Logopedi
Logopedi (av gresk logos, «språk» og pedes, «barn») er eit fag- og forskingsfelt som handlar om korleis menneske kan overvinne fysiske eller kognitive skadar eller defektar som gjer det vanskeleg å kommunisere og/eller svelgje. Det logopediske fagfeltet konsentrerer seg primært om stemmeapparatet, dei delane av hjernen som forstår menneskeleg kommunikasjon, og til ein viss grad respirasjonsapparatet og andre funksjonar som verkar inn på desse.
Ein logoped er ein person som praktiserer logopedi, og dermed behandlar eller forskar på kommunikasjons- og eller svelgjevanskar.
Logopedisk behandling involverer alle tiltak for utgreiing og behandling av slike vanskar, og rehabilitering etter tilstandar som gjev opphav til slike vanskar, med unntak av dei tiltaka som ligg til det medisinske eller psykologiske fagfeltet, dvs. medisinsk eller psykologisk utgreiing/diagnosering, medisinering, kirurgiske inngrep, og psykologisk terapi. Logopedisk behandling kan mellom anna involvere kartlegging av kor store dei fysiske og/eller kognitive vanskane er, fysisk og/eller kognitiv opptrening, og rekvisisjon av og opplæring i hjelpemiddel for alternativ og supplerande kommunikasjon.
Det logopediske fagfeltet
endreDet logopediske fagfeltet kan delast inn i fire område: stemmevanskar, taleflytvanskar, språkvanskar og afasi (kommunikasjonsvanskar som følgje av hjerneskade).[1] I tillegg til desse kategoriane blir gjerne følgjande tilleggsområde rekna inn under det logopediske fagfeltet:
- Lese- og skrivevanskar
- Svelgjevanskar (dysfagi)
- Rehabilitering etter laryngektomi
- Terapi etter leppe-kjeve-ganespalte-operasjon
- Stemmeterapi etter kjønnsskifteoperasjon
- Kommunikasjonstrening og hjelpemiddel for andre pasientgrupper med tilstandar som kan gje kommunikasjonsvanskar, som Parkinsons sjukdom, demens, Huntingtons sjukdom, multippel sklerose, amyotrofisk lateral sklerose, cerebral parese, personar med traumatisk hovudskade og så bortetter.
Logopedar gjev førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering og tilpassing av og opplæring i hjelpemiddel, avhengig av type vanske. Logopedi blir ofte utøvd på eller i tilknyting til skolar og barnehagar, t.d. ved språkvanskar og lese- og skrivevanskar, og kryssar då fagleg sett over mot pedagogikkfaget. I slike tilfelle vil logopeden ofte ha ein tilleggsfunksjon som rådgjevar og samarbeidspartnar for anna pedagogisk personale som lærarar eller førskolelærarar. I andre samanhengar kan logopedar inngå i grupper med anna helsepersonell, særleg i arbeidet med stemmevanskar, kommunikasjonsvanskar etter hjerneskade, eller i arbeid med leppe-kjeve-gane.
Det logopediske fagfeltet blir avgrensa av det medisinske fagfeltet på den eine sida, og av det psykologiske fagfeltet på den andre. Vanskar som krev logopedisk behandling vil ofte òg krevje medisinsk eller psykologisk behandling. Til dømes vil visse typar stemmevanskar (t.d. knutar på stemmebanda) ofte krevje kirurgiske inngrep. Hjerneslag krev medisinsk behandling, og stemmevanskar kan nokre gonger oppstå som følgje av traume eller andre psykologiske tilstandar. Utøving av logopedi på sjukehus, klinikkar, kompetansesentra, eller annan praksis vil dermed ofte krevje samarbeid med anna helsepersonale, som lækjar, spesialistlækjar, fysioterapeut eller psykolog.
Dei høgaste logopediske institusjonane i landet (såkalla 3.-linjetenester) er undelagt Statped: Bretvet kompetansesenter i Oslo, Statped vest i Bergen og Statped nord i Alta. Desse har som primæroppgåve å gje råd til behandlande logopedar. Både klientar og logopedar kan ved behov kontakte desse direkte og få råd og hjelp. Dei vil òg sjølv gjere behandling av spesielle pasientgrupper (t.d. laryngektomerte) eller klientar med særleg utfordrande tilstandar, forutan at dei utfører forsking og utvikling innan det logopediske fagfeltet, ofte i samarbeid med statlege forskingsinstitusjonar, til dømes universitet.[2]
Utdanning innan logopedi
endreLogopedi er ei studieretning innanfor mastergradsstudiumet i spesialpedagogikk som blir tilboden ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, og eit eige mastergradsstudium ved Psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen. Opptak ved Universitetet i Oslo føreset bachelorgrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, 1førskulelærarførskolelærar- eller allmennlærar. Opptak ved Universitetet i Bergen føreset bachelorgrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, helsefag, generell psykologi, eller lingvistikk og fonetikk.
Logopedar i utlandet
endreKva for funksjonar ein logoped er forventa å utføre, kva metodar som blir brukt og kva for krav til kvalifikasjonar som gjeld for logopedar, varierer frå land til land. Det gjer òg yrkestittelen. Orda logopedi eller nærskylde ord blir brukt i mange europeiske land, inkludert land med germanske eller latinske språk. Eit unntak er fransk, der det heiter orthophonie. I Storbritannia blir helst omgrepet Speech and Language Therapy brukt, medan ein i USA brukar Speech-Language Pathology.
Kjelder
endre- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endre- Utdanning.no sin yrkesbeskrivelse av logoped
- Statlig Spesialpedagogisk Støttesystem (Statped) Arkivert 2009-10-04 ved Wayback Machine.
- Bredtvet kompetansesenter Arkivert 2009-09-16 ved Wayback Machine.