Livvisk

(Omdirigert frå Livvi)

Livvisk (òg kalla olonetsisk eller onega-karelsk) er eit finsk-ugrisk språk snakka av karelarar i den nordaustlege delen av russisk Karelen og i austre delar av Finland.

Livvisk
livvi
Klassifisering uralske språk
austersjøfinske språk
Bruk
Tala i Russland, Finland
Område Karelen
Livvisktalande i alt ca. 19 000 (2010)
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem (Kyrillisk), Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Den karelske republikken
Språkkodar
ISO 639-3 olo
Glottolog livv1243

Ethnologue oppgjev 14 000 talarar av livvisk i Russland i år 2000.[1] I tillegg er det ca. 5000 talarar i Finland/[2]

Livvisk vart snakka i dei gamle finske kommunane Salmi og Suojärvi. Innbyggjarane vart evakuerte til Finland etter den sovjetiske okkupasjonen etter Vinterkrigen og Fortsetjingskrigen, det er desse som i dag utgjer den livviskspråklege minoriteten i Finland.

Grammatikk

endre
 
Utbreiing av dei austlege austersjøfinske språka før 2. verdskrigen: Livvisk er nr. 2 på kartet

Morfologi

endre

Personlege pronomen

endre

Dei personlege pronomena i livvisk er følgjande:[3]

nominativ genetiv
1sg minä minun
2sg sinä sinun
3sg häi hänen
1pl myö meijän
2pl työ teijän
3pl hyö heijän

Tekst på livvisk

endre

Den vesle Bibelen på livvisk, finsk og norsk:

  • Jumal suvaičči muailmua muga äijäl, ga andoi aino Poijan, ku ni üksi häneh uskojis ei kaduos, a suas ilmanigäzen eloksen.
  • Jumala on rakastanut maailmaa niin paljon, että antoi ainoan Poikansa, jottei yksikään, joka häneen uskoo, joutuisi kadotukseen, vaan saisi iankaikkisen elämän.
  • For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Referansar

endre
  1. Ethnologue sin rapport om livvisk
  2. Rapport om livvi i Finland Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine. frå Forskingscentralen för de inhemska språken 1.8.2010.
  3. Pyöli 2012, s. 64.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre