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League. Klubben vart stifta i 1892, og vart vald inn i The Football League i 1893. «The Reds», som er kallenamnet til Liverpool, spelar heimekampane sine på Anfield i Liverpool. Byen Liverpool ligg ved Irskesjøen i den engelske regionen Merseyside, kring seks mil vest for Manchester.

Liverpool FC
Fullt namn Liverpool FC
Kallenamn The Reds/The Pools
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Anfield,
Liverpool
(Kapasitet: 53 394[1])
Styreleiar Tom Werner
Hovudtrenar Jürgen Klopp
Liga Premier League
2022/23 5
Heimedrakt
Bortedrakt

Historikk endre

Liverpool FC er det laget i England som har blitt ligameister nest flest gonger. Sidan Liverpool rykte opp i 1. divisjon i 1962 har laget aldri vore dårlegare enn nr 8 i den øvste serien.

TROFE ANTAL ÅR
Ligameister 19 1900/01, 1905/06, 1921/22, 1922/23, 1946/47, 1963/64, 1965/66, 1972/73, 1975/76, 1976/77, 1978/79, 1979/80,
1981/82, 1982/83, 1983/84, 1985/86, 1987/88, 1989/90, 2019/20
FA-cupen7 1965, 1974, 1986, 1989, 1992, 2001, 2006
Ligacupen8 1981, 1982, 1983, 1984, 1995, 2001, 2003, 2012
League Super Cup 1 1986
FA Charity Shield 15 1964 (delt), 1965 (delt), 1966, 1974, 1976, 1977 (delt), 1979, 1980, 1982, 1986 (delt), 1988, 1989, 1990, 2001, 2006
ScreenSport Super Cup 1 1985/1986
Meisterligaen/Serievinnarcupen 6 1976/77, 1977/78, 1980/81, 1983/84, 2004/05, 2018/19
UEFA-cupen 3 1972/73, 1975/76, 2000/01
UEFA Super Cup 4 1977, 2001, 2005, 2019
FIFA Club World Cup 1 2019
FA Youth-cup 2 1997, 2006
  • Vinnar av 2. divisjon: 1893/94, 1895/96, 1904/05 og 1961/62.
  • Vinnar av Lancashire League: 1892/93.
  • Finalist i FA-cupen: 1914, 1950, 1971, 1977, 1988 og 1996.
  • Finalist i ligacupen: 1978, 1987 og 2005.
  • Finalist i serievinnercupen: 1984/85.
  • Finalist i cupvinnercupen: 1965/66.
  • Finalist i Intercontinental Cup / FIFA Club World Cup: 1981, 1984 og 2005.
  • Finalist i FA Charity Shield / FA Community Shield: 1922, 1971, 1983, 1984, 1992, 2002, 2019 og 2020.
  • Finalist i FA Youth-cup: 1963 og 1972.

Kjende spelarar på Liverpool endre

Nokre av dei mest kjende spelarar på laget i dag: Jamie Carragher, Steven Gerrard, Fernando Torres og Xabi Alonso

Tidlegare har kjende spelarar som Ray Clemence,Jan Mølby, Bruce Grobbelar, Emlyn Hughes, Ian Callaghan, Tommy Smith, Roger Hunt, Phil Thompson, Phil Neal, John Barnes, Ian Rush, Kenny Dalglish, Kevin Keegan, Graeme Souness, Steve McManaman, Michael Owen, Jamie Redknapp, Fernando Morientes, Stig Inge Bjørnebye og Robbie Fowler, spela for laget.

Norske spelarar som har spelt/spelar for Liverpool: Stig Inge Bjørnebye, Frode Kippe, Øyvind Leonardsen, Bjørn Tore Kvarme, Vegard Heggem, John Arne Riise

Managarar endre

Manager Periode Manager Periode
W. E. Barclay (1892-1896) Joe Fagan (1983-1985)
Tom Watson (1896-1915) Kenny Dalglish (1985-1991)
David Ashworth (1920-1923) Graeme Souness (1991-1994)
Matt McQueen (1923-1928) Roy Evans (1994-1998)
George Patterson (1928-1936) Gérard Houllier (1998-2004)
George Kay (1936-1951) Rafael Benítez (2004-2010)[2]
Don Welsh (1951-1956) Roy Hodgson (2010-2011)
Phil Taylor (1956-1959) Kenny Dalglish (2011-2012)
Bill Shankly (1959-1974) Brendan Rodgers (2012-2015)
Bob Paisley (1974-1983) Jürgen Klopp (2015-)

Kjelder endre

  1. «Liverpool FC - Stadium - Anfield». Premier League. Henta 21. mars 2023. 
  2. Liverpool FC - Current and former staff. Transfermarkt. Vitja 20. november 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Liverpool FC