Lloyd's Register Group er eit maritimt klassifiseringsselskap og eit sjølvsendig selskap for tryggleikshandtering som utfører risikoanalyse, skadeavgrensing og klassifisering av administrasjonssystem.

Lloyd's Register

Org.formKlassifikasjonsselskap
BransjeKlassifikasjonsselskap, risikostyring, skipsbygging, forsikring, kjemisk industri, energibransje
Skipa1760
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
ProduktRegister of Shipping
Nettstadhttp://www.lr.org/
Bygningen Lloyd's Register i London.

Historisk var dette ein rein maritim organisasjon, kjend som Lloyd's Register of Shipping. Mot slutten av 1900-talet utvida dei verksemda til å omfatta område som olje og gass, prosessindustri, atomkraft og jarnbane. Gjennom det fulleigde dotterselskapet LRQA er dei òg ein leiande leverandør av sertifisering av administrasjonssystem etter ISO 9001, ISO14001 og OSHAS18001.

Opphav endre

I likskap med det kjelde forsikringsselskapet Lloyd's of London kan Lloyd's Register spora namnet attende til ein kjend kafé i London på 1700-talet. Denne vart flittig vitja av handelsmenn, sjøfolk, skipseigarar, forsikringsfolk (underwriters) og andre med funksjonar innan shipping. Eigaren, Edward Lloyd, hjelpte dei med å utveksla informasjon ved at han jamleg distribuerte eit nyhendebrev, eit enkelt, trykt papir, med oversyn over aktuelle nyhende innan shipping. Dette førte i 1760 til danninga av Register Society etter initiativ av kundane i kafeen.

Bortsedd frå namnelikskapen er det ikkje nokon forretningsmessig samband mellom Lloyd's Register og Lloyd's of London.

Registeret endre

 
Utdrag av registeret for britiske og utanlandske skip frå 1865-66

Register Society trykte det første skipsregisteret sitt i 1764 for på denne måten å gje assurandørar og handelsmenn eit oversyn over tilstanden til dei skipa dei forsikra eller leigde. Skipsskroget vart klassifisert etter ein bokstavskala med A som beste tilstand. Anna utstyr som mastar, rundholt og rigg samt anna utstyr vart gjeve eit siffer med 1 som beste klasse. Beste klassifisering vart dermed A1, kjent som A1 at Lloyd's, først brukt i utgåva frå 1775-76.

Sidan 1880 har registeret kome ut årleg med informasjon over alle havgåande, sjølvdrivne skip handelsskip på meir enn 100 bruttotonn. Dette vert utgjeve av Lloyd's Register – Fairplay.[1] Dette selskapet vart danna i juli 2001 ved samanslåing av Lloyd's Register's Maritime Information Publishing Group og Prima Publications Limited. Lloyds selde aksjane sine til IHS i 2009.

Eit fartøy vil verta verande registrert til det kondemnerast. Dette kan skje ved at det søkk, forliser, vert opphogd, vert redusert til ein holk utan fungerande maskineri eller skrapast på annan måte.

Klassifiseringsregler endre

 
Lastemerke på «Cutty Sark» med lastelinje og initialane LR

Lloyd's Register utfører kvalitetskontroll og sertifisering av skip, offshore konstruksjonar, landbaserte installasjonar så som kraftstasjonar og infrastruktur for jarnbane. Best kjend er dei likevel for klassifisering og sertifisering av skip. Dei inspiserer og godkjenner viktige komponentar og utstyr som livredningsutstyr, innretningar for reduksjon av forureining, brannvern, navigasjon, radiokommunikasjonsutstyr, dekksutrustning, kablar og anker.[2]

Lloyds regler for skip endre

Lloyds regler for klassifisering byggjer på prinsipp innan skipskonstruksjon og skipsmaskineri og legg grunnlaget for tryggleik og bruk av ei rekkje handels-, militære- og privateigde skip over heile verda. Lloyds regler dekker ei rekkje område som:

  • Material som vert brukt i oppbygningen på skipet.
  • Strukturell oppbygning.
  • Nytte og vedlikehald av hovud- og hjelpemaskineri.
  • Nytte og vedlikehald av naud- og kontrollsystem.

Eigne versjonar er utarbeidd for ulike skipstypar som handelsskip, militære fartøy, spesialfartøy og offshorekonstruksjonar.

Eit fartøy er «klassa» når det møter alle minimumskrav slik dei er formulerte i Lloyds regelverk. Ei slik klassifisering kan vera ein føresetnad for forsikring av fartøyet. Dersom det vert utført endringar eller vedlikehaldet ikkje vert følgt opp kan fartøyet mista klassifiseringa si. Endå kan det under visse vilkår gjevast dispensasjonar. Kvar og ei normal endring eller ombygging av dei strukturelle delane eller maskineriet til fartøyet må godkjennast før dei vert gjennomførte.

Alle skip vert inspisert regelmessig av representantar frå Lloyds. Ein viktig del av ein slik kontroll er sjekk av lastelinja til fartøyet, at dette ikkje på nokon måte er endra. Vidare kontrollar som avsjekk av luker, dører, tryggleikssystem og rekkverk. Blir fartøyet funne i orden vert det klassifisert for fart eit nytt år.

Kontor endre

Hovudkontoretet til Lloyd's Registers i London finn ein i 71 Fenchurch Street. Lloyd's Register har i tillegg ei rekkje kontor over heile verda, blant anna i Hongkong (Asia-kontoret) og Houston i Texas (Amerika).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre