Ljubljana
Ljubljana (tysk Laibach) er hovudstaden i Slovenia og den største byen i landet. Han har om lag 270 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av å ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.
Ljubljana | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Ljubljana Foto: Kjetil Ree
| |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Først nemnd i | 1144 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
275 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
267 920 974,3 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | 01 | ||
Bilnummer | LJ | ||
Nettstad: www.ljubljana.si |
Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva Ljubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elva Sava.
HistorieEndra
Rundt år 2000 f.Kr. vart Ljubljanamyrene busett av folk som heldt til i trebygg på pålar. Desse menneska levde av jakt, fiske og primitivt jordbruk. For å kome seg rundt i myrene nytta dei kanoar laga av uthola trestammer. Seinare ko mange forskjellige stammer og folk gjennom området.[1] Landet vart først kolonisert av venetarar, etterfølgd av dei illyriske japodarane. På 2000-talet kom så den keltiske stamma tauriskarar.[1]
Rundt år 50 f.Kr. bygde romarane ein militærleir som seinare vart den permanente busetnaden Iulia Aemona (Emona).[2] Denne festninga vart okkupert av Legio XV Apollinaris.[3] I 452 vart han øydelagd av hunarar etter ordre frå Attila,[2] og seinare av austgotarar og langobardar.[4] Emona hadde fem-seks tusen innbyggjarar og spelote ei viktige rolle i mange av desse slaga. Mursteinshusa i forskjellige fargar var alt knytt til eit felles dreneringssystem.[2] På 500-talet flytta stamfedrane til slovenarane til området. På 800-talet kom dei under frankisk dominans, medan dei stadig vart angripe av madjarane.[5]
Namnet på byen, Luwigana, dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1144.[4] På 1200-talet var byen delt inn i tre sonar: Stari trg («Gamleplassen»), Mestni trg («Byplassen») og Novi trg («Nyeplassen»).[5] I 1220 fekk Ljubljana bystatus og rettar til å prege sine eigne myntar.[5]
I 1270 vart Krain og Ljubljana erobra av kong Ottokar II av Böhmen.[5] Då han igjen vart slått av Rudolf av Habsburg,[4] tok sistnemnte byen i 1278.[5] Han fekk namnet Laibach og vart verande under huset Habsburg fram til 1797.[4] Det romersk-katolske bispedømet Ljubljana vart oppretta i 1461 og St. Nicholas-kyrkja vart ei domkyrkje.[5]
På 1400-talet vart Ljubljana kjend for kunsten som vart produsert her. Etter eit jordskjelv i 1511 vart byen bygd opp att i renessane stil og ein ny mur vart bygt rundt han.[6] På 1500-talet hadde byen rundt 5000 innbyggjarar, og 70% av dei hadde Slovensk som morsmål, medan resten hadde tysk.[6] I 1550 vart dei to første bøkene skrivne i Slovenia gjevne ut her. Det var ei katekisme og the first two books written in Slovene were published there: a catechism og ein abecedarium, etterfølgd av ei omsetjing av Bibelen. På denne tida hadde reformasjonen samla seg rundt byen. FLeire viktige lutherske forkynnarar levde og arbeidde rundt og i Ljubljana, som Primož Trubar, Adam Bohorič og Jurij Dalmatin. På denne tida vart den første vidaregåande skulen, offentlege biblioteket og trykkeriet opna i Ljubljana.[6] Ljubljana vart dermed det klart fremste senteret for slovensk kultur, ein posisjon byen har halde på sidan. I 1597 kom jesuittar til byen og oppretta ein ny vidaregåande skule, som seinare vart eit universitet. På slutten av 1600-talet dukka det opp barokk arkitektur då utanlandske arkitektar og skulptørar kom hit.[6]
Under napoleonskrigane vart Ljubljana frå 1809 til 1813 hovudstad i Dei illyriske provinsane.[4][7] I 1815 kom byen igjen inn under austerrikarane, og frå 1816 til 1849 var han ein del av Kongedømet Illyria. I 1831 var han vertskap for Laibachkongressen, der dei politiske landegrensene i Europa dei neste åra vart fastsett.[8] Det første toget kom til byen i 1849 frå Wien, og i 1857 vart toglinja strekt vidare til Trieste.[7] Ljubljana fekk elektrisk straum i 1898.[7] I 1895 vart Ljubljana, som då hadde 31 000 innbyggjarar, råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,1 på richterskalaen. 10 % av dei 1400 bygningane i byen vart øydelagde, men det gjekk få menneskeliv med i katastrofen. Under gjenoppbygginga som følgde vart mange av bydelane bygd opp i Art Nouveau-stil.[7]
I 1918, etter den første verdskrigen var over og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart regionen ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia).[4][9] I 1929 vart Ljubljana hovudstaden i Drava Banovina, ein provins i Kongedømet Jugoslavia.[10] I 1941, under den andre verdskrigen, okkuperte Italia byen, etterfølgd av Nazi-Tyskland i 1943.[9] I Ljubljan klarte okkupasjonsstyrkane å bygge sterke skansar og kommandosentralar for Quisling-organisasjonar før italienarane kom, den antikommunistiske frivillige militsen under Italia og Heimegarden under den tyske okkupasjonen. Byen vart omgjeve av 30 km lange piggtrådgjerder for å hindre samarbeid mellom motstandsrørsla (Frigjeringsfronten til det slovenske folket) i byen og jugoslaviske partisanar som opererte utanfor gjerda. Sidan 1985 har ein sti der gjerdet ein gong gjekk gått rundt heile byen.[11].
Etter den andre verdskrigen vart Ljubljana hovudstad i Sosialistrepublikken Slovenia, ein del av Jugoslavia, fram til 1991 då Slovenia fekk sjølvstende. Ljubljana vart verande hovudstad i Slovenia, som kom med i EU i 2004.[9]
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Ljubljana» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «The First Settlers of Ljubljana».
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «The Times of the Roman Emona».
- ↑ Hildegard Temporini og Wolfgang Haase, Aufstieg und Niedergang der römischen Welt. de Gruyter, 1988. ISBN 3-11-011893-9. Google Books, s.343
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Daniel Mallinus, La Yougoslavie, Éd. Artis-Historia, Brussels, 1988, D/1988/0832/27, s. 37-39.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Ljubljana in the Middle Ages».
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 «Reformation og Counter-reformation; Renaissance and Baroque».
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 «Ljubljana in the 18th and 19th Centuries».
- ↑ «Introducing Ljubljana».
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «The Turbulent 20th Century».
- ↑ «Dans la Yougoslavie des Karageorgévitch» (på fransk).
- ↑ «The Path of Remembrance and Comradeship» (PDF).